Kart over Bengalbukta
Satellittbilete under eit lågtrykk over Bengalbukta.
Bengalbukta er den nordaustlege delen av Indiahavet , og ligg mellom det indiske subkontinentet i vest og den malayiske halvøya og Andamanøyane i aust. Ein dreg grensa mot sjølve Indiahavet mellom sørpissen av Sri Lanka og nordspissen av indonesiske Sumatra . Bukta har namn etter Bengal , eit område som i dag er delt i provinsane Vest-Bengal i India og Bangladesh , tidlegare Aust-Bengal .
Geografi
Mange store elvar har utløp i Bengalbukta; nokre av dei største er burmesiske Irrawaddy frå Burma, Ganga , Meghna og Brahmaputra gjennom det bangladeshiske Gangesdeltaet , og Mahanadi , Godavari , Krishna og Kaveri frå India. Blant større hamnebyar finn ein burmesiske Yangon , bangladeshiske Chittagong og Mongla og indiske Kolkata (tidlegare Calcutta), Visakhapatnam , Chennai (tidlegare Madras) og Puducherry (tidlegare Pondicherry). Av strender peiker Cox's Bazar aust i Bangladesh seg ut, som ei av dei lengste samanhengande sandstrendene i verda.
Det ligg ei rekke øyar i bukta, med Andamanane , Nikobarane og Merhuiøyane som dei viktigaste øygruppene.
Historie
Bukta er blitt kalla «Tsjolasjøen», fordi Tsjolariket omfatta landet på begge sider. Det føregjekk både handels- og militærtokter, og ei gruppe av tamilar slo seg ned i Malaysia der etterkomarane i dag blir kalla chittyar .