Det eldste oppskrivinga av namnet er forma «Vpdal» frå 1288, som peikar på kyrkjesoknet. I to diplom frå 1328 og 1330 finn ein forma «i Uppdale». Gardsnamnet «Opdal» finn ein fyrste gongen nemnt i 1519.[1]
Den munnlege uttalen av både sokne- og gardsnamnet skal ha vore «Uggdal» lenge. Ei eldre form «Uppdalr» skal ha vorte til «Ubbdal», som seinare skal ha skift seg til «Uggdal».[1]
Namnet Uggdalseidet stammar frå 1933, då «Opdalseidet» vart endra til «Uggdalseidet» for å vera i harmoni med den munnlege uttalen av soknenamnet. Forma «Opdalseidet» stammar frå 1902, laga etter soknenamnet, då det erstatta «Møklestadeidet», ei sak som vekte noko lokal kontrovers sidan den nye forma skal ha vore meir eller mindre ukjend på folkemålet. Fyrste gongen forma «Opdalseidet» dukkar opp skal vera i 1870-åra, og då om den lokale dampskipstoppestaden.[2]
Kjelder
↑ 1,01,1Ernst Berge Drange (1987). Tysnes Gards- og ættesoge2. s. 270.
↑Ernst Berge Drange (1987). Tysnes Gards- og ættesoge2. s. 247.