Skeltonbreen er ein stor isbre som flyt frå polarplatået og ut i Rossisen ved Skeltonfjorden på Hillary Coast, sør for Victoria Land i Antarktis.[1]
Oppdaging og namngjeving
Han vart kalla opp etter Skeltonfjorden av gruppa frå New Zealand under CTAE i 1956-58. Isbreen vart i 1957 vald som rute frå Rossisen til polarplatået av gruppa frå New Zealand til støtte for hovudekspedisjonen leia av Vivian Fuchs i forsøket på å verte dei første som kryssa kontinentet. Allisonbreen fell ned frå vestsida av Royal Society Range og ut i Skeltonbreen.[2]
Han vart òg ein del av 2400 km og fire månadar lange ruta under kryssinga av Victoria Land 1959-1960, der ekspedisjonen drog opp Skeltonbreen frå Rossisen for å gå djupt inn i Victoria Land for første gongen til den franske kryssinga av Adelie Land nær Dumont d'Urville-stasjonen på George V Coast, og så til Dei transantarktiske fjella i nærleiken av USARP Mountains.
Kjelder
Sjå òg