Sommar-OL 2012, Sommar-OL 2008, Tennis under Sommer-OL 2012 – Singel menn, tennis under Sommer-OL 2012 – Mixed double, Dunblane school massacre, 2005 Davis Cup, 2006 Davis Cup, 2007 Davis Cup, 2008 Davis Cup, 2009 Davis Cup, 2011 Davis Cup, 2013 Davis Cup, 2014 Davis Cup, 2015 Davis Cup, 2016 Davis Cup, Sommar-OL 2020, Tennis under Sommer-OL 2008 – Singel menn, Tennis under Sommer-OL 2008 – Dobbel menn, Tennis under Sommer-OL 2012 – Dobbel menn, Tennis under Sommer-OL 2016 – Singel menn, Tennis under Sommer-OL 2016 – Mixed double, Tennis under Sommer-OL 2016 – Dobbel menn, Tennis under Sommer-OL 2020 – Dobbel menn
Utmerkingar
offiser av Den britiske imperieordenen, BBC Young Sports Personality of the Year, BBC Sports Personality of the Year Award, Laureus World Sports Award for Breakthrough of the Year, Knight Bachelor, BBC Sports Personality of the Year Award, BBC Sports Personality of the Year Award
Andrew Murray (fødd 15. mai1987) er ein britisk tennisspelar frå Glasgow i Skottland. Han var rangert som den andre beste tennisspelaren i verda i 2009, og som nummer 4 i verda i 2011.[1]
Som 15-åring blei Murray spurt om han ville trena med Rangers Football Club på deira fotballakademi, men takka nei for å kunna satsa på tenniskarriera i staden.[10]
Karriere
Andy Murray kom inn på topp-10-lista til Association of Tennis Professionals for første gong den 16. april 2007.
Han har vore i semifinalen i fleire Grand Slam-turneringar, seinast i Australian Open 2012, der han tapte for Novak Đoković i fem sett.
Murray har spelt på det britiske Davis Cup-laget i åra 2005–2007. Han har spelt totalt tolv Davis Cup-kampar, og har vunne sju.
Då Andy Murray tok OL-gull i 2012 var det første gong ein mannleg britisk tennisspelar oppnådde dette sidan 1908. Då han kom fram til finalen i Wimbedon-turneringa i 2012 var det første gong på 74 år ein britisk mann hadde oppnådd dette.[11]
Murray er sambuar med Kim Sears, som ofte er til stades under kampane hans.
Helseproblem
Murray har delt kneskjell («delt kneskål»), ein tilstand der kneskåla ikkje veks saman til eitt bein i tidleg barndom, men blir verande i to delar.[12] Han fekk diagnosen som 16-åring og tok då ein pause frå tennisen i eit halvår. Murray tek seg ofte til kneet under kampar og har også måtta trekka seg frå turneringar av same grunn.[13] Likevel klarer han seg rimele godt takka vere ulike behandlingar.[14]