Walter Heinrich Munk (fødd 19. oktober 1917) er ein amerikansk oseanograf og geofysikar.
Han vart professor i geofysikk ved University of California i 1954. Saman med Harald Ulrik Sverdrup utarbeida han den første praktiske metoden for bølgjevarsling. Han har gjeve banebrytande bidrag til teorien om havstraumar og har i tillegg arbeidd med tidvatn, havbølgjer, jordrotasjonen og fleire andre emne.
Han vart utnemnd til æresdoktor ved Universitetet i Bergen i 1975.
Kjelder
«Walter Heinrich Munk» i Store norske leksikon, snl.no.