Turn of the Cards er det femte studioalbumet av det engelske progressive rockebandet Renaissance, utgjeve i 1974. Det var det siste Renaissance-albumet med utdrag frå eksisterande klassiske stykke.[2]
I Storbritannia vart dette den første utgjevinga (BTM 1000) på selskapet til Miles Copeland, BTM Records (British Talent Managers). I 1977, etter å ha gjeve ut i alt ti album, inkludert to til av Renaissance (BTM 1006: Scheherazade and Other Stories og den doble, BTM 2001, Live at Carnegie Hall), gjekk selskapet konkurs.[3]
Plateomslaget syner ei hand med tarotkort føre Warwick Castle. Den første utgåva til BTM UK hadde eit anna omslag, med eit portrett av Annie Haslam i eit av korta. Seinare utgåver, og i USA, vart det nytta eit omslag der portretta til dei andre i bandet òg var med på korta.
«Things I Don't Understand» var den siste songen Jim McCarty, opphavleg medlem i bandet, skreiv for bandet. «Running Hard» siterer ein melodi først nytta på «Mr. Pine» frå albumet Illusion, i tillegg til stykket «Litanies» av den franske komponisten Jehan Alain. Musikken til «Cold Is Being» er henta heilt frå «Adagio i g-moll» (tilskriven Tomaso Albinoni, men i røynda komponert av Remo Giazotto) og vart i motsetnad til det som står i omslaget, ikkje komponert av Michael Dunford.[4] Jon Camp har sagt at «Mother Russia» var ein av songane han bidrog mykje til, utan å bli tilskriven for det.[5]
Innhald
Alle songar er skrivne av Michael Dunford and Betty Thatcher, utanom der andre er nemnde.
|
1. | «Running Hard» | Dunford, Thatcher, med intro frå «Litanies» av Jehan Alain. | 9:36 |
2. | «I Think of You» | | 3:08 |
3. | «Things I Don't Understand» | Dunford, Jim McCarty | 9:28 |
Medverkande
Renaissance
- Annie Haslam – solo- og korvokal
- Michael Dunford – akustisk gitar, korvokal
- Jon Camp (oppført som «John Camp») – bass, solovokal på spor 3, korvokal
- John Tout – klaverinstrument, korvokal
- Terence Sullivan – trommer, korvokal, perkusjon
Andre medverkande
- Jimmy Horowitz – orkesterarrangement
Produksjon
- Dick Plant - produsent, lydteknikar
- Richard Gottehrer - produsent
- Douglas Bogie, Mike Pela - assisterande lydteknikarar
- Jeffrey Lesser - nymiksing i Mediasound Studios i New York
- Hipgnosis - design
Kjelder
|
---|
- Annie Haslam
- David J. Keyes
- Rave Tesar
- Frank Pagano
- Jason Hart
- Ryche Chlanda
|
Studioalbum | |
---|
Konsertalbum | |
---|
Songar | |
---|
Tilknytte artiklar | |
---|