St. Iakinf av Roma er ein helgen i ortodoks kristendom. Han var fødd i Caesarea Cappadokiae i ein kristen familie, og fekk ei stilling under keisar Trajan i Roma.
Iølgje soga blei han overhøyd medan han bad til Jesus under ei romersk høgtid. Iakinf vart ført framfor keisaren, som gav han ordre om å ete det heideske offerkjøtet. Då Iakinf nekta blei han torturert og nekta mat og drikke før han hadde smakt på offermaten. På den 38. dagen kom ein av fangevoktarane med offermaten og såg englar nær martyren som kledde han i lyse klede og la ein krans på hovudet hans. Før han kunne torturerast meir døydde han, 20 år gammal.
Torturistane ville halde fram med domstolen mot helgenen, men fann han død i fangeholet. Iakinf døydde i Roma i 108. Leivningane hans vart tekne til Caesarea.
Minnefestdagar for St. Iakinf
Kjelde