Påverknaden av modernisme tidleg på 1900-talet fekk komponistar som Edgar Varese til å utforske bruken av støybaserte klangar i ein orkestersetting. I same perioden skapte den italienske futuristenLuigi Russolo eit «støyorkester» ved hjelp av instrument han kalla intonarumori. Seinare på 1900-talet vart omgrepet støymusikk nytta om verk som hovudsakleg bestod av støybasert lyd.
I meir generell bruk vert støy nytta om uønskt lyd eller signal. I denne samanhengen kan sjølv lydar som elles ville verte rekna som musikalske bli rekna som støy, om dei forstyrrar mottakinga av eit signal som mottakaren ønskjer.[1] Motverking og reduksjon av uønskt lyd, frå suselydar til knirkande basstrommepedalar, er viktige i mange musikalske samanhengar, men støy vert òg nytta kreativt på mange måtar, og på somme måtar innan nesten alle sjangrar.
Attali, Jacques. 1985. Noise: The Political Economy of Music, translated by Brian Massumi, foreword by Frederic Jameson, afterword by Susan McClary. Theory and History of Literature 16. Manchester: The Manchester University Press. ISBN 0-7190-1470-0 (cloth) ISBN 0-7190-1471-9 (pbk).