Sommar-OL 2008, dei 29. olympiske sommarleikane, vart halde i Beijing i Kina frå 8. august til 24. august2008. Nokre øvingar vart halde på arenaar i omkringliggande byar og Hong Kong. Beijing vart vald til vertsby 31. juli 2001 i konkurranse med Istanbul, Osaka, Paris og Toronto. OL i Beijing var tidenes dyraste og vart rekna til å skulle koste 210 milliardar kroner.[1]
Den norske troppen til Beijing var på 85 deltakarar. Dei hausta 9 medaljar; 3 gull, 5 sølv og eitt bronse. For meir om dette, sjå Noreg under sommar-OL 2008.