Texel er ein kommune og ei øy i Nederland i provinsen Noord-Holland. Ho er den største og mest folkesette av Dei vestfrisiske øyane i Vadehavet og den vestlegaste øya i øygruppa, som strekkjer seg austover til Danmark. Den neste øya i øygruppa er Vlieland, nord for Texel.
Namn
Namnet Texel (ˈtɛsəl ; texeldialekt Tessel) er frisisk, men på grunn av historiske lydendringar i nederlandsk der alle -x-lydar er blitt erstatta av -s-lydar (jamfør til dømes engelsk fox, frisisk fokse, tyskFuchs og nederlandsk vos) blir namnet typisk uttalt Tessel på nederlandsk.[1]
Øya Texel bestod opphavleg av to øyar, sjølve Texel i sør og Eierland i nordvest. Desse var kopla saman av sandbankar. På 1600-talet blei desse sandbankane gjort om til ein polder og dei to øyane blei til éi øy. I dag er Texel den største naturlege barrieren mellom Nordsjøen og Vadehavet.
Sanddynelandskapet på Texel er eit unikt habitat for dyreliv. Texel er kjend for dyrelivet sitt, særleg om vinteren då rovfuglar og gjæser held til her. Om lag ein tredjedel av Texel er ein del av eit naturreservat, Duinen van Texel nasjonalpark.
Klima
Texel har eit maritimt klima (Köppen-klassifiseringCfb). Vintrar minnar om dei på fastlandet, men somrane er kjøligare. Den relative nærleiken til fastlandet gjer likevel at Texel kan ha varme temperaturar, og ein har målt temperaturar over 30° C her i fem månader av året. Øya har relativt mykje nedbør som typisk fell nokså jamt og moderat gjennom det meste av året, men det har ein tørrare periode seint på våren og ein periode med meir regn om hausten.
På 1600-talet drog skip frå Amsterdam til koloniane både i Ostindia og Vestindia via Texel.[5]
Under den amerikanske sjølvstendekrigen blei Texel nytta som nødhamn av John Paul Jones etter slaget ved Flamborough Head utanfor kysten av Yorkshire i september 1779. Under slaget overvann og tok Jones det britiske skipet «Serapis», som han segla til Texel for å utføra sårt nødvendige reparasjonar. Denne hendinga gjorde tilhøva mellom Storbritannia og Nederlanda endå vanskelegare.
Under fyrste verdskrigen blei slaget av Texel utkjempa i 1914 mellom britiske marineskip og tyske torpedobåtar.
Under andre verdskrigen fann Texel-katastrofen stad utanfor Texel 31. august 1940, då fleire britiske marineskip gjekk på miner. Fleire hundre blei drepne, skadde eller tekne til fange. Mot slutten av krigen braut det georgiske opprøret på Texel ut då den georgiske legionen i den tyske hæren gjorde opprør mot tyskarane. Nederlandske motstandsfolk støtta dei. Krigshandlingane bleie frå 5. april til 20. mai 1945, og var eit av dei siste europeiske slaga i verdskrigen.
Næringsliv og transport
Turistindustrien utgjer ein viktig del av næringslivet på Texel. Rundt 70 % av aktiviteten på Texel er på noko vis knytt til turisme. Hotellet Grand Hotel Opduin
opna her i 1934. Populære turistaktivitetar er sykling, fotturar, symjing og riding.
Jordbruk og fiske er dei tradisjonelle næringsvegane på Texel. Ein dyrkar poteter, korn, sukkerroe og tulipanar, og held mjølkekyr og sau. Sauerasen texel har namn etter øya.
Fiske er ei anna tradisjonell inntektskjelde. Hamna i Oudeschild var sentrum for all sjøfart. I dag huser Oudeschild ein flåte på rundt tretti nordsjøkuttarar og nokre få mindre kotterar for rekefiske i Vadehavet. I tillegg har byen ein moderne marina. Ved byrjinga av 1900-talet blei også det nederlandske havinstituttet, Koninklijk Nederlands Instituut voor Onderzoek der Zee (NIOZ), etablert på øya.
Transport rundt på øya føregår typisk med sykkel, buss (Texelhopper) eller bil. Texel har eit velutvikla nettverk av sykkelruter. Ein kan koma til øya med ein kort ferjetur (Royal TESO) frå Den Helder, eller via lufta til Texel internasjonale lufthamn. Ferja Texelstroom bruker 80 % CNG (compressed natural gas).[6]
Kjende folk frå Texel
Willem Eduard Bok (1846–1904), nederlandsk-fødd boar-politikar, tenestemann og statsmann i Sør-Afrika