«Wild Thing» er ein song skriven av amerikanske Chip Taylor og gjort populær av det engelske rockebandet The Troggs. Han vart opphavleg spelt inn og gjeven ut av det amerikanske rockebandet The Wild Ones i 1965,[5] men denne selde ikkje så godt. Versjonen til The Troggs nådde toppen av Billboard Hot 100 og andreplassen på UK Singles Chart i 1966, og er rangert på 257. plassen på lista til Rolling Stone over dei 500 beste songane gjennom tidene.[6] Han er òg blitt spelt av mange andre musikarar.
The Wild Ones
The Wild Ones var husband på nattklubben Arthur i New York City. Sjølv om dei hadde gjeve ut eit album, hadde det ikkje seld så godt som bandet håpte, og produsenten deira Gerry Granahan tok kontakt med Chip Taylor for å be han skrive ein song dei kunne gje ut på singel. Granahan produserte innspelinga til The Wild Ones med Chuck Alden på vokal. Singelen kom ut i november 1965, men selde årleg.[7]
The Troggs-versjonen
På grunn av ein strid om distribusjonsavtalen for singelen, vart versjonen til The Troggs gjeven ut på to konkurrerande selskap: Atco Records og Fontana Records.[8] Fordi begge trykka var teken frå den same masterinnspelinga, kombinerte Billboard salet for begge utgåvene, og han vart den einaste singelen som nådde toppen av lista for to forskjellige selskap.[9]
På Atco-utgåva er låtskrivarane krediterte for feil song der «Wild Thing» er tilskriven Reg Presley (vokalisten i Troggs) og B-sida, «With a Girl Like You», til Chip Taylor. Dette er korrekt på Fontana, men B-sida inneheld ein annan song, «From Home», av Reg Presley.
Songen gjekk inn på Billboard Hot 100-lista den 25. juni 1966. To veker seinare (9. juli) klatra han frå 47. plassen til sjetteplassen. Songen låg så to veker på andreplassen, medan «Hanky Panky» av Tommy James and the Shondells låg på toppen. 30. juli 1966 nådde «Wild Thing» toppen av lista og vart liggande der i to veker. Songen låg i alt 11 veker inne på lista, åtte av dei på Topp 10. I Canada nådde singelen andreplassen på RPM-lista den 8. august 1966.
The Troggs spelte inn ein ny versjon av songen i 1993, og denne nådde 87. plassen på UK Singles Chart.
Salslister
Andre versjonar
«Wild Thing» er blitt spelt inn av fleire andre artistar:
- The Jimi Hendrix Experience spelte ein dramatisk versjon av songen på Monterey Pop Festival i 1967.[16] Framføringa vart fanga på film i dokumentarfilmen Monterey Pop frå 1967. Hendrix spelte inn songen live og gav han ut på samlealbumet The Ultimate Experience. Hendrix sette fyr på gitaren sin då songen var over.[17]
- I 1967 gav gruppa Senator Bobby ut ein versjon av «Wild Thing», sungen av komikaren Bill Minkin for å etterlikne senatoren Bobby Kennedy. Singelen nådde 20. plassen i USA.
- Den britiske gruppa Fancy spelte inn ein versjon av songen i 1974, som nådde 14. plassen på Billboard Hot 100.
- Det Los Angeles-baserte punkbandet X ein versjon av songen i 1984. Han vart seinare nytta i filmen Major League i 1989 og i oppfølgjaren Major League II i 1994.
- Den franske songaren Amanda Lear spelte inn «Wild Thing» i 1986 på albumet hennar Secret Passion og som singel i 1987.[18]
- Komikaren Sam Kinison spelte inn ein komisk versjon i 1988, og denne nådde 18. plassen på Album Rock Tracks-lista til Billboard. I musikkvideoen kan ein sjå fleire kjende rockemusikarar som Rodney Dangerfield, Steven Tyler og Joe Perry frå Aerosmith, Slash og Steven Adler frå Guns N' Roses, Billy Idol, C.C. DeVille frå Poison, Jon Bon Jovi og Richie Sambora frå Bon Jovi, Stephen Pearcy, Warren DeMartini og Robbin Crosby frå Ratt og Tommy Lee.
- Ein versjon av Cheap Trick vart nytta i filmen Encino Man i 1992 og kom ut på filmmusikkalbumet.
- Den australske rockeduoen Divinyls spelte inn songen i 1993 for filmmusikkalbumet Reckless Kelly. Han nådde 39. plassen på den australske singellista.[19]
Kjelder
|
---|
|
Studioalbum | |
---|
Konsertalbum | |
---|
Samlealbum | |
---|
Singlar og EP-ar | |
---|