Seint i 1966 var «Sunday Morning» den siste songen spelt inn for The Velvet Underground & Nico. Han vart tinga av Tom Wilson, som meinte albumet trengde ein song til med solovokal av Nico med potensiale om å bli ein suksessrik singel.
I november 1966 henta Wilson bandet til Mayfair Recording Studios på Manhattan. Songen vart skriven med røysta til Nico i tankane av Lou Reed og John Cale ein søndagsmorgon. Bandet hadde tidlegare spelt songen på scenen med Nico på vokal, men då det var tid for å spele inn songen, var det Lou Reed som song solovokal. Nico song i staden korvokal på songen.[2]
Med mål om å skape ein hit for albumet, har «Sunday Morning» ein langt meir frodig og profesjonell produksjon enn resten av songane på albumet. Ideen om å bruke mykje celesta kom frå John Cale, som fann instrumentet i studioet og valde å bruke det på songen. Han spelte òg bratsj og piano og Sterling Morrison, som normalt var andregitarist, spelte bass, trass i at han mislikte instrumentet.[3][4]
I følgje Reed vart temaet i songen føreslått av Andy Warhol. «Andy sa, 'Kvifor lagar du ikkje berre ein song om paranoia?' Eg tenkte det var glimrande så eg kom opp med 'Watch out, the world's behind you, there's always someone around you who will call... It's nothing at all' som eg kjenner er den ultimate paranoide saken å sei om at verda bryr seg nok til å sjå deg.»[5]
Mottaking
AllMusic-skribenten Mark Deming skreiv at songen er «draumande pop», den einaste songen av det slaget på albumet.[6]
↑Hoffman, Eric. «Examinations: An Examination of John Cale». Mental Contagion. Arkivert frå originalen 3. mars 2016. Henta 24. oktober 2014. «When I had to play bratsj, Sterling had to play bass, which he hated.» According to the website, the quote is from John Cale’s autobiography, What’s Welsh for Zen (NY: St. Martin’s Press (2000).