Share to: share facebook share twitter share wa share telegram print page

Sunshine Superman

Sunshine Superman
Singel av Donovan
frå albumet Sunshine Superman
B-side

«The Trip» (Donovan)

Utgjeve Juli 1966 (US)
Desember 1966 (UK)
Innspelt Abbey Road Studios: Januar 1966
Sjanger Psykedelisk folk
Lengd 3:15
Selskap Epic 5-10045 (US)
Pye 7N17241 (UK)
Tekstforfattar Donovan
Låtskrivar(ar) Donovan
Produsent Mickie Most
Donovan UK-kronologi 
«Remember the Alamo»
(4/1966, trekt tilbake)
Sunshine Superman «Mellow Yellow»
(2/1967)
Donovan USA-kronologi
«To Try for the Sun»
(2/1967)
Sunshine Superman «Hey Gyp (Dig the Slowness)»
(1967)


«Sunshine Superman» er ein song skriven og innspelt av den skotske visesongaren Donovan. Han vart gjeven ut på singel i USA på Epic Records (Epic 5-10045) i juli 1966, men på grunn av kontraktsstridar vart han ikkje gjeven ut i Storbritannia før i desember 1966, der han kom ut på Pye Records. Som B-side hadde singelen «The Trip» både i USA og Storbritannia. Han har vorte skildra som «ein av klassikarane på denne tida»[1] og som «ein vesentleg lys sommar-allsong».[2]

«Sunshine Superman» nådde toppen av Billboard Hot 100 i USA og vart tittelsporet på det tredje albumet til Donovan, Sunshine Superman. Ein annan miks av «The Trip» (utan munnspel) finst òg på albumet. Det var den første utgjevinga av det særs suksessrike treårige samarbeidet mellom Donovan og produsent Mickie Most og vert generelt rekna som ein av dei første døma på musikksjangeren som vart kjend som psykedelia.[3]

Songen vart skriven personleg for den framtidige kona til Donovan, Linda Lawrence.

Teksten i songen nemner ikkje berre Supermann, men òg ein annan teikneseriehelt, Green Lantern.

Medverkande

Salslister

Liste (1966-1967) Plassering
Australia (Go-Set Top 40)[4] 2
Belgia (Ultratop 50 Flandern)[5] 11
Kanadiske RPM Top Singles[6] 2
Frankrike (SNEP)[7] 9
Tyskland (Media Control AG)[8] 7
Irish Singles Chart[9] 4
Italia (FIMI)[10] 54
Nederland (Nederlandsk Topp 40)[11] 5
Nederland (Mega Single Top 100)[12] 2
UK (Official Charts Company)[13] 2
U.S. Billboard Hot 100[14] 1

Andre versjonar

Songen vart spelt av Lonnie SmithMove Your Hand i 1969.[15], The Sugarman 3 i 1998, Hüsker DüEverything Falls Apart i 1983. Dio spelte i 1987 på Dream Evil ein song kalla «Sunset Superman», som kanskje er ein referanse til «Sunshine Superman».

Kjelder

  1. Stephen Thomas Erlewine. "Donovan's Greatest Hits [Expanded Edition]", AllMusicGuide.com.
  2. Bush, John (2002). Bogdanov et al., eds. All music guide to rock, s.330. ISBN 0-87930-653-X. [1]
  3. http://www.allmusic.com/explore/style/british-psychedelia-d10980
  4. «Sunshine Superman in Australian Chart». Poparchives.com.au. Arkivert frå originalen 14. mai 2013. Henta 5. april 2018. 
  5. "Ultratop.be – Donovan – Sunshine Superman" (på nederlandsk). Ultratop 50. Ultratop & Hung Medien / hitparade.ch.
  6. «Sunshine Superman in Canadian Top Singles Chart». Library and Archives Canada. Henta 5. april 2018. 
  7. «Sunshine Superman in French Chart» (på fransk). Dominic DURAND / InfoDisc. 5. april 2018. Arkivert frå originalen 19. mai 2013. Henta 18. juli 2013.  You have to use the index at the top of the page and search «Donovan»
  8. "Donovan - Sunshine Superman". Charts.de. Media Control.
  9. «Sunshine Superman in Irish Chart». IRMA. Henta 5. april 2018.  Only one result when searching «Sunshine Superman»
  10. «Indice per Interprete: D». HitParadeItalia (it). Henta 5. april 2018. 
  11. "Nederlandse Top 40 – Donovan search results" (på nederlandsk) Nederlandsk Topp 40. Stichting Nederlandse Top 40.
  12. "Dutchcharts.nl – Donovan – Sunshine Superman" (på nederlandsk). Mega Single Top 100. Hung Medien / hitparade.ch.
  13. «1966 Top 40 Official UK Singles Archive - 31st December 1966». Official Charts Company. Henta 5. april 2018. 
  14. «Donovan awards on Allmusic». Allmusic. Rovi Corporation. Henta 5. april 2018. 
  15. http://itunes.apple.com/us/album/move-your-hand-live/id78046138

Bakgrunnsstoff

Kembali kehalaman sebelumnya