Umm el-Jimal (arabisk ام الجمال, «Kamelmora»), òg kalla Umm ej Jemāl, Umm al-Jimal eller Umm idj-Djimal, er ein landsby nord i Jordan kring 17 kilometer aust for Mafraq. Han er kjend for store ruinar av ein bysantinsk eller tidleg islamsk by, i tillegg til ein eldre romersk landsby (lokalt kalla al-Herri) sørvest for dei bysantinske ruinane.
Umm el-Jimal er ein stor landsby nord i Jordan, mindre enn 10 km frå den syriske grensa. Han ligg i Hauran, det nordlege ørkenområdet. Trass i at det er tørt her, er det gode forhold for jordbruk, som er hovudnæringa her. Ruinane av oldtidslandsbyen ligg midt i moderne Umm el-Jimal. Eit jordskjelv i 749 gjorde store øydeleggingar.