«Day-In Day-Out» er ein song spelt inn av den engelske songaren David Bowie, som opningssporet til det 17. studioalbumet hans, Never Let Me Down (1987). Han vart gjeven ut på singel 23. mars 1987 før albumet kom ut. Songen var skriven av Bowie aleine, medan innspelinga vart produsert i lag med David Richards. Songen er eit R&B-spor som kritiserer handsaminga av heimlause i USA på den tida, og kor langt ei ung mor er villig til gå for å fø barnet sitt.
Ein tilhøyrande musikkvideo for singelen vart filma i 1987 og vart bannlyst av somme stasjonar på grunn av innhaldet. Likevel vart han nominert til MTV Video Music Award i 1987 i kategorien «beste mannlege video». Kommersielt var «Day-In Day-Out» den mest suksessrike singelen frå Never Let Me Down, og nådde 17. plassen i Storbritannia og nådde topp 40 i fleire andre land.
Ein ny versjon av songen med Bowie sin originale vokal, og noko av den originale musikken kom ut i 2018 som ein del av albumet Never Let Me Down 2018, som ein del av plateboksen Loving the Alien (1983-1988).
Bakgrunn og utgjeving
«Day-In Day-Out» vart skriven av Bowie i heimen hans i Montreux i Sveits, i lag med det meste av resten av Never Let Me Down i midten av 1986.[1] Han vart spelt inn hausten 1986 i Mountain Studios i same byen.[2] Songaren skreiv songen fordi han var uroa over handsaminga av heimlause i USA,[3] eit steg inn i samfunnskommentarar, som han kom til å gjere meir av med bandet Tin Machine to år seinare.[4]
Musikalsk er songen ein R&B-song,[5] som kan minne om nokre av R&B-songane hans frå 1970-åra.[6] Ein forfattar sa at han er «eit døme av styrken til Bowie i R&B-sjangeren.»[5] Teskten på songen vart av ein skribent samanlikna med Dolly Parton-songen «9 to 5» (1980), og omhandlar kor langt ei ung mor kan gå for å brødfø barnet sitt.[5] Bowie hevda songen vart vald ut som den første singelen frå Never Let Me Down «meir som ei utsegn for energi» enn eit forsøk på å nå singellistene.[1] Han kom ut 23. mars 1987 på EMI på fleire 7"- og 12"-singelformat med B-sida «Julie».[7][8] Det kom òg ut ein video-EP same året.[4] Singelen vart lagt til fleire samleplater, som Bowie: The Singles 1969-1993 (1993), The Singles Collection (1993), Bowie – The Video Collection (1993), Best of Bowie (2002), The Platinum Collection (2005) og The Best of David Bowie 1980–1987 (2007).[9]
Ein spanskspråkleg versjon av «Day-In-Day-Out», kalla «Al Alba» eller «Dia Tras Dia», og vart spelt inn i 1987 for å skape blest rundt dei aller første konsertane hans i Spania under Glass Spider-turneen (1987). Singelen vart spelt på spansk radio før konsertane, men vart aldri gjeven ut som ein eigen singel. Han vart derimot tilgjengeleg for digital nedlasting i 2007.[4]
«Day-In Day-Out» vart framført på konsertar under Glass Spider-turneen (1987), og kom ut på konsertvideoen Glass Spider (1988).[4]
Songen vart nyinnspelt og ommastra for plateboksen Loving the Alien (1983-1988) (2018).[10] For den nyinnspelte versjonen av songen oppdaga Mario J. McNulty, som miksa plata, at Bowie hadde spelt inn The Borneo Horns (Stanley Harrison, Lenny Pickett, Steve Elson og Arif Mardin) på dei originale lydbanda, men vald å erstatte dei med syntetiske blåsarar. McNulty henta inn att desse blåsarane og sa at songen no hadde «ein fot i fortida og ein i notida».[11]
Då singelen kom ut fekk «Day-In Day-Out» blanda kritikk frå musikkpressa. Dei fleste klaga på dårleg studioproduksjon,[6][12][13][14] men somme meinte songen var «moro»[12][15] og «dansbar».[6][16] Bowie-biografen Nicholas Pegg kalla songen «frustrerande», for på eine sida var det «ein ganske bra song», men på den andre sida «omfatta han alt som i starten verkar lovande, men som til sjuande og siste berre er irriterande» ved albumet. Han avslutta «Ein stad inn i der er det eit forsøk på å erobre attende det tidlegare Bowie-territoriet innan gitarbasert rock, men 'Day-In Day-Out' lid under å vere overprodusert. Det er eit stykke 80-tals softrock som i 2016 høyrest utruleg utdatert ut samanlikna med tidlegare musikk av Bowie.»[4]
B-sida til singelen «Julie», vart av biografen David Buckley skildra som den mest «fengande» songen av alle songane frå Never Let Me Down-innspelinga og klagde over at songen berre vart plassert på B-sida.[17] Pegg var samd og kalla han «utan tvil ein av dei beste spora frå heile innspelinga», og meinte det kunne ha vore ein hit om Bowie hadde gjeve denne ut på singel i staden.[4]
Musikkvideo
Bakgrunn og utvikling
Musikkvideoen til «Day-In Day-Out» vart filma i Los Angeles tidleg i 1987 og Bowie hevda han «ikkje kom til å selje songen i det heile tatt», og berre var designa for å utforske musikkvideo som historieforteljing i staden for å marknadsføre sjølve songen.[1] Songaren tok òg hand i designet og biletmanuset for det visuelle og sa «Eg gjer dei originale teikningane, hovudbiletet i kvar situasjon, og så sette teiknarane dei i rekkjefølgje bakover og framover frå det. Så sette eg inn dei viktigaste kameravinklane eg tenkte kom til å bli interessante eller forskjellige. Og Julien [Temple] kom med sine innspel. Eg byrja å arbeide på denne måten på 'Ashes to Ashes'-videoen med David Mallet. Det var det første store forsøket mitt og vann prisar på den tida for å lage musikkvideoar på ein ny måte.»[18]
Julien Temple og Bowie regisserte videoen i lag og sytne eit ungt par som kjempa mot eit samfunn som ikkje bryr seg.[3] Bowie arbeidde med teatergruppa «Skid Row» frå Los Angeles for å representere dei heimlause i videoen.[20] Tony Selznik lærte Bowie å gå på rulleskeiser for videoen og sa i 2013 «David var særs audmjuk og på eit vis mellom to karrierer. Han var desillusjonert av musikkindustrien. Eg lærte han å skeise på ein parkeringsplass. Me filma videoen på Hollywood Boulevard om natta, med meg i ein parykk og lêrjakke som hans dobbeltgjengar for somme scener. Det einaste stygge fallet var det ein instruktør som hadde: hjula mine falt av og eg blødde overalt. David reinsa såra mine. Han var så grei og normal.»[19]
Kontrovers og prisar
Musikkvideoen vart bannlyst på somme TV-stasjonar, sjølv etter scenar som indikerte at den kvinnelege hovudpersonen vart valdteken og byta inn ein alternativ scene der barnet til paret stavar «Mom», «Food» og «Fuck» i bokstavklossar,[4] og fjerna ein scene der ein ung mann urinerer på stjerna til Ronald Reagan på Hollywood Walk of Fame.[21]
Bowie sa om bannlysinga: «Eg syns det er latterleg. Sensuren vart fanga opp i den vanlege gule pressa på grunn av kva det såg ut som og ikkje på grunn av kva det sa.»[22] Under presseturneen for Glass Spider-turneen vart han spurt om kontroversen og sa: «Me spurte politiet i Los Angeles om å arbeide med oss og det gjorde dei gledeleg. Me ønskte å indikere korleis somme av husa for heimlause vart fjerna, så me spurte om dei kunne ta med seg eit av apparata dei bruker. Det var ein slags tanks med ein stor rambukk. Og på enden av rambukken hadde dei laga ein liten vits. Når denne går gjennom vindauget står det 'Have a nice day.' Og eg sa at det kom til å bli med i videoen, og dei sa dei berre var glad til, så dei let han henge på rambukken. Er det kontroversielt? Eg veit ikkje.»[23] Videoen vart nominert for ein MTV Video Music Award i 1987 i kategorien «beste mannlege video», men tapte for Peter Gabriel sin «Sledgehammer» (1986).[24]
Innhald
All tekst av Bowie, medan remiksane er produsert av Shep Pettibone, utanom «Groucho» mix, som vart miksa av Paul «Groucho» Smykle.[4] Ei avgrensa utgåve (EAX 230) av den andre 7"-singelen som kom i Storbritannia hadde ei 7" raud vinylplate i ein nummerert boks med klistremerke og eit fotohefte.[8] Video-EP er den einaste kjelda til den uredigerte versjonen av «Day-In Day-Out» og «Loving the Alien». Sistnemnde inneheld eit klipp av Bowie som blør naseblod, noko som vart redigert bort i andre versjonar.[4]