Share to: share facebook share twitter share wa share telegram print page

North Star av Curved Air

North Star
Studioalbum av Curved Air
Utgjeve 17. mars 2014
Studio Ilkatron Studios
Sjanger Progressiv rock, folkrock
Lengd 1:15:54[1]
Selskap Curved Air
Produsent Curved Air, Beric Wickens
Curved Air-kronologi 
Lovechild
(1976)
North Star


North Star er det åttande studioalbumet til Curved Air, gjeve ut 17. mars 2014.[2] Det var det første albumet deira med stort sett nye songar sidan bandet kom saman att i 2008 og det første skikkelege studioalbumet sidan Airborn i 1976.

Bakgrunn og innspeling

Sjølv om gitaristen Kit Morgan er oppført som medlåtskrivar på sju nye songar, hadde han slutta i bandet då innspelinga fann stad og erstatta av Kirby Gregory som var komen attende i bandet.

Tre av songane var tidlegare gjevne ut på dei to første Curved Air-albuma og spelte inn på nytt, i tillegg til ein song frå eit soloalbum av Sonja Kristina. Albumet inneheldt òg tre coverversjonarav andre band: The Police, Snow Patrol og The Beatles.

Innhald

Alle songar skrivne av Harris/Kristina/Morgan/Norton/Pilkington-Miksa/Sax, utanom der andre er nemnde:

Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Stay Human» 3:50
2.«Time Games» 6:23
3.«Puppets» (først gjeven ut på Second Album)Darryl Way, Sonja Kristina5:20
4.«Images and Signs» 6:44
5.«Interplay» 5:41
6.«Spider» 4:39
7.«Magnetism» 6:32
8.«Colder Than a Rose in Snow» (først gjeven ut i 1980 på Sonja Kristina)Paul Travis, Norma Tager4:26
9.«Spirits in the Material World» (cover av The Police)Gordon Sumner4:58
10.«Old Town News» 5:08
11.«Situations» (først gjeven ut på Air Conditioning)Darryl Way, Rob Martin6:14
12.«Chasing Cars» (cover av Snow Patrol)Gary Lightbody, Nathan Connolly, Jonny Quinn, Tom Simpson, Paul Wilson4:54
13.«Young Mother»Darryl Way, Sonja Kristina6:45
14.«Across the Universe» (cover av The Beatles)John Lennon, Paul McCartney4:20

Medverkande

Curved Air
Produksjon[3]
  • Marvin Ayres – rådgjevar, lydteknikar, vokal lydteknikar
  • Beric Wickens - produsent
  • Denis Blackham – mastering
  • Nuno Fernandes – lydteknikar
  • Carl Glover – grafisk design, montasje, fotografi
  • Michael Inns – portrett
  • Chris Smith – lydteknikar
  • Ben Williams – lydteknikar

Kjelder

  1. «North Star - Curved Air | Songs, Reviews, Credits, Awards | AllMusic». allmusic.com. Henta 11. april 2020. 
  2. «CURVED AIR Ft. Sonja Kristina Release New CD 'North Star' - BWWMusicWorld». broadwayworld.com. 24. mars 2014. Henta 11. april 2020. 
  3. «North Star - Curved Air | Credits | AllMusic». allmusic.com. Henta 11. april 2020. 
Kembali kehalaman sebelumnya