Sommar eller sumar er ei av de fire årstidene i tempererte og arktiske sonar på jorda, og viser til den varmaste og lysaste tida av året. Det er uklart kva ordet «sommar» eigentleg viser til, men det finst i ulike variantar på dei fleste germanske språk med assosiasjonar til vekst og grøde.
Definisjon
Sommaren er den delen av året då sola står høgast på himmelen, og den gjennomsnittlege dagtemperaturen er høgast. I meteorologisk samanheng er sommaren definert som månadene juni, juli og august. Den astronomiske sommaren er på den nordlege halvkula tida frå sola går inn i Krepsen sitt teikn (ca. 21. juni) til ho går inn i Vekta sitt teikn (ca. 23. september). På den sørlege halvkula varer den astronomiske sommaren frå ca. 20. desember til 22. mars.
I klimalæra vert sommaren definert som tida av året då den normale døgnmiddeltemperaturen er høgare enn 10 °C. Etter denne definisjonen varer sommaren i Oslo 129 døgn, i Tromsø 69 døgn, medan Vardø ikkje har noko sommar i det heile, sidan den varmaste månaden, som er juli, har ein normal middeltemperatur på 9,2 °C. Sommaren kjem slik sett først gjennomsnittleg til Flekkefjord, kring 10. mai og varer lengst rundt Oksøy ved Kristiansand, fram til 10. oktober.
Sidan det finst ein tregleik i oppvarminga av jordoverflata og atmosfæren vil dei høgaste temperaturane hovudsakleg kome etter sommarsolkverv. Vêret er ofte meir stabilt om sommaren enn om hausten og vinteren med færre lågtrykk og mindre vind. Nedbøren kjem gjerne i samband med ettermiddagsbyer heller enn frontpassasjar.
Assosiasjonar
For dei som arbeider med det som veks er sommaren gjerne den mest slitsame årstida. For andre er ho som regel prega av ferie og friluftsliv.
Jonsok og liknande midsommarfeiringar skjer om sommaren. Det blir òg arrangert mange festivalar og historiske spel folk kan reisa til.
Bakgrunnsstoff
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Sommar