Share to: share facebook share twitter share wa share telegram print page

Bahrain

مملكة البحرين
Mamlakat al-Bahrayn

(norsk: Bahrain, bahrainsk)

Det bahrainske flagget Det bahrainske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonalsong «Bahrainona»
Motto Ingen
Geografisk plassering av Bahrain
Offisielle språk Arabisk
Hovudstad Manama
Styresett
Monarki
Hamad bin Isa Al Khalifa
Khalifa bin Salman Al Khalifa
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
760 km² (175.)
0 %
Folketal
 – Estimert (2017)
 – Tettleik
 
1 410 942 (152.)
1 856,5 /km² (4.)
Sjølvstende
frå Storbritannia
1971
Nasjonaldag 16. desember
BNP
 – Totalt (2015)
 – Per innbyggjar
 
64 900 mill. USD (96.)
55 400 USD (16.)
Valuta Bahrainsk dinar
Tidssone UTC +3
Telefonkode +974
Toppnivådomene .bh


Bahrain (arabisk البحرين, al-Baḥrayn), offisielt kongedømet Bahrain (arabisk مملكة البحرين, Mamlakat al-Baḥrayn) er ein liten øystat nær vestkysten av Persiabukta. Det er ei øygruppe med øya Bahrain, som er den største landmassen med ei lengd på 55 km og ei breidd på 18 km. Saudi-Arabia ligg i vest og er knytt til Bahrain via King Fahd Causeway, medan Iran ligg 200 km mot nord på andre sida av Persiabukta. Halvøya Qatar ligg i søraust, tvers over Bahrainbukta. Folketalet etter folketeljinga i 2010 var 1 234 571, medrekna 666 172 utlendingar.[1]

Dilmun-sivilisasjonen heldt til i Bahrain i oldtida.[2] Bahrain var eit av dei fyrste områda som konverterte til islam i 628 evt. Etter ein periode under arabisk styre, vart Bahrain okkupert av portugisarane i 1521, før dei vart drivne bort i 1602 av sjah Abbas I av Safavidedynastiet under Persia. I 1783 tok Bani Utbah-klanen Bahrain frå Nasr Al-Madhkur og har sidan vorte styrt av kongefamilien Al Khalifa, med Ahmed al Fateh som den fyrste hakimen i Bahrain. Seint på 1800-talet, etter fleire avtaler med britane, vart Bahrain eit proktektorat under Storbritannia. I 1971 vart Bahrain erklært sjølvstendig. Bahrain var opphavleg eit emirat, men vart i 2002 erklært eit kongedøme. Sidan tidleg i 2011 har landet opplevd stadige demonstrasjonar og uro inspirert av den arabiske våren, særleg blant den større sjia-folkesetnaden.[3]

Bahrain har den fyrste post-oljebaserte økonomien i Persiabukta.[4] Sidan slutten av 1900-talet har Bahrain investert i bankvesen og turisme.[5] Hovudstaden i landet, Manama, har fleire finansorganisasjonar. Bahrain har ei høg rangering på Human Development Index (47. i verda i 2016) og er rekna som ein høg-inntektsøkonomi av Verdsbanken.

Namnesoge

Eit kart frå 1745 av Bellin av den historiske regionen Bahrain

På arabisk er Bahrayn dobbelforma av bahr («sjø»), slik at al-Bahrayn tyder «dei to sjøane», sjølv om ein ikkje er sikker på kva to sjøar namnet opphavleg viste til.[6] Namnet dukkar opp fem gonger i Koranen, men referer ikkje til den moderne øya, som av arabarane opphavleg vart kalla Awal, men i staden til heile Aust-Arabia (hovudsakleg al-Katif og al-Hasa).[6]

I dag vert dei «to sjøane» til Bahrain hovudsakleg rekna som den austlege og vestlege sida av øya,[7] nord- og sørsida av øya,[8] eller salt- og ferskvatnet som finst over og under bakken.[9] I tillegg til brunnar, er det område av sjøen nord for Bahrain der ferskvatn piplar opp i midten av saltvatnet, noko som har vore kjent sidan antikken.[10] Ein alternativ teori er at opphavet til namnet Bahrain syner til regionen al-Ahsa, som indikerer at dei to sjøane var havet og ein fredleg innsjø på det arabiske fastlandet.

Fram til seint i mellomalderen vart «Bahrain» nytta om regionen Aust-Arabia som omfatta Sør-Irak, Kuwait, Al-Hasa, Qatif og Bahrain. Regionen strekte seg frå Basra i Irak til Hormuzsundet i Oman. Når «Bahrain» byrja berre å verte nytta om Awal-øygruppa er ukjent.[11] Heile kyststripa av Aust-Arabia vart kalla «Bahrain» i tusen år.[12]

Historie

Tidlegaste kjende historie

Kart som syner plasseringa til gamle gravhaugar. Det er estimert i alt 350 000 gravhaugar.
Persia i sassanide-tida på sitt største under regjeringstida til Khosrau II (590–628).

Dilmun-sivilisasjonen heldt til i Bahrain, og var eit viktig handelssenter i bronsealderen som knytte Mesopotamia til Indusdalen.[13] Bahrain vart seinare styrt av assyrarar og babylonarar.[14]

Frå 500- til 200-talet fvt. vart Bahrain underlagd Persia av Akamenide-dynastiet. Kring 250 fvt. fekk Partia kontroll over Persiabukta og strekte makta si så langt som til Oman. Partarane oppretta garnisonar langs sørkysten av Persiabukta for å kontrollere handelsrutene.[15]

I antikken vart Bahrain av dei gamle grekarane kalla Tylos, senteret for perlehandel, då den greske admiralen Nearkhos, som tente under Aleksander den store, oppdaga Bahrain.[16] Ein trur at Nearkhos var den fyrste av kommandantane til Aleksander som vitja øya, og han fann eit fraudig land som ein del av eit breitt handelsnettverk. Han skreiv: «På øya Tylos, i Persiabukta, er det store plantasjar med bomullstre, og frå desse vert det produsert klede kalla sindones, som varierer i kvalitet frå dyre til mindre dyre. Desse vert ikkje berre nytta i India, men over heile Arabia.»[17] Den greske historikaren Theofrastos skreiv at mykje av Bahrain var dekt av desse bomullstrea og at Bahrain var kjend for å eksportere stokkar med inngraverte emblem som var vanleg å gå med i Babylon.[18]

Aleksander hadde planar om å flytte greske kolonistar til Bahrain, og sjølv om det ikkje er klårt om dette skjedde i så stor grad som han hadde sett føre seg, var Bahrain i stor grad ein del av den greske verda. Språket til dei øvre klassane var gresk (sjølv om arameisk vart nytta i daglegtale), medan Zevs vart dyrka i form av den arabiske solguden Shams.[19] Bahrain var til og med vertskap for greske idrettskonkurransar.[20]

Den greske historikaren Strabon trudde at fønikarane opphavleg kom frå Bahrain.[21] Herodotos hadde same oppfatning.[22][23] Denne teorien vart godteken av den tyske historikaren Arnold Heeren på 1800-talet, som sa at: «I dei greske geografiverka kan ein til dømes lese om to øyar, kalla Tyrus eller Tylos, og Arad i Bahrain, som hevda å vere heimlandet til fønikarane, og har spor etter fønikiske tempel.»[24] Folket i Tyr har lenge hevda å stamme frå Persiabukta, og ein har merka seg likskapen mellom orda «Tylos» og «Tyr».[25] Ein har derimot ikkje funne spor etter busetnader i Bahrain på den tida då ei slik folkevandring visstnok skal ha funne stad.[26]

Ein trur at namnet Tylos er ei hellenisering av det semittiske namnet Tilmun (frå Dilmun).[27] Omgrepet Tylos vart ofte nytta om øyane fram til Klaudios Ptolemaios sitt Geografia då innbyggjarane vart kalla 'thilouanoi'.[28] Somme stadnamn i Bahrain går attende til Tylos-tida, til dømes forstaden Arad i Muharraq, som ein trur kjem frå «Arados», det gamle greske namnet på Muharraq.[16]

Før-islamsk tid

På 200-talet evt. marsjerte Ardashir I, den fyrste herskaren i Sassanide-dynastiet, mot Oman og Bahrain, der han slo Sanatruq, herskaren i Bahrain.[29] På den tida vart Bahrain kalla Mishmahig.[30]

Det vart dyrka ein hai-guddom på Bahrain kalla Awal. Tilbedarane bygde ein stor statue til Awal i Muharraq, men denne har sidan gått tapt. I mange hundreår etter Tylos, vart Bahrian kalla Awal. På 400-talet vart Bahrain eit senter for nestoriansk kristendom, med landsbyen Samahij[31] som sete for biskopane. I 410 vart, ifylgje kyrkjebøkene til den austsyriske kyrkja, ein biskop kalla Batai lyst i bann frå kyrkja i Bahrain.[28] Som ei sekt vart nesstorianarane ofte jaga som heidningar av Austromarriket, men Bahrain var for langt borte til at aust-romarane nådde dei, så dei var etter måten trygge. Namnet på fleire av landsbyane kring Muharraq syner spor av den kristne historia i Bahrain, og Al Dair tyder til dømes «klosteret».

Den førislamske folkesetnaden i Bahrain var arabiske kristne (hovudsakleg Abd al-Qays), persarar (parsistar), jødar[32] og arameisk-talande bønder.[33][34][35] Ifylgje Robert Bertram Serjeant, kan baharna vere arabiserte «etterkomarar av konvertittar frå dei opphavlege kristne (arameiske), jødiske og persiske innbyggjarane busette på øya og dyrka kystprovinsane i Aust-Arabia i tida under den muslimske invasjonen».[33][36] Dei fastbuande i det førislamske Bahrain var arameisk-talande og til ein viss grad persisk-talande, medan gammalsyrisk verka som liturgisk språk.[34]

Muhammed-tida

Faksimile av eit brev sendt av Muhammed til Munzir ibn-Sawa al-Tamimi, guvernøren i Bahrain i 628 evt.

Den fyrste samhandlinga til Muhammed med folket i Bahrain var Al Kudr-invasjonen. Muhammed gav ordre om eit overraskingsåtak mot Banu Salim-stamma fordi dei visstnok planla eit åtak mot Medina. Han hadde fått meldingar om at somme stammer samla saman ein hær for å marsjere frå Bahrain. Men stammemennene trekte seg attende då dei fekk vite at Muhammed leia ein armé for å møte dei.[37][38]

Ifylgje tradisjonelle islamske soger, skal Al-ʿAlāʾ Al-Haḍrami ha vorte sendt som eit sendebod under ekspedisjonen til Zaid ibn Haritha (Hisma)[39][40] til Bahrain-regionen av profeten Muhammed i 628 evt. og at Munzir ibn-Sawa al-Tamimi, den lokale herskaren, svarte med å konvertere heile området.[41]

Islamsk tid

I 899 tok qarmatarar, ei millenarisk-ismailsk muslimsk sekt Bahrain, og prøvde å skape eit utopisk samfunn basert på fornuft og byting av eigedom mellom initiativtakarane. Etter dette kravde qarmatarane skatt frå kalifen i Bagdad, og i 930 evt. plyndra dei Mekka og Medina, og tok med seg den heilage svarte steinen i Kaba attende til basen sin i Ahsa i Bahrain, for å få løysepengar. Ifylgje historikaren Al-Juwayni, vart steinen gjeven attende 22 år seinare i 951, under mystiske omstende. Innpakka i ein sekk, vart steinen kasta inn i Den store moskeen i Kufa i Irak, i lag med ei melding som sa «Me vart kommanderte til å ta han, og me vart kommanderte til å gje han attende.» Tjuveriet og fjerninga av den svarte steinen gjorde at han braut sundt i sju bitar.[42][43][44]

Etter å ha tapt for abbasidane i 976 evt.,[45] vart qarmatarane styrta av det arabiske Ujunide-dynastiet i al-Hasa, som tok over heile Bahrain-regionen i 1076.[46] Ujunidane kontrollerte Bahrain fram til 1235, då øygruppa ei kort stund vart okkupert av den persiske herskaren av Fars. I 1253 styrta dei beduinske usfuridane Ujunide-dynastiet, og fekk slik kontroll over det austlege Arabia, inkludert øyane i Bahrain. I 1330 vart øygruppa underordna herskarane i Hormuz,[11] men lokalt vart øyane kontrollerte av det sjiamuslimske Jarwanide-dynastiet i Qatif.[47] Midt på 1400-talet kom øygruppa under styret til jabridane, eit beduindynasti basert i Al-Ahsa som styrte det meste av det austlege Arabia.

Portugisisk kontroll

Arad fort i Arad; bygd før portugisarane tok over kontrollen.

I 1521 hærtok portugisarane, som var alliert med Hormuz, Bahrain frå jabride-herskaren Migrin ibn Zamil, som vart drepen under land-vininga. Portugisarane styrte området i kring 80 år, men var i denne tida i stor grad avhengig av sunnimuslimske persiske guvernørar.[11] Portugisarane vart drivne bort frå øyane i 1602 av Abbas I av Safavide-dynastiet i Persia,[48] som gav drivkraft til sjiaislam.[49] Dei neste to hundreåra fekk persiske herskarar kontroll over øygruppa, avbroten i 1717 og 1738 av invasjonane til ibadhidane i Oman.[50] I det meste av denne perioden, tydde dei til å styre Bahrain omveges, anten gjennom byen Bushehr eller gjennom immigrerande sunni-arabiske klanar. Desse klanane var stammer som kom attende til den arabiske sida av Persiabukta frå dei persiske områda i nord, som vart kalla Huwala (som tyder: dei som har endra seg eller flytta).[11][51][52] I 1753, invaderte Huwala-klanen i Nasr Al-Madhkur Bahrain på vegner av den iranske Zand-leiaren Karim Khan Zand og innførte beinveges iransk styre att.[52]

1782–1783 – uro i Bahrain

I 1783 tapte Nasr Al-Madhkur, herskaren i Bahrain og Bushire, øyane i Bahrain etter nederlaget sitt mot Bani Utbah-stamma i slaget ved Zubarah i 1782. Bahrain var ikkje nytt territorium for Bani Utbah, sidan dei hadde vore der sidan 1600-talet.[53] På denne tida byrja dei å kjøpe daddelpalmehagar i Bahrain. Eit dokument syner at 81 år før Al-Khalifa kom til Bahrain, hadde ein av sjeikane i Al Bin Ali-stamma (ei grein av Bani Utbah) kjøpt ein palmehage frå Mariam bint Ahmed Al Sindi på øya Sitra.[54]

Al Bin Ali var den dominerande gruppa som kontrollerte byen Zubarah på Qatarhalvøya,[55][56] opphavleg maktsenterert til Bani Utbah. Etter at Bani Utbah fekk kontroll over Bahrain, var Al Bin Ali i røynda sjølvstendig. Dei brukte eit flagg med fire raude og tre kvite striper, kalla Al-Sulami-flagget[57] i Bahrain, Qatar, Kuwait og den austlege provinsen av kongedømet Saudi-Arabia. Seinare flytte ulike arabiske familieklanar og stammer frå Qatar til Bahrain for å slå seg ned der, etter fallet til Nasr Al-Madhkur i Bushehr. Desse familiane var mellom andre Al Khalifa, Al-Ma'awdah, Al-Fadhil, Al-Mannai, Al-Noaimi, Al-Sulaiti, Al-Sadah, Al-Thawadi og andre familiar og stammer.[58]

Al Khalifa-familien flytte til Bahrain i 1797. Opphavleg budde dei i Umm Qasr der dei plyndra karavanar frå Basra og skip i Shatt al-Arab før tyrkarane dreiv dei bort til Kuwait, der dei vart verande til 1766.[59] Tidleg på 1800-talet vart Bahrain invadert av både omanarane og saudiarabarar. I 1802 vart han styrt av eit tolv år gamalt barn, då den omanske herskaren Sayyid Sultan sette inn sin eigen son, Salim, som guvernør i Arad fort.[60] I 1820 vart Al Khalifa-stamma godtekne av Storbritannia som herskarane («Al-Hakim» på arabisk) i Bahrain etter å ha skrive under ei avtale.[61] Ti år seinare vart dei tvinga til å betale ein årleg skatt til Egypt, trass i at dei søkte persisk og britisk vern.[62]

Bahrain hamn, kring 1870.

I 1860 brukte Al Khalifa-familien same taktikk då britane freista å ta over makta i Bahrain. Dei skreiv brev til persarane og osmanane, og Al Khalifa gjekk med på å setje Bahrain under osmansk vern i mars, sidan dei gav betre vilkår. Til slutt tok styret i Britisk India over makta i Bahrain då persarane nekta å verne området. Oberst Pelly skreiv under ei ny avtale med Al Khalifa, der Bahrain kom under britisk styre og vern.[62]

Etter den qatarsk-bahrainske krigen i 1868, signerte britiske representantar ei ny avtale med Al Khalifa. Denne spesifiserte at herskaren ikkje kunne seie frå seg nokre av territoria sine utanom til Storbritannia og kunne heller ikkje gå inn i avtaler med andre utanlandske regjeringar utan britisk samtykke.[63][64] Til attergjeld skulle britane love å verne Bahrain frå alle åtak til sjøs og gje dei støtte i tilfelle dei vart åtekne på land.[64] Endå viktigare var det at britane lova å støtte styret til Al Khalifa i Bahrain, og sikra den ustabile stillinga som herskarar i landet. Andre avtaler i 1880 og 1892 sikra protektoratstatusen til Bahrain under britane.[64]

Det vart uro blant innbyggjarane i Bahrain då britane offisielt oppretta total dominans over territoriet i 1892. Det fyrste og omfattande opprøret fann stad i mars 1895 mot sjeik Issa bin Ali, som då var herskar i Bahrain.[65] Sjeik Issa var den fyrste av Al Khalifa-familien som styrte utan persiske relasjonar. Sir Arnold Wilson, den britisk representanten i Persiabukta og forfattar av The Gulf of Persia, kom til Bahrain frå Flugat denne gongen.[65] Opprøret utvikla seg vidare og somme av demonstrantane vart drepne av britiske styrkar.[65]

I 1903 vitja den tyske eventyraren Hermann Burchardt Bahrain og tok mange fotografi av historiske stader, mellom anna den gamle Qaṣr es-Sheik. Desse bileta ligg i dag i Etnologisk museum i Berlin.[66]

Tidleg på 1900-talet

I 1911 kravde ei gruppe bahrainske kjøpmenn restriksjonar mot den britiske makta i landet. Leiarane for gruppa vart arresterte og sende i eksil til India. I 1923 innførte britane administrative reformer og bytte sjeik Issa bin Ali ut med sonen hans. Somme motstandarar i prestestanden og familiar som al Dossari flytte bort, eller vart sende i eksil, til Saudi-Arabia og Iran.[67] Tre år seinare sette britane de facto landet under styret til Charles Belgrave, som verka som rådgjevar for herskaren fram til 1957.[68][69] Belgrave innførte ei rekkje reformer, som å opprette den fyrste moderne skulen i landet i 1919, den fyrste jenteskulen i Persiabukta i 1928[70] og avskaffa slaveriet i 1937.[71] Samstundes utvikla perledykkarindustrien seg kjapt.

I 1927 kravde Rezā Shāh, som då var sjah i Iran, suverenitet over Bahrain i eit brev til Folkeforbundet, noko som fekk Belgrave til å setje i gang harde tiltak, mellom anna å oppfordre til konfliktar mellom sjia- og sunnimuslimar for å stogge opprøra og avgrense påverknaden til Iran.[72] Belgrave gjekk til og med endå lenger og kom med framlegg om å omdøype Persiabukta til «Arabiabukta», men dette framlegget vart avslege av den britiske regjeringa.[68] Interessa til Storbritannia i utviklinga til Bahrain kom av uro over ambisjonane til Saudi-Arabia og Iran i regionen.

Bahrain Petroleum Company (Bapco), eit dotterselskap av Standard Oil Company frå California (Socal),[73] oppdaga olje i 1931 og produksjonen kom i gang året etter. Dette førte til snøgg modernisering av Bahrain. Tilhøvet til Storbritannia vart tettare, noko ein kan sjå ved at britiske Royal Navy flytte heile kommandoen sin i Midtausten frå Bushehr i Iran til Bahrain i 1935.[74]

Tidleg i 1930-åra vart Bahrain lufthamn utvikla. Imperial Airways flaug dit, mellom anna med flyet Handley Page HP42. Seinare på tiåret vart Bahrain sjølufthamn oppretta, for flygebåtar og sjøfly.[75]

Bahrain deltok i den andre verdskrigendei allierte si side, og gjekk inn i krigen 10. september 1939. Den 19. oktober 1940, bomba fire italienske SM.82-bombefly Bahrain i tillegg til Dhahran-oljefelta til Saudi-Arabia,[76] med mål om råke dei alliertdrivne oljeraffineria.[77] Det vart minimalt med skade på båe stader, men tvinga dei allierte til å oppgradere forsvaret av Bahrain, noko som tøygde militærressurane til dei allierte.[77]

Etter den andre verdskrigen auka den anti-britisk stemninga gjennom den arabiske verda og førte til opprør i Bahrain. Opprøra fokuserte seg mot det jødiske samfunnet. I 1948, etter stadige kampar og plyndringar,[78] flydde dei fleste jødane i Bahrain frå heimane og eigedomane sine og drog til Bombay, før dei slo seg ned i Israel (Pardes Hanna-Karkur) og Storbritannia. I 2008 var det 37 jødar att i landet.[78] I 1950-åra kravde National Union Committee, danna av reformistar etter sekteriske kampar, eit folkevalt råd, og at Belgrave skulle fjernast. For å få dette til vart det skipa ei rekkje demonstrasjonar og generalstreikar. I 1965 braut ein månad langt opprør ut etter at hundrevis av arbeidarar i Bahrain Petroleum Company vart oppsagde.[79]

Sjølvstende

Manama souq i 1965.

15. august 1971,[80][81] sa Bahrain seg sjølvstendig og skreiv under ei ny venskapsavtale med Storbritannia. Bahrain kom inn i Dei sam-einte nasjonane og Den arabiske ligaen seinare på året.[82] Bahrain nytte godt av oljeboomen i 1970-åra, men den påfylgjande ned-gangen gjekk ut over økonomien. Landet hadde alt byrja å diversifisere økonomien sin og fekk føremon av den libanesiske borgarkrigen i 1970- og 1980-åra, då Bahrain tok over etter Beirut som finanssenter i Midtausten etter at banksektoren i Libanon vart driven ut av landet av krigen.[83]

Etter den islamske revolusjonen i Iran i 1979, freista bahrainske sjiamuslimar å gjennomføre eit statskupp i 1981 med hjelp av ein frontorganisasjon, Islamsk front for frigjeringa av Bahrain, men det mislukkast. Hadde kuppet lukkast hadde ein sett inn ein sjia-geistleg som var i eksil i Iran, Hujjatu l-Islām Hādī al-Mudarrisī, som øvste leiar i ei teokratisk regjering.[84] I desember 1994 kasta ei gruppe ungdomar steinar mot kvinnelege løparar i ein internasjonal maraton, fordi dei sprang med nakne lår. Konflikten som så oppstod med politiet voks til indre uro i landet.[85][86]

Eit folkeopprør pågjekk mellom 1994 og 2000, der venstrefolk, liberale og islamistar gjekk saman.[87] Opprøra førte til at kring førti personar miste livet og enda etter Hamad ibn Isa Al Khalifa vart emir i Bahrain i 1999.[88] Han sette i gang parlamentsval, gav kvinner stemmerett og sleppte fri alle politiske fangar.[89] Ei folkerøysting 14–15. februar 2001 gav massiv støtte til Nasjonal handlingsplan.[90] Då planen sett i verk 14. februar 2002 endra Bahrain formelt namn frå Staten (dawla) Bahrain til Kongedømet Bahrain.

Demonstrantar ved Pearl-rundkøyringa for fyrste gongen 15. februar 2011.

Landet deltok i militærhandlingane mot Taliban i oktober 2001 ved å sende ut ein fregatt i Arabiahavet for rednings- og humanitære operasjonar.[91] På grunn av dette erklærte den amerikanske presidenten George W. Bush Bahrain som ein «viktig NATO-alliert».[91] Bahrain var imot invasjonen av Irak og tilbaud Saddam Hussein asyl i dagane før invasjonen.[91] Tilhøvet til nabolandet Qatar betra seg etter ein grensestrid om Hawarøyane vart løyst i Den internasjonale domstolen i Haag i 2001. Etter den politiske frigjeringa av landet har Bahrain tinga fram ein frihandelsavtale med USA i 2004.[92]

Bahrainske opprør

Den sjiamuslimske majoriteten i Bahrain var inspirert av den arabiske våren og sette i gang store demonstrasjonar mot dei sunnimuslimske leiarane tidleg i 2011 Bahrain's Shia majority .[93][94]:162–3 Regjeringa tillét i starten demonstrasjonane etter eit tidleg raid mot demonstrantar som slo leir ved Pearl-rundkøyringa.[94]:73–4, 88 Ein månad seinare bad dei om tryggingsstøtte frå Saudi-Arabia og andre land i Golfrådet og kunngjorde ein tre månader lang statleg unnatakstilstand.[94]:132–9 Regjeringa sette så i gang ei rekkje handlingar mot opposisjonen, mellom anna tusenvis av arrestasjonar og systematisk tortur.[95][96][97][98][99] Nesten daglege trefningar mellom demonstrantar og tryggingsstyrkane førte til at mange vart drepne.[100] Det vert framleis utført demonstrasjonar, stundom sett i gang av opposisjonspartia.[101][102][103][104][105] Meir enn 80 sivile og 13 politimenn vart drepne fram til mars 2014.[106]

Geografi

For meir om dette emnet, sjå bahrainsk geografi.
Kart over Bahrain i 2014
Ei strand i Muharraq.

Bahrain er ei generell flat og turr øygruppe i Persiabukta, aust for Saudi-Arabia. Øyane har låge ørkensletter som stig slakt opp til ein låg, sentral skrent, der det høgaste punktet er Jabal ad Dukhan (Røykfjellet) på 134 meter over havet.[107][108] Bahrain har tradisjonelt hatt eit samla areal på 665 km², men på grunn av landvinning, har arealet auka til 765 km², som er litt større enn Hamburg eller Isle of Man.[108]

Øygruppa vert ofte sagt å ha 33 øyar,[109] men omfattande landvinning har endra dette. I august 2008 hadde talet på øyar og mindre øygrupper auka til 84.[110] Bahrain deler ikkje landegrense med andre land, men har ei 161 km lang kystline. Landet har òg gjort krav på 22 km territorialfarvatn og ein 44 km stor tilstøytande sone. Den største øya i Bahrain er øya Bahrain, Hawarøyane, Muharraq, Umm an Nasan og Sitrah. Naturressursane i landet omfattar store mengder olje- og naturgass, i tillegg til fisk i farvatnet kring øyane. Den dyrkbare marka utgjer berre 2,82 %[111] av den samla flatevidda.

92 % av Bahrain er ørken med periodevis tørke og sandstormar som dei viktigaste naturfarane i landet.[112] Av miljøfarar finn ein ørkenspreiing på grunn av forvitring av avgrensa jordbruk, kystforvitring (øydelegging av kystliner, korallrev og sjøvegetasjon) på grunn av oljeutslepp og andre utslepp frå store tankskip, oljeraffineri, fordelingsstasjonar og ulovleg landvinning på stader som Tublibukta. Jordbruks- og innanrikssektorane driv overforbruk av Dammamvatnet, den viktigaste, underjordiske vasskjelda til Bahrain, og dette har ført til forsalting frå tilstøytande brakkvtn og saltvatn.[113]

Klima

Bahrain har svært høg luftråme året rundt, sett bort frå når varm og turr luft blæs frå landområda kring. Zagrosfjella på andre sida av Persiabukta i Iran skapar ein lågtliggjande vind som er rett rett mot Bahrain. Sandstormar frå Irak og Saudi-Arabia vert førte inn i Bahrain av nordvestlege vindar, heimleg kalla shamalvinden, og dette kan føre til redusert sikt i juni og juli.[114]

Det kjem likevel lite nedbør, berre litt under 100 mm på eit normalt år. Det vesle som kjem fell som regel mellom november og mars. Landet har likevel store grunnvassreservoar.

Sumrane er særs varme. Havområdet kring Bahrain er særs grunt, og vert raskt varma opp om sumaren og skapar høg råme, særleg om natta. Høge temperaturar frå april til oktober fører til svært trykkjande varme som kan kjennast fæl. Vintertemperaturane er meir til å halde ut, men av og til kan ein kjølig nordleg vind frå Iran føre til lågare temperaturar. Middeltemperaturen er 17 °C i januar, 34 °C i august. August og september er dei varmaste månadene og temperaturen kan då stige til over 40 °C. Om sumaren kan temperaturen nå 50 °C under dei rette tilhøva.[115]

Vêrdata for Manama
Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Gjennomsnittleg maks °C 20 21,2 24,7 29,2 34,1 36,4 37,9 38 36,5 33,1 27,8 22,3 30,1
Gjennomsnittleg min °C 14,1 14,9 17,8 21,5 26 28,8 30,4 30,5 28,6 25,5 21,2 16,2 23
Gjennomsnittleg nedbør mm 14,6 16 13,9 10 1,1 0 0 0 0 0,5 3,8 10,9 70,8
Gns. dagar med regn 2 1,9 1,9 1,4 0,2 0 0 0 0 0,1 0,7 1,7 9,9
Kjelde: World Meteorological Organisation (UN) [116]

Natur

Storflamingoar (Phoenicopterus roseus) lever naturleg i Bahrain.

Det er blitt registrert meir enn 330 fuglearter i Bahrain, 26 arter som hekkar i landet. Millionar av trekkfuglar flyg gjennom Persiabukta om vinteren og hausten.[117] Ei globalt utryddingstruga art, Chlamydotis undulata, er å sjå på hausten.[117] Dei mange øyane og grunne farvatna kring Bahrain er viktige hekkeområde for Phalacrocorax nigrogularis, og det er registrert opp til 100 000 fuglepar på Hawarøyane.[117]

Berre 18 pattedyrarter er registrerte i Bahrain, og dyr som gasellar, ørkenkanin og piggsvin er vanlege, men arabisk oryx er vorten utrydda frå øyane på grunn av jakt.[117] Det er registrert 25 arter amfibium og reptil, i tillegg til 21 arter med sumarfuglar og 307 plantearter.[117] Det marine plante- og dyrelivet er mangfelt og omfattar store område med sjøgrasbotn og gjørmete strender og nokre korallrev. Sjøgrasbotnen er viktige furasjeringsområde for somme utryddingstruga arter som sjøkyr og suppeskjelpadde.[118] I 2003 forbaud Bahrain jakt på sjøkyr, havskjelpadder og delfinar innanfor territorialfarvatnet sitt.[117]

Hawarøyane verneområde er eit viktig fôr- og hekkeområde for mange trekkfuglar, og er ein internasjonalt hylla stad for fugletrekk. Hekkekoloniane av sokotraskarv på Hawarøyane er dei største i verda, og sjøkyr et kring øyane. Dette er den nest største gruppa sjøkyr i verda etter Australia.[118]

Bahrain har fem verneommråde, fire av dei marine.[117] Desse er:

Politikk

Sjeik Hamad bin Isa Al Khalifa, kongen av Bahrain.

Bahrain hevdar under Al-Khalifa-regimet å vere eit konstitusjonelt monarki leia av ein konge, sjeik Hamad bin Isa Al Khalifa, men på grunn av diktatorisk undertrykking, mangel på parlamentarisk makt og mangel på sjølvstendig rettsvesen, er dei fleste observatørar samde om at Bahrain er eit absolutt monarki. Kong Hamad har stor utøvande makt som omfattar å utpeike statsministeren og ministrane, kommandere hæren, leie høgsteretten, utpeike øvre helvta av parlamentet og oppløyse den valde nedre helvta.[94](p15) Statsleiaren er den utvalde statsministeren, sjeik Khalīfa bin Salman Al Khalifa, onkelen til den noverande kongen, som har hatt denne stillinga sidan 1971. Det gjer han til den lengstsitjande statsministeren i verda.[119] I 2010 var kring halvparten av regjeringa personar frå Al Khalifa-familien.[120]

Bahrain har eit to-kamra Nasjonalforsamling (al-Jam'iyyah al-Watani) som er samansett av Shura-rådet (Majlis Al-Shura) med 40 seter og Representantrådet (Majlis Al-Nuwab) med 40 seter. Dei 40 medlemene i Shuraen vert utpeikte av kongen. I Representantrådet vert dei 40 medlemene valde ved absolutt fleirtal medlem for medlem for ein periode på fire år.[121] Det utpeikte rådet «utøver de facto veto» over dei valde, sidan lovforslag må godkjennast av dei før det vert ei lov. Etter godkjenninga kan kongen ratifisere og utstede lova, eller sende ho attende i løpet av seks månader til Nasjonalrådet, der ho berre kan verte vedteken ved to tredels fleirtal.[94](p15)

I 1973 heldt landet det fyrste parlamentsvalet sitt, men to år seinare oppløyste den avdøde emiren parlamentet og stogga grunnlova, etter at parlamentet hadde avvist ei statleg tryggleikslov.[79] I perioden mellom 2002 og 2010 var det tre parlamentsval. Det fyrste, i 2002, vart boikotta av opposisjonen, Al Wefaq, som vann eit fleirtal i det andre valet i 2006 og det tredje i 2010.[122] Suppleringsvalet i 2011 skulle skifte ut 18 medlemer av Al Wefaq som sa opp i protest mot strenge restriksjonar frå regjeringa.[123][124]

Då politikken vart friare gjorde både sjia- og sunni-islamistar store framsteg i vala, noko som gav dei ei parlamentarisk plattform for politikken sin.[125] Det gav nye framspring for dei geistlege i det politiske systemet, og den øvste religiøse leiaren til sjiamuslimane, sjeik Isa Qassim, spelte ei viktig rolle. Dette kom særleg til syne i 2005 då regjeringa avlyste sjia-greina av «Familielova» etter over 100 000 sjiamuslimar tok til gatene. Islamistar var imot lova fordi «korkje valde parlamentsmedlemer eller regjeringa har makt til å endre lova fordi desse institusjonane kan mistolke Guds ord». Lova vart støtta av kvinnelege aktivistar som sa dei «leid i det stille». Dei klarte å organisere eit demonstrasjonstog med 500 medlemer.[126][127][128] Ghada Jamsheer, ein leiande kvinneleg aktivist[129] sa regjeringa brukte lova som «eit forhandlingsverktøy med islamske grupper i opposisjonen».[130]

Menneskerettar

Bahrainske demonstrantar skotne av tryggingsstyrkar, februar 2011.

Perioden mellom 1975 og 1999 vert kalla tryggleikslov-tida, der det var ei rekkje brot på menneskerettane, som tilfeldige arrestasjonar, fengsling utan rettssaker, tortur og tvinga eksil.[131][132] Etter at emiren Hamad Al Khalifa (no konge) tok over etter faren Isa Al Khalifa i 1999, innførte han mange reformer og menneskerettane betra seg kraftig.[133] Dette vart av Amnesty International skildra som «ei historisk tid for menneskerettar».[89]

Tilhøva for menneskerettane vart verre att i 2007, då Bahrain byrja å nytte tortur igjen.[134] I 2011 skildra Human Rights Watch menneskerettstilhøva i landet som «triste».[135] På grunn av dette miste Bahrain fleire høge plasseringar landet hadde hatt på internasjonale rangeringar.[136][137][138][139][140]

I 2011 vart Bahrain kritisert for dei strenge reaksjonane mot opprøra under den arabiske våren. I september stadfeste eit statleg råd rapportar om alvorlege brot på menneskerettane, inkludert systematisk tortur. Staten lova å innføre reformer for å unngå å gjenta desse «smertefulle hendingane».[141] Men rapportar frå menneskerettsorganisasjonane Amnesty International og Human Rights Watch i april 2012 sa at dei same brota framleis pågjekk.[142][143]

Bahrainske demonstrantar mot den regjerande Al Khalifa-familien.

Dokumentarfilmen Bahrain: Shouting in the Dark, laga av den qatarske kanalen Al Jazeera, snakkar om dei bahrainske demonstrasjonane i 2011. Denne TV-filmen syner alle brota som er vortne utførte mot bahrainske borgarar under opprøret. Dette skapte somme problem mellom den bahrainske og qatarske regjeringa.[144][145] Tilhøvet mellom Bahrain og Qatar betra seg etter eit møte med Golfrådet i november 2014, der det vart annonsert at bahrainske diplomatar skulle vende attende til Qatar.[146]

Kvinnerettar

Dei politiske rettane til kvinner i Bahrain vart betra då kvinner fekk stemmerett og kunne veljast i nasjonalrådet for fyrste gongen i 2002.[147] Så langt er det ingen kvinner som er valde in. I staden har sjia- og sunni-islamistar dominert vala, og i lag vunne majoriteten av setene.[148] Som svar til at det ikkje vart valt inn kvinnelege kandidatar, vart seks utpeikte til Sjura-rådet, som òg inneheld representantar frå dei jødiske og kristne samfunna i landet.[149] Dr. Nada Haffadh vart den fyrste kvinnelege statsråden i landet, då ho vart vald til helseminister i 2004. Den delvis statlege kvinnegruppa, Øvsterådet for kvinner, lærte kvinnelege kandidatar til å ta del i valet i 2006. Då Bahrain vart vald til å leie Generalforsamlinga til SN i 2006 utpeikte dei advokaten og kvinnerettsaktivisten Haya bint Rashid Al Khalifa som leiar for Generalforsamlinga, den fyrste kvinna i historia som leia dette organet.[150] Kvinneaktisten Ghada Jamsheer sa at «Regjeringa nytta kvinnerettar som eit dekorativt verktøy på internasjonalt nivå.» Ho kalla reformene «kunstige og marginale» og skulda regjeringa for å «hindre ikkje-statlege kvinnelege samfunn».[130]

I 2006 vart Lateefa Al Gaood vart det fyrste kvinnelege parlamentsmedlemet som vart valt inn i parlamentet.[151] Talet auka til fire etter supperlingsvalet i 2011.[152] I 2008 vart Houda Nonoo utpeikt som ambassadør til USA og vart den fyrste jødiske ambassadøren frå eit arabisk land..[153] I 2011 vart Alice Samaan, ei kristen kvinne, utpeikt til ambassadør i Storbritannia.[154]

Media

Bahrainske journalistar risikerer å verta forfylgd for brot som omfattar å «undergrave» regjeringa og religion. Sjølvsensur er utbreidd. Journalistar vart mål av embetsfolk under dei anti-statlege demonstrasjonane i 2011. Tre redaktørar frå opposisjonsavisa Al-Wasat fekk sparken og vart seinare bøtlagde for å ha publisert «falske nyhende». Fleire utanlandske korrespondentar vart utviste frå landet.[155]

Dei fleste innanlandske kringkastarar er statlege. Ein sjølvstendig kommisjon, som vart oppretta for å undersøkje uro, fann at den statlege mediadekninga stundom var opphissande. Dei sa at opposisjonsgrupper leid på tilgang til breiare media, og rådde til at regjeringa burde «vurdere å roe ned sensuren». Bahrain er vertskap for den saudiarabisk-finansierte Alarab News Channel, som kom i gang i 2012.

I juni 2012 hadde Bahrain 961 000 internettbrukarar.[156] Plattforma «skapar eit velkome friområde for journalistar, men eit som vert stadig meir overvaka», ifylgje Reporters Without Borders. Streng filtrering retter seg mot politikk, menneskerettar og religiøst innhald og innhald rekna som obskønt. Bloggarar og andre nettbrukarar var blant dei som vart fengsla under demonstrasjonane i 2011.[155]

Forsvaret

«Sabha» i den kongelege bahrainske marinen i ei multilateral øving til havs.

Kongedømet har eit lite, men velutrusta forsvar kalla det bahrainske forsvaret (BDF), som tel kring 13 000 mann.[157] Den øvste leiaren for det bahrainske militæret er kong Hamad bin Isa Al Khalifa og nestkommandanten er kronprinsen, Salman bin Hamad bin Isa Al Khalifa.[158][159]

Forsvaret vert hovudsakleg amerikansk utstyrt, som F16 Fighting Falcon, F5 Freedom Fighter, UH60 Blackhawk, M60A3-stridsvogner, og den tidlegare amerikanske fregatten «Jack Williams», som no heiter «Sabha».[160][161]

Den bahrainske regjeringa har tette band til USA, og har signert ei samarbeidsavtale med det amerikanske forsvaret. USA har fått ein base i Juffair, som dei har hatt sidan tidleg i 1990-åra, sjølv om den amerikanske marinen har vore i landet sidan 1948.[162] Kring 6 000 amerikanske militære er stasjonerte her.[163]

Bahrain deltok i saudiarabiske-leia intervensjonen i Jemen mot dei sjiamuslimske houthiane og styrkar lojale til den tidlegare presidenten Ali Abdullah Saleh,[164] som vart avsett i 2011 under opprøra i den arabiske våren.[165]

Utanrikspolitikk

Kong Hamad bin Isa Al Khalifa tek imot den amerikanske utanriks-ministeren John Kerry, 14. mars 2015.
Bahrain er hovudkvarteret til den femte flåten til U.S. Navy, som er ansvarleg for marinestyrkane i Persiabukta.

Bahrain har bilateralt tilhøve til 190 land verda over.[166] I 2012 hadde Bahrain eit nettverk av 25 ambassadar, tre konsulat og fire permanente bod til Den arabiske ligaen, Dei sameinte nasjonane og Den europeiske unionen.[167] Bahrain er òg vertskap for 36 ambassadar. Bahrain speler ei mindre, modererande rolle i politikken i regionen og sluttar seg til synet til Den arabiske ligaen om fred i Midtausten og palestinske rettar med å støtte ei tostatsløysing.[168] Bahrain var òg med på å starte opp Golfrådet.[169] Tilhøvet til Iran er ofte spent på grunn av eit mislukka kupp i 1981 som Bahrain skuldar Iran for, og stundom krav på iransk suverenitet over Bahrain frå ultrakonservative element i den iranske ålmenta.[170][171]

Det vart sende saudiarabiske soldatar inn i Bahrain for å slå ned pro-demokratiske demonstrasjonar i 2011.[172]

Guvernement

For meir om dette emnet, sjå guvernement i Bahrain.

Den første kommunen i Bahrain var Manama kommune som vart grunnlagd i juli 1919.[173] Medlemer av kommunestyret vart valde kvart år. Kommunen vart sagt å vere den fyrste kommunen som vart oppretta i den arabiske verda.[173] Kommunen hadde ansvar for å reinske vegar og leige ut bygg til leigebuarar og butikkar. I 1929 fekk han òg ansvar for å utvide vegar og opne marknader og slaktehus.[173] I 1958 starta kommunen prosjekt for vassreinsking.[173] I 1960 hadde Bahrain av kommunar: Manama, Hidd, Al Muharraq og Riffa.[174] På dei neste 30 åra vart dei fire kommunane delte inn i 12 kommunar, og busetnader som Hamad by og Isa by voks.[174] Desse kommunane vart administrerte frå Manama under eit sentralt kommunestyre, der medlemene vart utpeikte av kongen.

Dei fyrste kommunevala i Bahrain etter sjølvstendet i 1971 vart haldne i 2002.[175] Det siste var i 2010. Kommunane er:

Kart Tidlegare kommune
1. Al Hidd
2. Manama
3. Den vestlege regionen
4. Den sentrale regionen
5. Den nordlege regionen
6. Muharraq
7. Rifa og Den sørlege regionen
8. Jidd Haffs
9. Hamad by (ikkje vist)
10. Isa by
11. Hawarøyane
12. Sitra

Etter 3. juli 2002 vart Bahrain delt inn i fem administrative guvernement, som kvar har sin eigen guvernør.[176] Desse guvernementa er:

Kart Tidlegare guvernement
1. Hovudstadguvernementet
2. Sentralguvernementet
3. Muharraq guvernement
4. Nordguvernementet
5. Sørguvernementet

Sentralguvernementet vart nedlagd i september 2014, og området vart delt mellom Nordguvernementet, Sørguvernementet, og Hovudstadguvernementet.[177]

Kart Noverande guvernement
1 Hovudstadguvernementet
2 Muharraq guvernement
3 Nordguvernementet
4 Sørguvernementet

Økonomi

Manama

Ifylgje ein rapport frå januar 2006 av SNs økonomiske og sosiale kommisjon for Vest-Asia, har Bahrain den snøggast veksande økonomien i Den arabiske verda.[178] Bahrain har òg den friaste økonomien i Midtausten og den tolvte mest frie i verda basert på Indeks for økonomisk fridom, publisert av Heritage Foundation/Wall Street Journal i 2011.[179]

I 2008 vart Bahrain kåra til det snøggast veksande finanssenteret i verda av City of London sin Global Financial Centres Index.[180][181] Bank- og finanstenestesektoren i Bahrain, særleg islamsk bankvesen, har note godt av den regionale oppgangen driven av etterspurnaden etter olje.[182] Produksjon og handsaming av petroleum er den viktigaste eksportartikkelen til Bahrain, og står for kring 60 % av eksportinntektene, 70 % av statlege inntekter og 11 % av BNP.[111] Aluminium er den nest viktigaste eksportartikkelen, etterfylgd av finans og byggmateriale.[111]

Manama frå Juffair.

Dei økonomiske tilhøva har svinga i takt med oljeprisen sidan 1985, til dømes under og etter Golfkrigen i 1990-1991. Med godt utvikla kommunikasjon og transportanlegg, er Bahrain vertskap for fleire multinasjonale føretak. Ein stor del av eksporten er petroleum produsert av importert råolje, og dette utgjer 51 % av importen i landet i 2007.[112] Bahrain er sterkt avhengig av importerte matvarer, særleg kjøtimport frå Australia, i tillegg til at dei importerer 75 % av det totale fruktbehovet.[183] Sidan berre 2,9 % av landet er mogeleg å dyrka opp, utgjer jordbruk berre 0,5 % av Bahrain sitt BNP. I 2004 skreiv Bahrain under ei frihandelsavtale med USA.[184] Ein kombinasjon av den globale finanskrisa og dei nylege opprøra har gjort vekstraten har minka med 2,2 %, som er den lægste vekstraten sidan 1994.[185]

Arbeidsløyse, særleg blant dei unge, og utarming av både olje og grunnvatn er store langsiktige, økonomiske problem. I 2008 var arbeidsløysa 4 %,[186] der 85 % av desse er kvinner.[187] I 2007 vart Bahrain det fyrste arabiske landet som sette i gang arbeidsløysetrygd som ein del av ei rekkje arbeidarreformer under arbeidsministeren dr. Majeed Al Alawi.[188]

Turisme

Byane Muharraq (framgrunnen) og Manama (bakgrunn).

Som turistmål tok Bahrain i mot over åtte millionar turistar i 2008, men det nøyaktige talet har variert frå år til år. Dei fleste av desse kjem frå dei omliggjande arabiske landa, men stadig fleire kjem frå andre stader, særleg etter Bahrain Grand Prix, eit formel 1-løp, byrja å gå i Bahrain.

Kongedømet kombinerer moderne arabisk kultur og den arkeologiske arva etter fem tusen år med sivilisasjon. Øya har fleire fort, som Qalat Al Bahrain som står på UNESCO si verdsarvliste. Bahrain nasjonalmuseum har gjenstandar frå landet som går attende til dei fyrste menneska som etterlét seg spor her, for 9000 år sidan, og Beit Al Qur'an (arabisk: بيت القرآن, tyder: huset Qur'an) er eit museum med islamske gjenstandar frå Koranen. Somme av dei populære historiske turistmåla i kongedømet er Al Khamis-moskeen, som er ein av dei eldste moskeane i regionen, Arad fort i Muharraq, Barbartempelet, som er eit tempel frå oldtida frå dilmunitt-tida i Bahrain, i tillegg til A'ali-gravhaugane og Saartempelet.[189] Livstreet, eit 400 år gamalt tre som veks i Sakhirørkenen, utan noko vatn i nærleiken, er òg eit populært turistmål.[190]

Fuglekikking (særleg på Hawarøyane), dykking og hesteriding er populære turistaktivitetar i Bahrain. Mange turistar kjem frå Saudi-Arabia for å vitje kjøpesentera i Manama, som Bahrain City Centre og Seef Mall i Seef i Manama. Manama Souq og Gold Souq i den gamle delen av Manama er òg popuære for turistar.[191]

Samferdsel og kommunikasjon

Bahrain har ei internasjonal lufthamn, Bahrain internasjonale lufthamn (BIA), som ligg på øya Muharraq, i nordaust. Flyplassen tok seg av meir enn 100 000 flyreiser og meir enn åtte millionar passasjerar i 2010. Det nasjonale flyselskapet til Bahrain, Gulf Air, har basen sin her.

King Fahd Causeway sett frå rommet

Bahrain har eit godt utvikla vegnettverk, særleg i Manama. Då det vart oppdaga olje i 1930-åra, førte det til kraftig utbygging av vegar og motorvegar i Bahrain, og fleire isolerte landsbyar vart knytte saman, som Budaiya, med Manama.[192]

I aust går det sidan 1929 ei bru frå Manama til Muharraq, og ei ny vegfylling vart bygd i 1941 for å ta over for den gamle trebrua.[192] I dag går det tre moderne bruer mellom dei to stadene.[193] Trafikken mellom dei to øyane auka kraftig då Bahrain internasjonale lufthamn vart bygd i 1932.[192] Ringvegar og motorvegar vart seinare bygde for å knyte Manama til landsbyane i Nordguvernementet og mot byane sentralt og sør i Bahrain.

Dei fire hovudøyane og alle byane og landsbyane er knytte saman via eit godt vegnettverk. Det var 3 164 km med vegar i 2002, 2 433 km med asfalt. Ei vegfylling strekkjer seg over 2,8 km mellom Manama og Muharraq, og ei anna bru knyter Sitra til hovudøya. King Fahd Causeway, som er 24 km lang, går frå Bahrain til det saudiarabiske fastlandet, via øya Umm an-Nasan. Ho stod ferdig i desember 1986 og var finansiert av Saudi-Arabia. I 2008 køyrde nesten 18 millionar passasjerar over vegfyllinga.[194]

Hovudhamna til Bahrain er Mina Salman i landet, og betår av 15 kaiplassar. I 2001 hadde Bahrain ein handelsflåte med åtte skip på over tusen BRT eller meir, totalt 270 784 BRT.[195] Private køyretøy og taxiar er einaste transportmiddel i byen.[196]

Telekommunikasjon

Telekommunikasjonssektoren i Bahrain starta offisielt i 1981 då det fyrste telekommunikasjonsselskapet vart skipa i Bahrain, Batelco. Fram til 2004 hadde føretaket monopol i sektoren. I 1981 var det meir enn 45 000 telefonar i landet. I 1999 hadde Batelco meir enn 100 000 mobilavtaler.[197] I 2002, etter press frå internasjonale organ, sette Bahrain i verk ei telekommunikasjonslov som omfatta at det vart skipa eit sjølvstendig tilsynsorgan (TRA).[197] I 2004 byrja Zain (ein ny variant av MTC Vodafone) drift i Bahrain og i 2010 vart VIVA (eigd av STC-gruppa) den tredje aktøren på mobilmarknaden.[198]

Bahrain har vore knytt til Internett sidan 1995 og domenesuffikset til landet er .bh. Talet på bahrainske nettbrukarar har auka frå 40 000 i 2000[199] til 250 000 i 2008,[200] eller frå 5,95 til 33 % av innbyggjarane. I august 2013 var det 22 godkjende internettilbydarar i landet.

Demografi

Bahrainarar i Manama.

I 2010 hadde folketalet i Bahrain vakse til 1,2 millionar, og av dette var 568 399 var bahrainarar og 666 172 var ikkje-nasjonale.[1] Dette hadde auka frå 1,05 millionar (517 368 ikkje-nasjonale) i 2007, året då Bahrain gjekk over millionmerket.[201] Sjølv om dei fleste av innbyggjarane er frå Midtausten, kjem det òg mange frå Sør-Asia. I 2008 var kring 290 000 indarar som budde i Bahrain, og gjorde dei til den største utanlandske folkegruppa i landet.[202][203] Bahrain er det fjerde mest folketette landet i verda, med ein folketettleik på 1 646 innbyggjarar per km² i 2010.[1] Dei einaste suverene statane med høgare folketettleik er bystatar. Mykje av folkesetnaden er konsentrert nord i landet, medan Sørguvernementet er den tynnast folkesette delen av landet.[1] Landet er så urbanisert at somme reknar det som eitt einskilt storbyområde.[204]

Folkegrupper

Bahrainarane er etnisk mangfelte. Den sjiamuslimske delen av bahrainarane er delt inn to hovudgrupper: baharna og ajam. Dei fleste sjia-bahrainarane er etniske baharna. Ajam er etniske persiske sjiaer. Sjia-persarar utgjer store samfunn i Manama og Muharraq. Ein liten minoritet sjia-bahrainarar er etniske hasawiar frå Al-Hasa.

Sunni-bahrainarar er hovudsakleg delt i to folkegrupper: Arabarar (al arab) og huwala. Sunni-arabarar er den viktigaste folkegruppa i Bahrain, og dei har dei fleste statlege stillingane, i tillegg til at den bahrainske kongefamilien er sunni-arabarar. Sunni-arabarar har tradisjonelt budd i område som Zallaq, Muharraq, Riffa og Hawarøyane. Huwala er etterkomarar etter sunni-iranarar, somme av dei sunni-persarar,[205][206] medan andre er sunni-arabarar.[207][208] Her er òg sunniar frå baloch. Dei fleste bahrainarar er av afrikansk opphav som kjem frå Aust-Afrika og tradisjonelt har budd i Muharraq og Riffa.[209]

Religion

Statsreligionen i Bahrain er islam og dei fleste bahrainske borgarar er muslimar. Det er ingen offisielle tal for kor mange som er sjia- og sunnimuslimar i Bahrain, men kring 65–75 % av dei bahrainske muslimane er sjia.[210][211][212][213]

Det finst eit innfødd kriste samfunn i Bahrain. Ikkje-muslimske bahrainske borgarar utgjer berre kring tusen personar, og dei fleste er kristne.[214] Utanlandske kristne utgjer mesteparten av kristne i Bahrain, medan innfødde kristne bahrainarar (som har bahrainsk nasjonalitet) utgjer eit mindre samfunn. Alees Samaan, den noverande bahrainske ambassadøren i Storbritannia er ein innfødd kristen. Bahrain har òg eit innfødd jødisk samfunn som berre utgjer 37 bahrainske borgarar.[215] Ulike kjelder gjev talet på innfødde jødar i Bahrain frå 36 til 50 folk.[216]

Gudaibiya-moskéen i Manama.

På grunn av mange innflyttarar og gjestearbeidarar frå sørasiatiske land, som India, Filippinane og Sri Lanka, har den samla prosentdelen av muslimar i landet falle i nyare år.[217] Ifylgje ei folketeljing i 2001 var 81,2 % av innbyggjarane i Bahrain muslimar, 10 % var kristne og 9,8 % praktiserte hinduisme eller andre religionar.[111] I 2010 hadde delen muslimar i landet falle til 70,2 % (folketeljinga i 2010 skilde ikkje mellom dei andre religionane i landet).[1]

Språk

Arabisk er det offisielle språket i Bahrain, men engelsk vert òg mykje nytta.[218] Bahrainsk-arabisk er den mest talde dialekten av arabisk, men skil seg ikkje stort frå standard arabisk. Arabisk speler ei stor rolle i det politiske livet, og ifylgje den bahrainske grunnlova må eit parlamentsmedlem snakke flytande arabisk for å kunne verta valt inn.[219] Blant bahrainarar og ikkje-bahrainske innbyggjarar er det mange som snakkar persisk, det offisielle språket i Iran, eller urdu, det offisielle språket i Pakistan.[218] Nepalsk vert òg mykje tala av nepalske arbeidarar og gurkha-soldatar. Malayalam, tamilsk og hindi vert mykje nytta i dei indiske samfunna.[218] Mange kommersielle institusjonar og vegskilt er tospråklege, og har tekst på både engelsk og arabisk.[220]

Utdanning

Kvinnelege studentar ved Universitetet i Bahrain kledde i tradisjonelle klede.

Utdanning er obligatorisk for barn mellom seks og 14.[221] Utdanning er gratis for bahrainske borgarar på offentlege skular og alle elevane her får gratis lærebøker. Fellesundervisning er ikkje berre nytta i offentlege skular, og gutar og jenter går på eigne skular.[222]

På byrjinga av 1900-talet var koranskular (kuttab) den einaste utdanningsforma i Bahrain.[223] Dei var tradisjonelle skular med mål om lære born og ungdom Koranen. Etter den fyrste verdskrigen vart Bahrain meir open for vestleg påverknad og det dukka opp eit krav om moderne utdanning. I 1919 starta det moderne skulesystemet i Bahrain då Al-Hidaya Al-Khalifia skule for gutar opna i Muharraq.[223] I 1926 opna utdanningskommiteen ein offentleg skule til for gutar i Manama, og i 1928 vart den fyrste offentlege skulen for jenter opna i Muharraq.[223] I 2011 var det i alt 126 981 elevar på offentlege skular.[224].

Universitetet i Bahrain vart skipa for standard lægregrads- og høgaregrads studium, og King Abdulaziz medisinske universitet driv utdanning av lækjarar, sjukepleiarar, farmasøytar og akuttmedisin. Den nasjonale planen i 2001 bana veg for dat det kunne skipast private universitet som Ahlia universitet i Manama og Høgskulen i Bahrain i Saar. Det kongelege universitetet for kvinner (RUW) vart skipa i 2005 og var det fyrste private universitetet i landet for å utdanne kvinner.

Helse

Bahrain har eit ålment helsevesen som går attende til 1960.[225] Det statlege helsevesenet er gratis for bahrainske borgarar og kraftig subsidert for ikkje-bahrainarar. Utgiftene for helsevesenet utgjer 4,5 % av bruttonasjonalproduktet til Bahrain, ifylgje Verdas helseorganisasjon. Bahrainske legar og sjukepleiarar utgjer størstedelen av arbeidsstyren i landet innanfor helsevesenet, motsetnad til grannelanda kring Persiabukta.[226] Det fyrste sjukehuset i Bahrain var American Mission Hospital, som opna i 1893 som ei medisin-utlevering.[227] Det fyrste offentlege sjukehuset i Bahrain var Salmaniya medisinske kompleks i Salmaniya i Manama i 1957.[228] Det finst òg fleire private sjukehus kring i landet, som International Hospital of Bahrain.

Venta levealder i Bahrain er 73 for menn og 76 for kvinner. Samanlikna med andre land i regionen er det lite førekomst av AIDS og HIV.[229] Malaria og tuberkulose utgjer ikkje noko stort problem i Bahrain, sidan ingen av desse sjukdomane har vore vanlege å finne i landet. Helsevesenet betalar for regelmessig tuberkulosevaksinasjon og vaksinasjon for andre sjukdomar som hepatitt B.[230]

Mange i Bahrain vert rekna som overvektige, 28,9 % av alle menn og 38,2 % av alle kvinner.[231] Bahrain har òg ein av dei høgaste førekomstane av diabetes i verda (5. plass) og meir enn 15 % av innbyggjarane lid av diabeters, og er årsaka til 5 % av dødsfalla i landet.[232] Hjarte-karsjukdomar er årsaka til 32 % av alle dødsfall i Bahrain, og er den viktigaste dødsårsaka i landet, med kreft på andreplass.[233] Sigdselleanemi og talassemi er òg vanlege i landet, og kring 18 % av bahrainarane har sigdselleanemi, medan 24 % er berarar av talassemi.[234]

Kultur

Sjiamuslimar i Bahrain slår seg på brystet under Muharram til minne om Imam Hussain.

Bahrain vert stundom skildra som eit «Midtausten light»[235] på grunn av kombinasjonen av moderne infrastruktur med ein identitet frå Persiabukta. Sjølv om islam er hovudreligionen, er bahrainarane kjende for ein tolerans overfor andre trusretningar.

Reglar som omhandlar korleis kvinner skal kle seg er meir avslappa enn i nabolanda. Dei tradisjonelle kvinnekleda er vanlegvis ein hijab eller abaya.[108] Sjølv om dei tradisjonelle herrekleda er thobe, som òg omfattar tradisjonelle hovudplagg som keffiyeh, ghutra og agal, er vestlege klede vanleg i landet.[108]

Sjølv om Bahrain legaliserte homoseksualitet i 1976, inkludert sodomi med same kjønn, har mange homoseksuelle sidan vortne arresterte.[236][237][238]

Kunst

Eit vindtårn i Bahrain.

Den moderne kunstrørsla i landet dukka offisielt opp i 1950-åra, og kulminerte med at det vart skipa ein kunstsamskipnad. Ekspresjonisme og surrealisme, i tillegg til kalligrafisk kunst er populære kunstformer i landet. Abstrakt ekspresjonisme har vorte populært i nyare år.[239] Keramikk og veving er òg populært på landsbygda.[239] Arabisk kalligrafi vart meir populært då den bahrainske staten fremja islamsk kunst, og det vart skipa eit islamsk museum , Beit Al Quran.[239] Bahrain nasjonalmuseum hyser ei permanent samtidskunstsutstilling.[240] Arkitekturen i Bahrain liknar arkitekturen i nabolanda kring Persiabukta. Vindtårna, som skapar naturleg ventilasjon i eit hus, er vanlege å sjå på gamle bygg, særleg i dei eldre bydelane i Manama og Muharraq.[241]

Litteratur

Litteratur har ein sterk tradisjon i landet. Dei fleste tradisjonelle forfattarane og poetane skriv i klassisk arabisk stil. I nyare år har ei rekkje yngre poetar påverka av vestleg litteratur auka, og dei fleste skriv i frie vers og ofte med politisk eller personleg innhald.[242] Ali Al Shargawi, ein dekorert poet med lang løpetid, vart skildra i 2011 av Al Shorfa som eit diktarikon i Bahrain.[243]

I litteraturen var Bahrain oldtidslandet Dilmun som er nemnt i Gilgamesj. Soga skriv òg at det var her Edens hage låg.[244][245]

Musikk

Musikkstilen i Bahrain liknar musikken i nabolanda. Musikkstilen khaliji, ein folkemusikkstil, er populær i landet. Sawt, som omfattar komplekse former for urban musikk, framført på ein oud (ein lutt), ei fele og mirwas (ei tromme), er òg populær i Bahrain.[246] Ali Bahar var ein av dei mest kjende songarane i Bahrain. Han framførte musikken sin med bandet Al-Ekhwa (Brørne). Det fyrste platestudioet i landa kring Persiabukta vart skipa i Bahrain.[246]

Idrett

Fotball er den mest populære idretten i Bahrain.[247] Det bahrainske herrelandslaget i fotball har delteke fleire gonger i Asiacupen, Arabiacupen og spelt i kvalifiseringa til fotball-VM.[248] Bahrain har sin eigen eliteserie i fotball. Andre populære idrettar er basketball, rugby og hesteveddeløp.[247]

Podiet under Bahrain Grand Prix 2007.

Bahrain har ein Formel 1-bane, som vart innvigd under Bahrain Grand Prix den 4. april 2004, den fyrste i eit arabisk land. Løpet har gått kvart år sidan den gongen utanom i 2011, då det vart avlyst på grunn av opprøra i landet.[249] I 2012 vart det halde løp, trass i at det framleis var uro i landet.[250] Denne avgjerda vart rekna som kontroversiell av fleire media, som Al Jazeera English,[251] CNN,[252] AFP[253] og Sky News.[254] The Independent omtalte det som «ein av dei mest kontroversielle i idrettshistoria».[255]

Heilagdagar

1. september 2006 endra Bahrain helga si frå å vere torsdag og fredag til å vere fredag og laurdag, for å dele minst ein helgedag med resten av verda. Heilagdagar i landet er :

Dato Norsk namn Lokalt (arabisk) namn Skildring
1. januar Nyårsdagen رأس السنة الميلادية Den fyrste dagen i den gregorianske kalenderen
1. mai Arbeidardagen يوم العمال Lokalt kalla «Eid Al Oumal».
16. desember Nasjonaldag اليوم الوطني Den bahrainske nasjonaldagen
17. desember Tiltredingsdagen يوم الجلوس Dagen då den avlidne amiren Sh. Isa Bin Salman Al Khalifa byrja regjeringstida si
1. muharram islamsk nyår رأس السنة الهجرية Nyårsdagen i den islamske kalenderen
9.-10. muharram Ashuradagen عاشوراء Samstundes til minne om martyriet til Imam Hussein.
12. rabiul awwal Fødselsdagen til profeten Muhammed المولد النبوي Til minne om årmålsdagen til profeten Muhammed, som vert feira dei fleste stader i den muslimske verda.
1.-3. shawwal Eid عيد الفطر Feirar slutten på ramadan.
9. zulhijjah Arafatdagen يوم عرفة Til minne om den siste preika til Muhammad og fullføringa av den islamske meldinga
10.-13. zulhijjah offerfesten عيد الأضحى Til minne om Ibrahim som var viljug til å ofre sonen sin.

Kjelder

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 «General Tables». Bahraini Census 2010. Arkivert frå originalen 22. juli 2018. Henta 1. april 2017. 
  2. Saudi Aramco World : Oman: The Lost Land
  3. CNN Wire Staff (1. november 2012). «Bahrain says ban on protests is response to rising violence». CNN. Henta 1. april 2017. 
  4. «Bahrain: Reform-Promise and Reality» (PDF). J.E. Peterson. s. 157. 
  5. «Bahrain's economy praised for diversity and sustainability». Bahrain Economic Development Board. Arkivert frå originalen 28. desember 2010. Henta 1. april 2017. 
  6. 6,0 6,1 Houtsma, M. Th (1960). «Baḥrayn». Encyclopedia of islam I. Leiden: E.J. Brill. s. 941. 
  7. Room, Adrian (2006). Placenames of the World: Origins and Meanings of the Names for 6,600 Countries, Cities, Territories, Natural Features, and Historic Sites. McFarland. ISBN 978-0-7864-2248-7. 
  8. First encyclopaedia of islam 1913–1936. E.J. Brill. 1993. s. 584. ISBN 978-90-04-09796-4. 
  9. Faroughy, Abbas. The Bahrein Islands (750–1951): A Contribution to the Study of Power Politics in Persiabukta. Verry, Fisher & Co. (New York), 1951.
  10. Rice, Michael (1994). The Archaeology of the Arabian Gulf, c. 5000–323 BC. Routledge. ISBN 0-415-03268-7. 
  11. 11,0 11,1 11,2 11,3 Rentz, G. «al- Baḥrayn». Encyclopaedia of islam. Edited by: P. Bearman, Th. Bianquis, C.E. Bosworth, E. van Donzel and W.P. Heinrichs. Brill, 2008. Brill Online. 7. juni 2016 [1] Arkivert 2020-05-17 ved Wayback Machine.
  12. «Dialect, Culture, and Society in Aust-Arabia: Glossary». Clive Holes. 2001. s. XIX. 
  13. «Qal'at al-Bahrain – Ancient Harbour and Hovudstaden i Dilmun». UNESCO. Henta 1. april 2017. 
  14. Larsen, Curtis E. (1984). Life and Land Use on the Bahrain Islands: The Geoarchaeology of an Ancient Society. University of Chicago Press. s. 52–55. ISBN 978-0-226-46906-5. 
  15. Federal Research Division (2004). Bahrain. Kessinger Publishing. ISBN 978-1-4191-0874-7. 
  16. 16,0 16,1 Larsen 1983, s. 13.
  17. Arnold Hermann Ludwig Heeren, Historical Researches Into the Politics, Intercourse, and Trade of the Principal Nations of Antiquity, Henry Bohn, 1854 p38
  18. Arnold Heeren, ibid, p441
  19. Phillip Ward, Bahrain: A Travel Guide, Oleander Press p68
  20. W. B. Fisher et al. The Cambridge History of Iran, Cambridge University Press 1968 p40
  21. Ju. B. Tsirkin. «Canaan. Phoenicia. Sidon.» (PDF). s. 274. Arkivert frå originalen (PDF) 10. oktober 2017. Henta 1. april 2017. 
  22. R. A. Donkin. Beyond Price: Pearls and Pearl-fishing : Origins to the Age of Discoveries, Volume 224. s. 48. 
  23. Michael Rice. Bahrain Through The Ages - Archa. s. 401–402. 
  24. Arnold Heeren, p441
  25. Rice, Michael (1994). The Archaeology of the Arabian Gulf. Routledge. s. 20. ISBN 978-0-415-03268-1. 
  26. Rice, Michael (1994). The Archaeology of the Arabian Gulf. Routledge. s. 21. ISBN 978-0-415-03268-1. 
  27. Jean Francois Salles in Traces of Paradise: The Archaeology of Bahrain, 2500BC-300AD in Michael Rice, Harriet Crawford Ed, IB Tauris, 2002 p132
  28. 28,0 28,1 Jean Francois Salles p132
  29. Hoyland, Robert G. (2001). Arabia and the Arabs: From the Bronze Age to the Coming of Islam. Routledge. s. 28. ISBN 978-0-415-19535-5. 
  30. Yoma 77a and Rosh Hashbanah, 23a
  31. From Persian sa-mahij (سه ماهی) meaning Three Fish.
  32. «Social and political change in Bahrain since the fyrste verdskrigen» (PDF). Durham University. 1973. s. 46–47. 
  33. 33,0 33,1 «Dialect, Culture, and Society in East Arabia: Glossary». Clive Holes. 2001. s. XXIV–XXVI. 
  34. 34,0 34,1 «Tradition and Modernity in Arabian Language And Literature». J R Smart, J. R. Smart. 2013. 
  35. «E.J. Brill's First Encyclopaedia of islam, 1913-1936, Volume 5». M. Th. Houtsma. 1993. s. 98. 
  36. Robert Bertram Serjeant (1968). «Fisher-folk and fish-traps in al-Bahrain». SOAS. s. 488. 
  37. Yahiya Emerick, Critical Lives: Muhammad, s. 185, Penguin, 2002
  38. Mubarakpuri, The Sealed Nectar, s. 147. (online)
  39. Safiur-Rahman Mubarakpuri, The Sealed Nectar, s. 226
  40. Akbar Shāh Ḵẖān Najībābādī, History of islam, Volume 1, s. 194.
  41. Eit brev som gjev seg ut for å vere sendt frå Muhammed til al-Tamimi er bevart i Beit al-Qur'an museum i Hoora i Bahrain.
  42. «Qarmatiyyah». Overview of World Religions. St. Martin's College. Arkivert frå originalen den 28. april 2007. Henta 4. mai 2007. 
  43. Cyril Glasse, New Encyclopedia of islam, s. 245. Rowman Altamira, 2001. ISBN 0-7591-0190-6
  44. «Black Stone of Mekka». Encyclopædia Britannica. 2007. Encyclopædia Britannica Online. 25. juni 2007.
  45. Cole, Juan (2002). Sacred Space And Holy War: The Politics, Culture and History of Shi'ite islam. I. B. Tauris. ISBN 978-1-86064-736-9. 
  46. Smith, G.R. «Uyūnids». Encyclopaedia of islam. Edited by: P. Bearman, Th. Bianquis, C.E. Bosworth, E. van Donzel and W.P. Heinrichs. Brill, 2008. Brill Online. 16. mars 2008 [2] Arkivert 2020-04-01 ved Wayback Machine.
  47. Cole, Juan R. I. «Rival Empires of Trade and Imami Shiism in Aust-Arabia, 1300–1800», International Journal of Middle East Studies, Vol. 19, No. 2. (May 1987), s. 177–203, at s. 179, through JSTOR. [3]
  48. Cole, Juan R. I. «Rival Empires of Trade and Imami Shiism in Aust-Arabia, 1300–1800», s. 186, through JSTOR. [4]
  49. Cole, Juan R. I. «Rival Empires of Trade and Imami Shiism in Aust-Arabia, 1300–1800», s. 198.
  50. Cole, Juan R. I. Rival Empires of Trade and Imami Shiism in East Arabia, 1300–1800, s. 194
  51. Cole, Juan R. I. «Rival Empires of Trade and Imami Shiism in Aust-Arabia, 1300–1800», s. 187
  52. 52,0 52,1 McCoy, Eric Andrew (2008). Iranians in Bahrain and Dei sameinte arabiske emirata: Migration, Minorities, and Identities in Persiabukta Arab States. ProQuest. s. 73. ISBN 978-0-549-93507-0. 
  53. Slot, B. (1991). The Origins of Kuwait. BRILL. s. 110. ISBN 978-90-04-09409-3. 
  54. Skøyte Arkivert 2016-01-24 ved Wayback Machine. for palmehage på øya Sitra i Bahrain, datert 1699–1111 Hijri,
  55. Wilkinson, John Craven (1991). Arabia's frontiers: the story of Britain's boundary drawing in the desert. I.B. Tauris. s. 44. 
  56. Rihani, Ameen Fares (1930). Around kystens of Arabia. Houghton Mifflin Company. s. 297. 
  57. Gazetteer of Gulf av Persia, Oman, and Central Arabia, Geographical, Volume 1, 1905
  58. Background Notes: Mideast, March, 2011. US State Department. 2011. ISBN 1-59243-126-7. 
  59. Gazetteer of Gulf av Persia, Oman, and Central Arabia, John Gordon Lorimer, Volume 1 Historical, Part 1, p1000, 1905
  60. Onley, James. The Politics of Protection in Gulf of Persia: The Arab Rulers and the British Resident in the Nineteenth Century, Exeter University, 2004 p44
  61. Al-Baharna, Husain (1968). Legal Status of the Arabian Gulf States: A Study of Their Treaty Relations and Their International Problems. Manchester University Press. s. 31. ISBN 0-7190-0332-6. 
  62. 62,0 62,1 Smart, J. R.; Smith, G. Rex; Pridham, B. R. (2004). New Arabian Studies. University of Exeter Press. s. 51, 52, 53, 67, 68. ISBN 978-0-85989-706-8. 
  63. Pridham, B. R.; University of Exeter. Centre for Arab Gulf Studies (1985). The Arab Gulf and the West. Taylor & Francis. s. 7. ISBN 978-0-7099-4011-1. 
  64. 64,0 64,1 64,2 Wilson, Arnold T. (2011). The Persiabukta: A historical sketch from the earliest times to the beginning of the twentieth century. Routledge. ISBN 978-1-136-84105-7. 
  65. 65,0 65,1 65,2 Mojtahed-Zadeh & 1999, s. 130.
  66. Den gamle Qaṣr es-Sheik (klikk på biletet for å forstørre).
  67. Kinninmont, Jane (28. februar 2011). «Bahrain's Re-Reform Movement». Foreign Affairs. Henta 2. april 2017. 
  68. 68,0 68,1 Abedin, Mahan (9. desember 2004). «All at sea over 'the Gulf'». Asia Times Online. Arkivert frå originalen 25. juni 2012. Henta 2. april 2017. 
  69. «Near & Middle East Titles: Bahrain Government Annual Reports 1924–1970». Cambridge Archives Editions. Arkivert frå originalen 17. januar 2013. Henta 2. oktober 2012. 
  70. «Bahrain Education». looklex.com. Arkivert frå originalen 18. mai 2017. Henta 2. april 2017. 
  71. "Treasure troves of history and diversity". Gulf News. January 25, 2013
  72. «Bahrain:"How was separated from Iran" ?». Iran Chamber Society. Henta 2. april 2017.  Basert på utdrag frå Mojtahedzadeh, Piruz (1995). «Bahrain: the land of political movements». Rahavard, a Persian Journal of Iranian Studies XI (39). 
  73. Yergin, Daniel (13. januar 1991). «The Incessant Lure of Kuwait's Oil». The New York Times. Henta 5. oktober 2012. 
  74. «Bahrain». britishempire.co.uk. Arkivert frå originalen 15. mai 2011. Henta 22. mars 2011. 
  75. Old Days Bahrain 1986 s.108-113
  76. Mulligan, William E. (July–August 1976). «Air Raid! A Sequel». Saudi Aramco World. Arkivert frå originalen 29. september 2012. Henta 2. oktober 2012. 
  77. 77,0 77,1 Hamza, Abdul Aziz (2009). Tears on an Island: A History of Disasters in the kongedømet Bahrain. Al Waad. s. 165. ISBN 99901-92-22-7. 
  78. 78,0 78,1 Ratzlav-Katz, Nissan (14. august 2008). «The King of Bahrain Wants the Jews Back». Israel National News. Arkivert frå originalen 3. oktober 2012. Henta 2. oktober 2012. 
  79. 79,0 79,1 Curtis, Adam (11. mai 2012). «If you take my advice – I'd repress them». BBC News. Henta 2. april 2017.
  80. kongedømet Bahrain
  81. Country independence dates
  82. The Middle East and North Africa 2004. Routledge. 2003. s. 225. ISBN 1-85743-184-7. 
  83. «Bahrain». National Post. Arkivert frå originalen 2. april 2017. Henta 2. april 2017. 
  84. Talbott, Strobe (25. oktober 1982). «Gulf States: Stay Just on the Horizon, Please». Time. Arkivert frå originalen 23. juli 2013. Henta 2. april 2017. 
  85. Darwish, Adel (1. mars 1999). «Bahrain remains stable despite arson attacks that took place in the country». The Middle East. HighBeam Research. Arkivert frå originalen 17. januar 2013. Henta 2. april 2017. 
  86. «The Rich/Poor & Sunni/Shiite Rift». APS Diplomat. HighBeam Research. 18. mars 2002. Arkivert frå originalen 17. januar 2013. Henta 2. april 2017. 
  87. Darwish, Adel (March 1999). «Rebellion in Bahrain». Middle East Review of International Affairs 3 (1). Arkivert frå originalen 14. april 2012. Henta 2. april 2017. 
  88. Malik, Adnan (14. desember 2002). «Bahrain's monarch opens parliament after a span of nearly 30 years». Associated Press (via HighBeam Research). Arkivert frå originalen 4. oktober 2012. Henta 2. april 2017. 
  89. 89,0 89,1 «Bahrain: Promising human rights reform must continue» (PDF). Amnesty International. 13. mars 2001. Arkivert frå originalen (PDF) 11. mai 2011. Henta 9. februar 2011. 
  90. «Country Theme: Elections: Bahrain». UNDP-Programme on Governance in the Arab Region. 2011. Arkivert frå originalen 10. mai 2011. Henta 9. februar 2011. 
  91. 91,0 91,1 91,2 The Middle East and North Africa 2004. Europa Publications. 2003. s. 232. ISBN 1-85743-184-7. 
  92. «To Implement the United States-Bahrain Free Trade Agreement, and for Other Purposes». White House Archives. Henta 2. april 2017. 
  93. «Bahrain declares state of emergency after unrest». Reuters. 15. mars 2011. Arkivert frå originalen 4. oktober 2015. Henta 2. april 2017. 
  94. 94,0 94,1 94,2 94,3 94,4 «Report of the Bahrain Independent Commission of Inquiry». BICI. 
  95. Law, Bill (6. april 2011). «Police Brutality Turns Bahrain Into 'Island of Fear'. Crossing Continents (via BBC News). Henta 2. april 2017.
  96. Press release (30. mars 2011). »USA Emphatic Support to Saudi-Arabia". Zayd Alisa (via Scoop). Henta 2. april 2017.
  97. Cockburn, Patrick (18. mars 2011). «The Footage That Reveals the Brutal Truth About Bahrain's Crackdown – Seven Protest Leaders Arrested as Video Clip Highlights Regime's Ruthless Grip on Power». The Independent. Henta 2. april 2017.
  98. «Bahrain inquiry confirms rights abuses». Al Jazeera English. 23. november 2011. Arkivert frå originalen 18. mars 2017. Henta 2. april 2017. 
  99. «Applying pressure on Bahrain». The Washington Post. 10. mai 2011. Arkivert frå originalen 17. april 2017. Henta 2. april 2017. 
  100. Carlstrom, Gregg (23. april 2012). «Bahrain court delays ruling in activists case». Al Jazeera English. Henta 2. april 2017.
  101. Solomon, Erika (11. juni 2011). «Thousands rally for reform in Bahrain». Reuters. Arkivert frå originalen 24. september 2015. Henta 2. april 2017. 
  102. «Bahrain protesters join anti-government march in Manama». BBC News. 9. mars 2012. Arkivert frå originalen 22. april 2017. Henta 2. april 2017. 
  103. «Mass pro-democracy protest rocks Bahrain». Reuters. 9. mars 2012. Arkivert frå originalen 4. oktober 2015. Henta 2. april 2017. 
  104. «Bahrain live blog 25 Jan 2012». Al Jazeera. 25. januar 2012. Henta 17. februar 2012. 
  105. «Heavy police presence blocks Bahrain protests». Al Jazeera. 112. juli 2016. Arkivert frå originalen 16. februar 2012. Henta 17. februar 2012. 
  106. «Bomb blast kills three Bahrain policemen». BBC. 3. mars 2014. Henta 6. mars 2014. 
  107. «Bahrain Geography and Population». countrystudies.us. Arkivert frå originalen 3. november 2016. Henta 2. april 2017. 
  108. 108,0 108,1 108,2 108,3 «Bahrain». Britannica Online Encyclopedia. Henta 2. april 2017. 
  109. kongedømet Bahrain National Report (PDF), International Hydrographic Organization, 2013, s. 1, arkivert frå originalen (PDF) 10. oktober 2017, henta 11. juni 2013 
  110. Abdulla, Muhammed Ahmed; Zain al-'Abdeen, Bashir (2009). تاريخ البحرين الحديث (1500–2002) [Modern History of Bahrain (1500–2002)]. Bahrain: Historical Studies Centre, University of Bahrain. s. 26, 29, 59. ISBN 978-99901-06-75-6. 
  111. 111,0 111,1 111,2 111,3 «CIA World Factbook, «Bahrain»». Cia.gov. Arkivert frå originalen den 29. desember 2010. Henta 25. januar 2011. 
  112. 112,0 112,1 The Report: Bahrain 2010. Oxford Business Group. s. 12–25. ISBN 978-1-907065-22-4. 
  113. Alsharhan, A. S. (2001). Hydrogeology of an Arid Region: The Arabian Gulf and Adjoining Areas. Elsevier. s. 188–190. ISBN 978-0-444-50225-4. 
  114. Hasanean, H.M. «Middle East Meteorology». International Pacific Research Center. Henta 2. april 2017. [daud lenkje]
  115. Martin-King, Philippa (June 2011). «Intelligent buildings» Arkivert 2015-07-11 ved Wayback Machine.. International Electrotechnical Commission. Henta 5. juli 2012.
  116. «World Weather Information Service – Bahrain/Manama». World Meteorological Organization. 23. juli 2012. 
  117. 117,0 117,1 117,2 117,3 117,4 117,5 117,6 117,7 Towards a Bahrain National Report to the konvensjonen for biologisk mangfald (PDF). Fuller & Associates. 2005. s. 22, 23, 28. Arkivert frå originalen (PDF) 17. januar 2013. Henta 2. april 2017. 
  118. 118,0 118,1 «Country profile: Bahrain». konvensjonen for biologisk mangfald. Henta 2. april 2017. 
  119. «Bahrain News — The Protests». New York Times. 2. april 2017. Henta 2. juli 2012.
  120. «Bahrain Shia demand cabinet change». Al Jazeera English. 5. mars 2010. Henta 2. april 2017.
  121. «Bahrain». International Foundation for Electoral Systems. 26. juli 2010. Arkivert frå originalen 16. mai 2011. Henta 2. april 2017. 
  122. «Bahrain – News Archive» Arkivert 2016-03-25 ved Wayback Machine.. Election Guide. 24. september 2011. Henta 2. juli 2012.
  123. «Bahrain holds vote to fill seats vacated during unrest». Al-Ahram/Thomson Reuters. 24. september 2011. Arkivert frå originalen 10. september 2012. Henta 24. september 2011. 
  124. Bronner, Ethan (24. september 2011). «Bahrain Vote Erupts in Violence». The New York Times. Arkivert frå originalen 25. september 2011. Henta 24. september 2011. 
  125. Krane, Jim (26. november 2006). «islamists Dominate Bahrain Elections». Washington Post. Arkivert frå originalen 23. oktober 2016. Henta 2. april 2017. 
  126. Sandy Russell Jones (2007). «The Battle over Family Law in Bahrain». Middle East Research and Information Project. Henta 2. april 2017.
  127. Hamada, Suad (5. juni 2009). «Religion: New Family Law for Sunni Women in Bahrain Not for Shiites». Inter Press Service. Henta 2. april 2017.
  128. Human Rights Without Frontiers (28. oktober 2011), Which Future For Bahrain? (PDF), International Center for Law and Religion Studies, s. 8–9, henta 2. april 2017 
  129. MacLeod, Scott (14. mai 2006). «Ghada Jamsheer: Activist» Arkivert 2013-08-23 ved Wayback Machine.. Time. Henta 2. april 2017.
  130. 130,0 130,1 Ghada Jamsheer (18. desember 2006). «Women in Bahrain and the Struggle Against Artificial Reforms» Arkivert 2017-10-10 ved Wayback Machine.. Women Living Under Muslim Laws. Henta 2. april 2017.
  131. «Bahrain Sa'id 'Abd al-Rasul al-Iskafi». Amnesty International. 27. september 1995. Arkivert frå originalen 16. januar 2013. Henta 2. april 2017. 
  132. «Routine abuse, routine denial». Human Rights Watch. 1. juni 1997. Arkivert frå originalen 10. mai 2017. Henta 2. april 2017. 
  133. «Country Reports on Human Rights Practices». United States Department of State. 4. mars 2002. Henta 2. april 2017.
  134. Summary, «Torture Redux: The Revival of Physical Coercion during Interrogations in Bahrain», published by Human Rights Watch 8. februar 2010, ISBN 1-56432-597-0, henta 2. april 2017
  135. «World Report 2011: Bahrain». Human Rights Watch. 2011. Henta 2. april 2017. 
  136. «Freedom in Bahrain 2011». Freedom House. 2011. Henta 2. april 2017. 
  137. Freedom of the Net 2011 – Bahrain part (PDF), Freedom House, 2011 
  138. «RWB Press Freedom Index 2002». Reporters Without Borders. 2002. Arkivert frå originalen 5. februar 2012. Henta 2. april 2017. 
  139. «RWB Press Freedom Index 2010». Reporters Without Borders. 2010. Arkivert frå originalen 27. januar 2012. Henta 2. april 2017. 
  140. «FH Press Freedom Index 2011». Freedom House. 2011. Henta 2. april 2017. 
  141. Elizabeth Dickinson (23. november 2011). «Bahrain commission issues brutal critique of den arabiske våren crackdown». The Christian Science Monitor. Henta 2. april 2017.
  142. Payne, Ed (17. april 2012). «Amnesty report: Bahrain reforms are 'flawed,' 'inadequate'». CNN. Arkivert frå originalen 12. mai 2012. Henta 2. april 2017. 
  143. «Bahrain police 'continue to torture detainees'». BBC. 29. april 2012. Henta 2. april 2017.
  144. (en) Gordts, Eline (5. august 2011). «Shouting In The Dark: Al Jazeera Bahrain Documentary Shows The Bloody Fight For Democracy». The Huffington Post. Henta 2. april 2017. 
  145. (en) AJStream (8. august 2011). «The Stream - Bahrain Foreign Minister Criticizes Al Jazeera Documentary on Twitter». Henta 2. april 2017. 
  146. (en) «Saudi-Arabia, UAE and Bahrain end rift with Qatar, return ambassadors». Reuters. 13. juni 2016. Arkivert frå originalen 16. november 2014. Henta 2. april 2017. 
  147. MacFarquhar, Neil (22. mai 2002). «In Bahrain, Women Run, Women Vote, Women Lose». The New York Times. Henta 2. april 2017. 
  148. Darwish, Adel (26. oktober 2002). «islamists gain majority in Bahrain». The Telegraph (London). Henta 2. april 2017. 
  149. Jew and Christian amongst 10 women in Shura council Middle East Online
  150. 'UN General Assembly to be headed by its third-ever woman president', Dei sameinte nasjonane, 8. juni 2006
  151. Toumi, Habib (27. november 2006). «Women fail to add to the seat won unopposed». Gulf News. Henta 2. april 2017.
  152. Toumi, Habib (8. oktober 2011). «Bahrain women MPs set to make a difference as parliament reconvenes». Gulf News. Henta 2. april 2017.
  153. «Bahrain names Jewish ambassador». BBC News. 29. mai 2008. Henta 2. april 2017.
  154. Toumi, Habib (27. mai 2012). «Bahrain urges greater global religious tolerance». Gulf News. Henta 2. april 2017.
  155. 155,0 155,1 «Bahrain profile». BBC News. 29. januar 2013. 
  156. «Bahrain profile - Media». BBC News. Henta 2. april 2017. 
  157. «Bahrain». The 2011 US Department of State Background Notes. United States Department of State. Henta 2. mars 2012. «The Bahrain Defense Force (BDF) numbers about 13 000 personnel.» 
  158. «Crown Prince Biography». Ministry of Foreign Affairs, Bahrain. Henta 2. april 2017. 
  159. «HRH Prince Salman Exchanges Letters With BDF Chief Commander». Bahrain News Agency. 4. juni 2011. Henta 6. oktober 2012. 
  160. Singh Singh, Ravi Shekhar (2005). Asian Strategic And Military Perspective. Lancer Publishers. s. 368. ISBN 978-81-7062-245-1. 
  161. «USS Jack Williams (FFG 24)». Navsource Online. Henta 2. april 2017. 
  162. «NSA Bahrain History». Naval Support Activity Bahrain. Henta 2. april 2017. 
  163. «Welcome to Naval Support Activity Bahrain». Commander, Navy Installations Command. Arkivert frå originalen 21. februar 2013. Henta 2. april 2017. 
  164. "U.S. Backs Saudi-Led jemenittiske Bombing With Logistics, Spying". Bloomberg. 26. mars 2015.
  165. "Saudi-led coalition strikes rebels in Jemen, inflaming tensions in region". CNN. 27. mars 2015.
  166. «Bilateral Relations». Ministry of Foreign Affairs, Bahrain. Henta 2. april 2017. 
  167. «Ministry of Foreign Affairs, Bahrain». Henta 2. april 2017. 
  168. «Palestine Peace Process». Ministry of Foreign Affairs, Bahrain. Henta 2. april 2017. 
  169. «Member States of the GCC». GCC. Henta 2. april 2017. 
  170. «A Bahraini Hunger Strike And An Inhumane Argument Read more: A Bahraini Hunger Strike And An Inhumane Argument». NYU Local. 28. mai 2016. Henta 2. april 2017. 
  171. «Bahrain slams Iran's claims, suspends gas deal talks». Xinhua News Agency. 20. februar 2009. Arkivert frå originalen 3. mai 2017. Henta 2. april 2017. 
  172. "Saudi troops sent to crush Bahrain protests 'had British training'". The Daily Telegraph. 25. mai 2011
  173. 173,0 173,1 173,2 173,3 «History of Municipalities». Ministry of Municipalities Affairs and Urban Planning – kongedømet Bahrain. Arkivert frå originalen 13. desember 2012. Henta 2. april 2017. 
  174. 174,0 174,1 «guvernement i Bahrain». Statoids. Henta 2. april 2017. 
  175. «Three Polls, Three Different Approaches». The Estimate. 17. mai 2002. Arkivert frå originalen 20. juni 2017. Henta 2. april 2017. 
  176. «Decree No.17 for 2002» (PDF). Hovudstadguvernementet. Arkivert frå originalen (PDF) 20. juni 2017. Henta 2. april 2017. 
  177. The Gulf Daily News
  178. Bahrain expected to bustle Arabian Business, 1. februar 2007
  179. Index of Economic Freedom Arkivert 2013-06-29 ved Wayback Machine. Heritage Foundation
  180. Hedge Funds Review 18. mars 2008
  181. Gulf Daily News 18. mars 2008
  182. «Bahrain calling – Banking & Finance». ArabianBusiness.com. 25. april 2008. Henta 3. april 2017. 
  183. «Bahrain fully stocked for Eid al-Adha: official». Al Shorfa. 3. november 2011. Henta 2. april 2017. 
  184. «Bahrain profile: Timeline». BBC News. 2. april 2017. Arkivert frå originalen 11. april 2017. Henta 2. april 2017. 
  185. Dokoupil, Martin (21. mars 2012). «Bahrain economy slows to 1.3 pct q/q growth in Q4». Reuters. Arkivert frå originalen 22. mars 2012. Henta 2. april 2017. 
  186. «Local News » JOBLESS RATE 3.8PC». Gulf Daily News. 4. august 2008. Henta 3. april 2017. 
  187. «Khaleej Times Online – 85pc unemployed in Bahrain are females». Khaleejtimes.com. 4. august 2008. Arkivert frå originalen 9. januar 2015. Henta 3. april 2017. 
  188. Minister lashes out at parties opposed to unemployment benefit scheme Arkivert 2007-12-18 ved Wayback Machine. Gulf News, 22. juni 2007
  189. «Popular Attractions». Bahrain Guide. Henta 2. april 2017. 
  190. «Tree of Life, Bahrain». Wondermondo. Arkivert frå originalen 18. mars 2017. Henta 2. april 2017. 
  191. «Tourism». Bahraini Ministry of Foreign Affairs. Henta 2. april 2017. 
  192. 192,0 192,1 192,2 Elsheshtawy, Yasser (2008). The evolving Arab city: tradition, modernity and urban development. Routledge. s. 198. ISBN 978-1-134-12821-1. 
  193. Al A'Ali, Muhammed (18. mars 2012). «Seaview blow for Manama». Gulf Daily News. Arkivert frå originalen 9. januar 2015. Henta 2. april 2017. 
  194. «Passenger Statistics». King Fahd Causeway Authority. Arkivert frå originalen 17. januar 2013. Henta 2. april 2017. 
  195. «Bahrain – Transportation». Encyclopedia of the Nations. Arkivert frå originalen 9. april 2017. Henta 2. april 2017. 
  196. «Getting around Bahrain». Lonely Planet. Henta 2. april 2017. 
  197. 197,0 197,1 Group, Oxford Business (2008). Report: Bahrain 2008. s. 153. ISBN 9781902339979. 
  198. «VIVA subscribers surge». Gulf Daily News. Henta 2. april 2017. 
  199. «ITU Internet Indicators 2000». International Telecommunications Union. Arkivert frå originalen 7. juni 2011. Henta 3. april 2017. 
  200. «ITU Internet Indicators 2008». International Telecommunications Union. Arkivert frå originalen 7. juni 2011. Henta 3. april 2017. 
  201. «Bahrain's population crossed 1m in December». Gulfnews.com. 28. februar 2008. Henta 3. april 2017. 
  202. «290 000 Indians in Bahrain». Gulf-daily-news.com. 5. juli 2008. Henta 3. april 2017. 
  203. «Indian Community». Indian Embassy. Arkivert frå originalen 7. mars 2012. Henta 6. mars 2012. 
  204. «Bahrain: storbyområdes». World Gazetteer. Arkivert frå originalen 23. juli 2013. Henta 3. april 2017. 
  205. «Two ethnicities, three generations: Phonological variation and change in Kuwait» (PDF). Newcastle University. 2010. s. 11. Arkivert frå originalen (PDF) 19. oktober 2013. Henta 3. april 2017. 
  206. Dialect, Culture, and Society in Aust-Arabia: Glossary. Clive Holes. 2001. Page 135. ISBN 90-04-10763-0
  207. Rentz, «al- Baḥrayn.»:
  208. Rentz, G. «al- Kawāsim.» Encyclopaedia of islam. Edited by: P. Bearman, Th. Bianquis, C.E. Bosworth, E. van Donzel and W.P. Heinrichs. Brill, 2008. Brill Online. 7. juni 2016 [5][daud lenkje]
  209. Bahrain's Rainbow Nation in Manama - HotelTravel.com, arkivert frå originalen 27. februar 2014, henta 3. april 2017 
  210. Taheri, Amir (28. mai 2016). «Why Bahrain blew up». New York Post. Arkivert frå originalen 23. juli 2013. Henta 3. april 2017. 
  211. Carey, Glen; Hatem, Muhammed (16. februar 2011). «Bahrain Shiites Mai Rally After Funeral for Protester». Bloomberg. Henta 3. april 2017. 
  212. «Bahrain: it may be small, but it matters – Channel 4 News». Channel4.com. 28. mai 2016. Henta 3. april 2017. 
  213. |title= Mapping the Global Muslim Population |href="http://www.pewforum.org/2009/10/07/mapping-the-global-muslim-population/" target="_blank">Mapping the Global Muslim Population|date= October 7, 2009|
  214. «folketeljinga i 2010 Results». Arkivert frå originalen 22. juli 2018. Henta 3. april 2017. 
  215. Chana Ya'ar (3. april 2017). «King of Bahrain Appoints Jewish Woman to Parliament». Arutz Sheva. Henta 3. april 2017. 
  216. Habib Toumi (4. april 2007). «Bahrain defends contacts with US Jewish body». gulfnews.com. 
  217. Kettani, Houssain (June 2010). «Muslim Population in Asia 1950–2020» (PDF). International Journal of Environmental Science and Development 1 (2): 143–144. doi:10.7763/IJESD.2010.V1.28. Henta 2. april 2017. 
  218. 218,0 218,1 218,2 «Bahrain: Languages». Britannica Online. Henta 3. april 2017. 
  219. «Bahrain 2002 (rev. 2012)». Constitute. Henta 3. april 2017. 
  220. «Living in Bahrain». BSB. Arkivert frå originalen 24. juni 2012. Henta 3. april 2017. 
  221. «Bahrain's Education System». Ministry of Foreign Affairs. Henta 2. april 2017. 
  222. «Education in Bahrain». Ministry of Education Bahrain. Henta 3. april 2017. 
  223. 223,0 223,1 223,2 «History of Education in Bahrain». Ministry of Education, Bahrain. Henta 3. april 2017. 
  224. «Statistics for the academic year 2011/2012» (PDF). Ministry of Education, Bahrain. Henta 3. april 2017. 
  225. «Health Care Financing and Expenditure» (PDF). WHO. Arkivert frå originalen (PDF) 17. januar 2013. Henta 3. april 2017. 
  226. «Healthcare in the kongedømet Bahrain» (PDF). Ministry of Health, Bahrain. Arkivert frå originalen (PDF) 27. februar 2012. Henta 3. april 2017. 
  227. «Bahrain Society». American Bahraini Friendship Society. Arkivert frå originalen 21. april 2017. Henta 3. april 2017. 
  228. «SMC admissions» (PDF). Ministry of Health, Bahrain. Arkivert frå originalen (PDF) 11. oktober 2010. Henta 3. april 2017. 
  229. «Combatting HIV/AIDS and other diseases in Bahrain» (PDF). United Nations Development Program. Arkivert frå originalen (PDF) 17 January 2013. Henta 26 June 2012. 
  230. «Immunization Profile – Bahrain». Verdas helseorganisasjon. Henta 3. april 2017. 
  231. «Country Profile- Bahrain» (PDF). WHO. Henta 3. april 2017. 
  232. «Diabetes in Bahrain». TimeOut Bahrain. Henta 3. april 2017. 
  233. «Noncommunicable diseases in Bahrain» (PDF). Verdas helseorganisasjon. Henta 3. april 2017. 
  234. «Features of sickle-cell disease in Bahrain». Gulf Genetic Centre. Arkivert frå originalen 13. september 2012. Henta 3. april 2017. 
  235. «Bahrain: Middle East Lite». Arkivert frå originalen 11. mai 2011. Henta 2. april 2017. 
  236. «2013 State Sponsored Homophobia Report» (PDF). International Lesbian, Gay, Bisexual, Trans and Intersex Association. s. 20. Arkivert frå originalen (PDF) 17. juli 2013. Henta 8. august 2013. 
  237. Two Bahraini men jailed for dressing in drag - Culture & Society - ArabianBusiness.com
  238. Bahrain arrests scores in raid on gay party | GulfNews.com
  239. 239,0 239,1 239,2 Bloom, Jonathan M. (2009). The Grove Encyclopedia of islamic Art and Architecture, Volume 2. Oxford University Press. s. 253. ISBN 0-19-530991-X. 
  240. Fattouh, Mayssa. «Bahrain's Art and Culture Scenes». Nafas. Henta 4. april 2017. 
  241. Aldosari, Ali (2006). Middle East, Western Asia, and Northern Africa. Marshall Cavendish Corporation. s. 39. ISBN 9780761475712. 
  242. «Bahrain – The Arts and the Humanities». EveryCulture.com. Henta 4. april 2017. 
  243. al-Jayousi, Muhammed (7. februar 2011). «Bahraini poet Ali al-Sharqawi looks to explore 'cosmic spirit' in his works». Al Shorfa. Arkivert frå originalen 1. juni 2016. Henta 4. april 2017. 
  244. Lewis, Paul (18. november 1984). «Eden on the isle of Bahrain». New York Times. Arkivert frå originalen 24. juni 2017. Henta 4. april 2017. 
  245. Meixler, Louis (20. september 1998). «An Ancient Garden of Eden Is Unearthed in Persiabukta's Bahrain». Los Angeles Times. Arkivert frå originalen 10. oktober 2017. Henta 4. april 2017. 
  246. 246,0 246,1 Frishkopf, Michael (2010). Music and Media in the Arab World. American University in Kairo. s. 114–116. ISBN 977-416-293-5. 
  247. 247,0 247,1 «Bahrain – Sports and Recreation». Britannica Online Encyclopedia. Henta 2. april 2017. 
  248. «Bahrain Football Association» (på arabisk). Bahrainfootball.org. Arkivert frå originalen 17. juli 2012. Henta 2. april 2017. 
  249. Noble, Jonatha (28. mai 2016). «Bahrain GP2 Asia race cancelled». Autosport. Henta 23. april 2017. 
  250. Pleitgen, Frederik (18. april 2012). «Bahrain circuit boss: Race not a big risk». CNN. Henta 4. april 2017. 
  251. «Clashes in Bahrain ahead of F1 race». Al Jazeera. 20. april 2012. Henta 4. april 2017. 
  252. Pleitgen, Frederik (18. april 2012). «Bahrain circuit boss: Race not a big risk». CNN. Henta 30. juni 2012. 
  253. News Wires (4. april 2017). «Bahrain security, protesters clash ahead of Grand Prix». Frankrike 24. AFP. Henta 30. juni 2012. 
  254. «Protests As Anger Over Bahrain F1 Race Grows». Sky News Online. 20. april 2012. Henta 4. april 2017. 
  255. Taylor, Jerome; Tremayne, David (4. april 2017). «Rage against the Formula One machine». The Independent (London). Henta 4. april 2017. 

Bakgrunnsstoff

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Bahrain
Reiseguide for Bahrain frå Wikivoyage
Kembali kehalaman sebelumnya