Songen omfattar dopmisbruk, vald, homoseksualitet og transvettisisme. Reed sa om teksten: «'Sister Ray' vart gjort som ein spøk - nei, ikkje som ein spøk, men han har åtte rollefigurar og denne karen vert drepen og ingen gjer noko. Han var bygd kring ei soge eg skreiv om dette miljøet kring total utskeiing og forfall. Eg tenkjer på 'Sister Ray' som ein transvestittisk heroin-dealer. Situasjonen er ei gruppe dragqueens som tek med seg nokre sjømenn heim, pumpar dei med heroin og set i gang med ein orgie når politiet dukkar opp.»[7][8]
Med ei lengd på 17 minuttar og 29 sekund er det den lengste songen på White Light/White Heat, og tar opp det meste av side to av plata. Han i tillegg den lengste songen i heile studiodiskografien til Velvet Underground.
Rockekritikaren Lester Bangs skreiv i 1970: «Tidleg Velvet hadde den gode fornufta til å innsjå at uansett kva du kunne, var musikk med ein enkel grunnstruktur den beste. Dermed utvikla 'Sister Ray' seg frå eit mest grunnleggende funk-riff til sytten minutt inn i sterke lydstrukturar av utruleg kompleksitet.»[9]
Innspeling
«Sister Ray» vart spelt inn i eitt opptak. Bandet vart samd om å akseptere alle feil som kunne oppstå under innspelinga, og det resulteterte i 17 minuttar med improvisert materiale. Songen vart spelt inn med Reed på solovokal og gitar, Morrison på gitar og Tucker på trommer, medan Cale speler eit orgel gjennom ein forvrengd gitarforsterkar. Morrison sa han var overraska over volumet til orgelet til Cale under innspelinga og at han byta gitar-pickup på Fender Stratocaster-gitaren sin frå bru-stillinga til hals-stillinga for å få «meir trøkk».[10] Det er òg ein song utan bassgitar fordi Cale, som vanlegvis spelte bass eller bratsj, spelte orgel på opptaket.
Reed kalla songen «Sister Ray» som ei liten hyllest til Ray Davies i det britiske bandet The Kinks.[11]
Jonathan Richman spelte ein del av «Sister Ray» på songen hans «Velvet Underground». Det har blitt hevda at Richman sin «Roadrunner» med forvrengd orgel (spelt av produsenten John Cale) og liknande akkordar, i stor grad er ei omarbeidd utgåve av «Sister Ray», sjølv om teksten handlar om noko heilt anna.[12][13]
Joy Division spelte ein forkorta versjon av songen på Moonlight Club i London den 2. april 1980.[14] Ei innspeling av albumet finst på albumet Still og vert rekna som ei mørkare utgåve av songen.[15]
New Order spelte ein sju minuttar lang versjon av songen på samleplata Like a Girl I Want You to Keep Coming frå 1989.