Richard Darryl Way (fødd 17. desember1948)[1] er ein engelsk musikar innan både rock og klassisk musikk. Han var med å skipe Curved Air og var medlåtskrivar på den einaste hitsingelen deira, «Back Street Luv». Han er mest kjend som fiolinist, sjølv om han òg speler klaverinstrument.
Biografi
Han byrja musikkopplæringa si i Dartington College of Arts, og studerte seinare ved Royal College of Music. Då ham møtte Francis Monkman skipa dei bandet Sisyphus, som utvikla seg til å bli Curved Air.[2]
Etter tre album og ein hitsingel med Curved Air, slutta han i 1972 og skipa Darryl Way's Wolf, som òg spelte inn tre album før dei vart oppløyst. Det neste bandet hans, Stark Naked & the Car Thieves, tok ein pause då Curved Air vart skipa på ny seint i 1974.[3] Etter albumet Curved Air – Live vart Curved Air oppøyst på ny, men vart igjen samla att av Way med hovudsakleg medlemmar frå Stark Naked & the Car Thieves.[3] Han spelte inn to studioalbum med denne nye inkarnasjonen av gruppa før han igjen drog.[2]