Shkodër er ein by og ein kommune i regionen Shkodër i Albania. Byen ligg ved Shkodërsjøen langt nord i landet. Kommunen har òg ei kort kystlinje og ei kort grense mot regionen Lezhë i sør. I nordaust ligg regionen Kukës, og både i nord og i sørvest grensar kommunen til nabolandet Montenegro.
Kommunen vart oppretta gjennom ei admininistrasjonsreform i 2014, ved at den tidlegare bykommunen Shkodër vart slått saman med landkommunane Ana e Malit, Bërdicë, Dajç, Guri i Zi, Postribë, Pult, Rrethinat, Shalë, Shosh og Velipojë.[2] Dei tidlegare kommunane inngår no som kommunaleiningar i den nye storkommunen. Kommunen har hovudsete i Shkodër.
Ved folketeljinga i 2011 hadde den dåverande bykommunen 77 075 innbyggjarar, medan dei ellere kommunane som i dag utgjer storkommunen Shkodër, til saman hadde 135 612 innbyggjarar.[1]
Tidlegare administrativ inndeling
Fram til år 2000 var dei tidlegare by- og landkommunane ein del av distriktet Shkodër.[3] Den dåverande bykommunen omfatta berre sjølve byen Shkodër.[2]
Referansar