Youngs modul, E-modul, elastisitetsmodul eller fjørkonstant er forholdet mellom spenning og relativt lengdeauke i ein lekam og seier noko om motstandsevnen eit materiale har mot elastisk deformasjon.
Jo høgare E-modulen er, jo stivare er materialet.
Det er viktig å presisere at elastisk deformasjon føreseier at eit materiale òg går tilbake til den opphavlege forma når ei belastning vert fjerna. Dette er i motsetnad til plastisk deformasjon der materialet ikkje går tilbake til den opphavlege forma si.
Målemetodar for å finne E-modulen til eit materiale
Den mest presise måten å måle E på er å måle lydfarten gjennom materialet, sidan farte av lydbølgjene vl, er avhhengig av E-modulen og tettleiken til materialet, ρ (rho):
Ein annan metode er å måle eigenfrekvensen til materialet (resonans) gjennom å måle svingingane av ein tynn stav av ønska materiale, opphengt i begge ender, med ein tung masse, M, påført p midten, slik massen til sjølve staven kan neglisjerast.
Når diameteren til staven er d, lengda er l og f er frekvens (Hertz) vil
Det er òg mogeleg å utsette masseblokka for ei kjend kraft og deretter måle tøyinga, men dette er ofte vanskeleg sidan E-modulen ofte er stor i forhold til den lengdeauken som oppstår, og vil dermed vere vanskeleg å måle visuelt. Det er òg andre effektar, som kryp eller siging og defleksjon, som kan påverke tøyinga og gjere målinga av E-modulen vanskeleg. Innanfor bergmekanikk er derimot denne måten å rekne ut E-modulen vanleg.
I ein slik einaksiell kompresjonstest reknar ein ut elastisitetsmodulen frå følgjande likning:
Bakgrunn for materialeigenskapar som E-modul
Det er to punkt som i størst grad påverkar E-modulen.
- Pakkestrukturen til atoma
- Interatomære band
- Primære band
- Sekundære band
Omtrentlege E-modular for nokre faste stoff
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «E-modul» frå Wikipedia på bokmål, den 23. februar 2012.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- Michael F Ashby, David R H Jones (1980). Engineering Materials 1; an introduction to their properties and applications 1 (2 utg.). Department of Engineering, University of Cambridge, UK: Butterworth Heineman. ISBN 0.7506.3081-7.