Toots Thielemans
Toots Thielemans Dutch Big Band Contest, 2006 Fødd 29. april 1922 Fødestad Brussel i Belgia Død 22. august 2016 Dødsstad Braine-l'Alleud Fødenamn Jean-Baptiste Frédéric Isidor, Baron Thielemans Alias Toots Thielemanns Opphav Belgia Aktiv 1949–2014 Sjanger jazz Instrument kromatisk munnspel , gitar , fiolin Plateselskap Riverside , Columbia Records , Polydor Records , Philips Records , ABC Records Verka som komponist , jazzgitarist , munnspelar , filmmusikkomponist , plytrar , stemmeskodespelar , musikar Prisar Paul Acket Award , octave d'honneur , NEA Jazz Masters , In Honorem - interprète , ridder av Ordre des Arts et des Lettres , æresdoktor ved Vrije Universiteit Brussel , Bronze Zinneke , kommandør av Leopoldsordenen , ridder av Leopold IIs orden , Commander of the Order of Rio Branco
Toots Thielemans (fødd 29. april 1922 som Jean-Baptiste Frédéric Isidor , daud 22. august 2016 ) var ein belgisk jazzmusikar kjend for å spele gitar og munnspel i tillegg til plystring . Thielemans er rekna som ein av dei beste munnspelspelarane på 1900-talet.[ 1] [ 2]
Han arbeidd som bandleiar og som sidemann, mellom anna mange prosjekt med Quincy Jones , og har skrive mykje filmmusikk. I 2009 vart han NEA Jazz Master , den høgaste æresprisen ein jazzmusikar kan få i USA.[ 3]
Han er kanskje mest kjend for å plystre melodien i reklamane for etterbarberingsvatnet Old Spice .
Han annonserte at han trekte seg tilbake frå musikkverda den 12. mars 2014, 91 år gammal. Han spelte likevel på scenen den 17. august 2014 på Jazz Middelheim-festivalen i Antwerpen, der han spelte Louis Armstrong sin «What a Wonderful World ».
Biografi
Thielemans starta karrieren sin som gitarist . I 1949 spelte han med Sidney Bechet , Charlie Parker , Miles Davis , Max Roach og andre i Paris.[ 4] I 1949 og 1950 spelte han med Benny Goodman på turné i Europa og var med på den første innspelinga si i Paris med tenorsaksofonisten Zoot Sims .[ 5] I 1951 hadde han blitt bandmedlem for Bobbejaan Schoepen (framleis som gitarist).[ 6] [ 7]
Han flytta til USA i 1952 der han var medlem i Charlie Parker's All-Stars og arbeidde med Miles Davis og Dinah Washington .[treng kjelde ] Frå 1952 til 1959 var han medlem av George Shearing Quintet, hovudsakleg på gitar, men òg på munnspel. Han spelte òg med Ella Fitzgerald , Jaco Pastorius , Stephane Grappelli , Édith Piaf , J.J. Johnson , Michael Franks , Peggy Lee , John Williams , Quincy Jones , Oscar Peterson , Bill Evans , Paul Simon , Billy Joel , The Happenings , Astrud Gilberto , Shirley Horn , Elis Regina , Joe Pass og andre.[ 2]
Ein jazzstandard av Toots Thielemans er «Bluesette», der han nyttar plystring og gitar i lag. Den første innspelinga med han er frå 1962, med tekst lagt til av Norman Gimbel . Songen vart ein stor hitt.
Han spelar munnspel i musikken til filmar som Midnight Cowboy , Cinderella Liberty , Jean de Florette , Sugarland Express , The Yakuza , Turkish Delight , The Getaway , French Kiss , Dunderklumpen i forskjellige fjernsynsprogram.
Diskografi
Toots Thielemans (venstre) og Joe Marsala (høgre), kring. 1947. Foto av William P. Gottlieb .
Toots på La Brasserie 1975
Store arbeid er:
The Sound (Columbia, 1955)
Time Out For Toots (Decca, 1958)
Man Bites Harmonica! (Riverside, 1958)
Soul (1959)
The Whistler and His Guitar (1964, ABC-Paramount )
Guitar And Strings . . . And Things (1967, Command )
Honeysuckle Rose Aquarela Do Brasil (1969, med Elis Regina , Fontana Records , Philips)
«Cinderella Liberty» 20th Century Fox 1973
Only Trust Your Heart (1988, Concord Records )
Footprints (1991, Universal )
The Brasil Project (1992, BMG )
The Brasil Project vol 2. (1993, BMG )
Compact Jazz (1993, Verve )
East Coast, West Coast (1994, Private Music )
Apple Dimple (1994, Denon )
Chez Toots (1998, Windham Hill )
The Live Takes, volume 1 (2000, Quetzal records)
Hard to Say Goodbye, the very best of Toots Thielemans (2000, Universal )
Toots Thielemans & Kenny Werner (2001, Universal )
One More for the Road (2006, Verve )
Yesterday og Today (2012, Disques Dreyfus )
Som sidemann
Lite utval.
Med Bill Evans
Med Dizzy Gillespie :
Med Urbie Green :
Med Oscar Peterson :
Med Billy Joel :
Kjelder
Bakgrunnsstoff