Stephen James «Steve» Howe (fødd 8. april1947) er ein engelsk gitarist, kjend som medlem av progrockgruppaYes. Han har òg vore medlem av The Syndicats, Bodast, Tomorrow, Asia og GTR, samt at han har gjeve ut 19 soloalbum fram til 2010.[1]
Howe vart som ung inspirert av Les Paul og gruppa Tennessee Ernie Ford med gitaristane Speedy West og Jimmy Bryant. I tillegg var han òg interessert i klassisk gitar og jazz, og han har nemnt Barney Kessel[2] som ei inspirasjonskjelde. Han nemner òg Chet Atkins som ei stor kjelde til inspirasjon, og adopterte Atkins sitt prinsipp om at ein gitarist bør kunne spele kva for ein som helst stilart.[3]
Tidleg karriere
Han fekk den første gitaren sin i julegåve som 12-åring og byrja etterkvart å spele på lokale utestader.[4] Han kjøpte sin første el-gitar i 1961.[5]