Share to: share facebook share twitter share wa share telegram print page

Tore O. Sandvik

Tore O. Sandvik

Foto: Jarle Vines
Fødd31. august 1969 (55 år)
Trondheim
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar
Utdanna vedNoregs teknisk-naturvitskaplege universitet
Alle verv

Tore Onshuus Sandvik (fødd 31. august 1969) er ein norsk politikar frå Arbeidarpartiet, oppvaksen på Kolstad i Trondheim. Frå 2. september 2024 til 31. desember 2024 er han konstituert som klima- og miljøminister i regjeringa Støre medan Andreas Bjelland Eriksen har foreldrepermisjon.[1]

Politisk karriere

Fylkesordførar

Han er tidlegare fylkesordførar i Trøndelag fylke, og var den siste fylkesordføraren i Sør-Trøndelag fylke. Han vart vald til fylkesordførar i 2003, og vart vald på nytt ved lokalvalet i 2007 etter at Arbeidarpartiet gjekk fram med 10,5 prosentpoeng til 41,3 prosent i fylkestingsvalet i Sør-Trøndelag.

Som fylkesordførar har Sandvik særleg vore oppteken av regional næringspolitikk, og har mellom anna vore med-initiativtakar til næringspolitisk regionalsamarbeid med Kina, og det bedriftsretta programmet «Innflagging Trøndelag». Han har også styrkt samarbeidet mellom styresmakter og NTNU, SINTEF og næringsliv i trøndelagsregionen.

Statssekretær

Sandvik har vore statssekretær to gongar: Nærings- og handelsdepartementet (2000–2001) og Nærings- og fiskeridepartementet (2023–2024).[1]

Andre verv

Sandvik har vore prosjektdirektør i IT-selskapet Extend AS. Før dette var han ungdomssekretær i LO i Sør-Trøndelag og visepresident i europeisk LO sin ungdomsorganisasjon, ETUC Youth.

Sandvik gav i 2004 ut boka Et nytt nei saman med partifellane Wegard Harsvik, Jo Stein Moen og Anne Marit Bjørnflaten.

Kjelder

  1. 1,0 1,1 «Klima- og miljøminister Tore Onshuus Sandvik (Ap)» (på norsk bokmål). Klima- og miljødepartementet. Henta 13. september 2024. 

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Tore O. Sandvik


Kembali kehalaman sebelumnya