1888 (romartal MDCCCLXXXVIII) var eit skotår som byrja på ein sundag i den gregorianske kalenderen og eit skotår som byrja på ein fredag i den 12 dagar seinare julianske. I tysk samanheng er 1888 kjend som Trekeisaråret.
Hendingar
Utlandet
Noreg
Fødde
- Sjå òg Fødde i 1888.
- 20. januar: Tryggve Gran, norsk flygar og polarforskar
- 16. februar: Ferdinand Bie, norsk friidrettsutøvar
- 26. april: Anita Loos, USA-amerikansk forfattar
- 20. mai: Knut Hermundstad, norsk kulturforskar
- 11. juni: Mali Furunes, norsk skodespelar
- 13. juni: Fernando Pessoa, portugisisk forfattar
- 15. juni: Alex Brinchmann, norsk forfattar
- 23. juni: Arnt J. Mørland, norsk skipsreiar og politikar
- 23. juli: Raymond Chandler, USA-amerikansk forfattar
- 9. august: Torgeir Anderssen-Rysst, norsk embetsmann og politikar
- 23. august: Ivar Asbjørn Følling, norsk lækjar som oppdaga fenylketonuri
- 12. september: Maurice Chevalier, fransk songar
- 16. september: Frans Eemil Sillanpää, finsk forfattar
- 26. september: T.S. Eliot, amerikansk-engelsk forfattar
- 4. oktober: Oscar Mathisen, norsk skeiserennar
- 15. oktober: Harald Ulrik Sverdrup, norsk havforskar
- 8. november: David Monrad Johansen, norsk toneskapar
Døde
- Sjå òg Døde i 1888.