Baryton er ei røyst for menn som ligg mellom tenor og bass.
Barytonrøysta kan vidare delast inn i ulike typar, særleg når musikken krev trente stemmer som opera, musikalar og klassisk kyrkjemusikk.
I musikkteater (opera) deler ein barytonrøysta i ulike roller etter den personlege tonen, fysikken og utstrålinga til songaren:
- Lyrisk baryton (Papageno, Figaro, etc.)
- Kavaljerbaryton (Don Juan, Onegin, etc.)
- Karakterbaryton (Rigoletto, Escamillo, etc.)
- Heroisk baryton (Macbeth, Wotan, etc.)
Kjelder
- The art of Auditioning av Anthony Legge. Rhinegold Publishing Limited 1988.
- Kungliga Operan i Stockholm. Biografier.