Share to: share facebook share twitter share wa share telegram print page

Geologisk tidsskala

Skjema for geologisk tidsskala.

Geologisk tidsskala er eit kronologisk skjema (eller idealisert modell) nytta innan stratigrafi for dele inn tidsperiodar basert på forskjellige hendingar som har skjedd opp gjennom historia til jorda. Tidskalaen og namna er lagt fram av International Commission on Stratigraphy og tabellen under nyttar standard fargekordar frå United States Geological Survey.

Ved hjelp av radiometrisk datering har ein funne ut at jorda er 4,54 ± 0,05 milliardar år gamal (i området 4,49-4,59 milliardar år)[1][2] Den geologiske tidsskalaen til jorda har vorte delt inn med forskjellige einingar og etter hendingar som fann stad i kvar periode. Starten og slutten på ein periode er vanlegvis avgrensa til store geologiske eller paleontologiske hendingar, som masseutryddingar. Grensa mellom krittida og paleogen er sett til ei slik utryddingshending der dinosaurane og mange sjødyr døydde ut. Eldre periodar før ein har pålitelege fossilfunn er definert ved absolutt alder.

Geografisk tidslinjer

Den andre og tredje tidslinja er undergrupper av av den føregåande tidslinja som indikert med stjerne.

illegal element removed -->

illegal element removed --> illegal element removed --> illegal element removed --> illegal element removed --> illegal element removed --> illegal element removed --> illegal element removed --> illegal element removed --> illegal element removed --> illegal element removed --> illegal element removed --> illegal element removed --> illegal element removed --> illegal element removed --> illegal element removed --> illegal element removed --> illegal element removed --> Ediacara illegal element removed --> illegal element removed --> illegal element removed --> illegal element removed --> illegal element removed --> illegal element removed --> illegal element removed --> illegal element removed --> PaleoproterozoikumMesoproterozoikum illegal element removed --> illegal element removed --> illegal element removed --> illegal element removed --> illegal element removed --> illegal element removed --> illegal element removed --> illegal element removed -->

HadeikumArkeikumProterozoikumFanerozoikumPrekambrium
KambriumOrdovicium illegal element removed -->

illegal element removed --> DevontidaKarbontidaPermtidaTriasJuratidaKrittid illegal element removed --> illegal element removed --> illegal element removed --> illegal element removed -->

PaleozoikumMesozoikumKenozoikumFanerozoikum
paleoceneosenoligocenmiocen illegal element removed -->

illegal element removed -->

pleistocenPaleogenNeogenKvartærtidaKenozoikum
Millionar år


Holocen, den siste epoken er for liten til at han synst på denne tidslinja.

Terminologi

Den største definerte tidseininga er supereon som er inndelt i eon. Eona er vidare delt inn i æraer, som igjen er delt inn i periodar, epokar og stadia. Samstundes har paleontologar definert eit system baset på endringar i observerte fossilsamlingar. I fleire tilfelle har desse fauniske stadia vorte teke opp i den geologiske terminologien, men generelt er det langt fleire anerkjende fauniske stadia enn definerte geologiske tidseiningar.

Geologar nyttar ofte uttrykka øvre/sein, nedre/tidleg, og midtre/mellom-delar av periodar og andre einingar, som «øvre jura» og «mellomkambrium». Øvre, midtre og nedre er uttrykk som vert nytta om sjølve bergartane, i «øvre jura-sandstein», medan sein, midtre og tidleg vert nytta om tid, som i «avleiringar frå tidleg jura» eller «fossil frå tidleg jura». Fordi geologiske periodar som skjedde samstundes, men i forskjellige stader i verda ofte ser forskjellig ut og inneheld forskjellige fossil, er det mange døme på at dei same periodane tidlegare fekk forskjellige namn på forskjellige stader. Ei av nøkkeloppgåvene til International Commission on Stratigraphy er å bringe orden i terminologien og definere ein universell terminologi som kan nyttast i heile verda.

Historie

Jorda si historie på 24 timar

Eit av prinsippa for geologiske tidsskalaer var dei forskjellige berglaga som ligg oppå kvarandre. Dette vart først føreslått av den persiske geologen Avicenna (Ibn Sina) på 1000-talet.

Prinsippa for geologiske tidskalaer vart seinare definert av Nicholas Steno seint på 1600-talet. Steno argumenterte for at berglag (eller strata) vert lagt ned i rekkefølge og at kvart lag representerer ein tidsperiode. Han formulerte òg superposisjonsprinsippet som seier at eit stratum er truleg eldre enn dei over seg og yngre enn dei under seg. Prinsippet er enkelt, men det er ofte vanskeleg i røynda. Utover 1700-talet oppdaga geologar at berglaga ofte var erodert, forvrengd, skråstilt eller til og med snudd på hovudet. Strata lagt ned på same tidspunkt, men på forskjellige stader kunne sjå heilt forskjellig ut, og berglag på ein viss stad på jorda representerte berre delar av den lange historia til Jorda.

Det første seriøse forsøket på å formulere ein geologisk tidsskala som kunne nyttast overalt på jorda vart gjort seint på 1700-talet. Den viktigaste av desse tidlege forsøka vart gjort av Abraham Werner, som delte bergartane i jordskorpa inn i fire typar: Primær, sekundær, tertiær og kvartær. Kvar bergart var i følgje teorien danna i ein spesifikk periode i jordhistoria. Ein kunne derfor snakke om ein «tertiær periode» eller «tertiære bergartar». Tertiær (i dag paleocen og pliocen) og kvartær (i dag pleistocen og holocen) var faktisk i bruk til langt ut på 1900-talet.

Werner og mange på hans tid var tilhengjarar av den såkalla neptunistteorien som gjekk ut på alt grunnfjell oppstod ved ein enorm enkeltståande flaum. Med James Hutton og verket Theory of the Earth; or, an Investigation of the Laws Observable in the Composition, Dissolution, and Restoration of Land Upon the Globe føre Royal Society of Edinburgh i mars og april 1785 vart Hutton grunnleggaren av moderne geologi.[3] Hutton føreslo at det indre av jorda var varm, og at det var denne varmen som dreiv danninga av nytt grunnfjell. Han meinte at land vart erodert av luft og vatn og avleiringar la seg som lag på havbotn og at varmen så etter kvart gjorde sedimenta til stein og heva det til nytt land. Denne teorien vart kalla «plutonist», i motsetnad til den flaumorienterte teorien.

William Smith, Georges Cuvier, Jean d'Omalius d'Halloy og Alexandre Brogniart starta å identifisere strata etter fossila dei inneheldt tidleg på 1800-talet, og dette gjorde at geologar kunne dele historia til jorda inn meir nøyaktig. Det gjorde òg at dei kunne samanlikne berglag på tvers av landegrenser (eller til og med kontinent). Om to lag inneheldt dei same fossila var sjanse stor for at dei var lagt ned samstundes. Detaljerte studiar mellom 1820 og 1850 av strata og fossil i Europa førte til definisjonar av geologiske periodar som framleis er i bruk i dag.

Denne prosessen var dominert av britiske geologar og namna i perioden reflekterer dette. Kambrium (det romerske namnet på Wales), ordovicium og silur er kalla opp etter walisiske folk fordi periodane vart definert av stratigrafiske lag i Wales.[4] Devontida vart namngjeve etter grevskapet Devon i England. Permtida er kalla opp etter byen Perm i Russland fordi den skotske geologen Roderick Murchison var i området og definerte perioden.

Andre periodar igjen vart definert av geologar frå andre land. Trias vart til dømes namngjeve i 1834 av den tyske geologen Friedrich Von Alberti. Jura vart namngjeve av den franske geologen Alexandre Brogniart etter Jurafjella.

Britiske geologar grupperte òg periodane inn i æraer og epokar.

I 1977 starta Global Commission on Stratigraphy (i dag International Commission on Stratigraphy) med arbeidet om å definere dei geologiske periodane globalt.

Tabell

Tabellen under viser dei store hendingane og periodane som utgjer den geologiske tidsskalaen. Høgda på kvar søyle samsvarar ikkje med tida kvar periode varte.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Kembali kehalaman sebelumnya