Den andre polske republikken er namnet som vert nytta om Republikken Polen mellom første og andre verdskrig.
Då landegrensene til staten vart fastsett i 1922 etter fleire krigar grensa republikken mot Tsjekkoslovakia, Tyskland, Fristaden Danzig, Litauen, Latvia, Romania og Sovjetunionen, pluss ei lita kyststripe mot Austersjøen rundt byen Gdynia. Republikken hadde eit areal på 388 634 km² (sjette største i Europa, hausten 1938 auka arealet til 389 720 km² etter annekteringa av Zaolzie) og 27,2 millionar innbyggjarar same året. I 1939, like før den andre verdskrigen braut ut er det estimert at folketalet var 35,1 millionar innbyggjarar. Nesten ein tredjedel av desse var minoritetar (13,9 % ukrainarar, 3,1 % kviterussarar, 8,6 % jødar, 2,3 % tyskarar og 3,4 % litauarar, russarar og tsjekkarar.
Den andre republikken vert ofte assosiert med periodar med mykje motgang, problem og triumf. Det var store økonomiske vanskar og øydeleggingar etter den første verdskrigen, etterfølgd av den sovjetiske invasjonen under den polsk-sovjetiske krigen, og det stadig meir fiendtleg innstilte Nazi-Tyskland. Landet klarte likevel å stå imot og til og med utvide landområda sine. Polen hadde ikkje oversjøiske koloniar, men klarte likevel å halde eit nivå av økonomisk utvikling og velstand som kunne samanliknast med det ein fann lenger vest. Dei store kultursentera Warszawa, Kraków, Poznan, Wilno og Lwów gjorde dei til store europeiske byar. Her var òg internasjonale anerkjende universitet og andre høgare utdanningsinstitusjonar. I 1939 hadde republikken vorte ei stor verdsmakt både politisk og økonomisk.
Den andre polske republikken enda i september 1939, då både tyske og sovjetiske styrkar rykte inn i landet. Folkerepublikken Polen vart oppretta etter den andre verdskrigen tok slutt i 1945.
Kjelder