Verdsmeisterskapen i sjakk har blitt arrangert sidan 1886.
Til vanleg har verdsmeisterskapen i sjakk blitt arrangert som tvikampar mellom den sitjande verdsmeisteren og ein utfordrar, men tre gongar har dette blitt arrangert som sjakkturneringar med høvesvis 5 spelarar (1948) og 8 spelarar (2005 og 2007), og 4 gongar har dette blitt arrangert som ei rein cup-turnering med utslagskampar (FIDE-VM i sjakk 1999, 2000, 2002 og 2004).
VM 1886-1948
Fram til 1948 var det spelarane sjølve som stod for verdsmeisterskapen: Verdsmeisteren valde kven han ville spele mot, og spelarane forhandla om vilkåra.
VM 1948-1993
Etter 1948 var det verdssjakkforbundet (FIDE) som bestemte reglane for verdsmeisterskapen i sjakk. Spelarane hadde likevel stor innverknad på reglane.
Det vart frå 1948 oppretta eit system med soneturneringar, intersoneturneringar og kandidatturnering. Vinnaren av kandidatturneringa fekk spele VM-kamp mot regjerande verdsmeister. Ein slik VM-syklus gjekk over 3 år.
To verdsmeistrar 1993-2005
På 1990-talet braut verdsmeisteren Garri Kasparov med FIDE, og danna sin eigen organisasjon, der han arrangerte sine eigne VM-kampar.
Samtidig arrangerte FIDE sine VM-kampar, slik at ein i mange år hadde strid om kven som var verdsmeister.
I 2000 klarte Vladimir Kramnik å slå Kasparov i VM-kamp i London, med 2 sigrar og 13 remisar. Kramnik forsvarte VM-tittelelen i 2004 i Brissago i Sveits mot Peter Leko, Ungarn med eit uavgjort resultat 7-7.
Veselin Topalov frå Bulgaria vann Verdsmeisterskapen i sjakk som FIDE fekk arrangert i San Luis i Argentina hausten 2005.
Ein verdsmeister frå 2006
Det vart i fleire år forhandla om å få ein sameina verdsmeister, og dette lukkast endeleg i 2006. Presidenten i Verdssjakkforbundet FIDE fekk då til ein avtale om ein kamp om verdsmeisterskapen i sjakk mellom Kramnik og Topalov hausten 2006 i Elista i den autonome republikken Kalmykia, Russland.
Etter harde kampar og anklagar om juks, lukkast det til slutt for Kramnik å vinne kampen. Vladimir Kramnik var etter dette av alle rekna som verdsmeister i sjakk.
Verdsmeisterskapen 2007
I september 2007 vart det arrangert ny turnering om VM i Mexico City i Mexico med 8 deltakarar, mellom dei den regjerande verdsmeisteren Vladimir Kramnik. Viswanathan Anand frå India vann turneringa 9 poeng på 14 rundar, 4 sigrar og 10 remisar. Kramnik kom på delt andreplass med 8 poeng. Anand var dermed frå 29. september 2007 ny verdsmeister i sjakk.
Verdsmeisterskapen 2008
Anand forsvarte VM-tittelen i ein tvikamp mot Vladimir Kramnik i Bonn, Tyskland, 14-29. oktober 2008. Kampen skulle gå over maksimalt 12 parti, slik at 6,5 poeng ville vere nok til å vinne. Anand vann med svart både det tredje og det femte partiet, og deretter med kvit i det sjette partiet. Dei tre andre partia vart remis. Anand leia deretter med 4,5-1,5, og kampen var langt på veg avgjort. Dei tre neste partia vart remis, og Anand leia dermed 6-3, og trong berre ein remis til for å vinne kampen. Kramnik vann deretter det 10. partiet, og reduserte til 6-4. Men i det 11. partiet kom Kramnik dårleg ut av opninga, og tilbaud etter 24 trekk remis, noko Anand naturlegvis tok mot: Han vann dermed VM-kampen 6,5-4,5.
Verdsmeisterskapen 2013
I november 2013 møttest Viswanathan Anand og Magnus Carlsen i tittelkamp over 12 parti i Chennai i India. Carlsen vann 3 parti, mens sju ende remis. Etter 10 omgangar var stillinga derfor Anand 3,5 - Carlsen 6,5, og Carlsen vart utropt til verdsmeister.
Verdsmeistrar i sjakk
Referansar
Bakgrunnsstoff
|
---|
før FIDE | 1886, 1889, 1891, 1892 ( Steinitz) · 1894, 1897, 1907, 1908, 1910 (Jan-Feb), 1910 (Nov-Des) ( Lasker) · 1921 ( Capablanca) · 1927, 1929, 1934 ( Alekhine) · 1935 ( Euwe) · 1937 ( Alekhine) | |
---|
FIDE | |
---|
Delt tittel | |
---|
FIDE | |
---|