Share to: share facebook share twitter share wa share telegram print page

Mordechaj Anielewicz

Mordechaj Anielewicz

Statsborgarskap Polen
Fødd 1919
Wyszków
Død

8. mai 1943 (23 år)
Warszawa, Warszawagettoen

Yrke motstandskjempar
Språk polsk
Medlem av Hashomer Hatzair, Żydowska Organizacja Bojowa
Partnar Mira Fuchrer
Mordechaj Anielewicz på Commons

Mordechaj Anielewicz (ca. 1919/1920-8. mai 1943) var leiaren for ein organisasjon som på polsk vart kalla Żydowska Organizacja Bojowa, eller ‘jødisk kamporganisasjon’. Forkortinga var ŻOB. Organisasjonen var aktiv i oppreisten i Warszawa-ghettoen i 1943.

Han vart fødd inn i ein fattig familie. I oppveksten vart han med i den sionistisk-sosialistiske ungdomsgruppa Hashomer Hatzair. Seinare vart han leiar for denne gruppa. I byrjinga av september 1939 gjekk Tyskland til åtak på Polen, og den andre verdskrigen starta i Europa.

Den 7. september 1939, ei veke etter åtaket, flykta Anielewicz med gruppa si frå Warszawa mot aust. Dei vona at polakkane ville klara å stogga tyskarane. Sovjetunionen gjekk etter kvart inn i austlege delar av Polen. Anielewicz prøvde å koma seg over til Romania. Ein tanke var å kunna opna ein veg for unge jødar til å flykta mot Israel. Han vart teken, og sett i eit sovjetisk fengsel. Men kort tid etter vart han frigjeven, og vende attende til ghettoen i Warszawa.

Jødiske flyktningar og politiske grupperingar flykta til Vilna/Vilnius i Litauen. Byen var kontrollert av sovjetiske styrkar. Anielewicz reiste til Vilnius og overtydde folk om å reisa attende til Polen for å halda fram kampen mot nazistane. Han vende attende til Warszawa i januar 1940 saman med kjærasten Mira Furker. Han organiserte motstandsgrupper og vitja grupper i andre byar.

Sommaren 1942 var Anielewicz på vitjing sør-vest i Polen. Området hadde vorte teke opp i Stortyskland, og ein prøvde å organisera væpna motstand.

Attende i hovudstaden fann han ut at store mengder folk hadde vorte sende til konsentrasjonsleiren Treblinka. Berre 60 000 av 350 000 jødar fanst att. Han vart med i Żydowska Organizacja Bojowa (ZOB), og i november 1942 vart han vald til kommandant.

Tidleg i 1943 vart det teke kontakt med den polske regjeringa i London. Gruppa fekk våpen frå den polske delen av byen. Den 18. januar 1943 fekk han hindra ei ny storsending av jødar til utryddingsleirane. Men oppreisten i ghettoen braut etter kvart saman. Anielewicz tok sjølvmord, saman med kona og mange av hjelparane. Sjølvmorda fann stad i ZOB-bunkeren i Miła gata nr. 18 den 8. mai 1943. Tidleg i 1944 vart han etter døden tildelt Virtuti Militari, den polske militærkrossen.

Kibbutzen Yad Mordechai i Israel er oppkalla etter han og eit monument vart sett opp til minne om han.

Bakgrunnsstoff

Kembali kehalaman sebelumnya