Newcastle upon Tyne, som regel kalla berre Newcastle, er ein by ved elva Tyne nordaust i England. Han er det 31. folkerikaste distriktet i landet med om lag 260 000 innbyggjarar, men områda North og South Tyneside, Gateshead og byen Sunderland med til saman 660 000 innbyggjarar vert gjerne rekna som del av Newcastle.
Byen er eit viktig administrativt, kommersielt og kulturelt senter for Nordaust-England. Her er viktig og variert industri, mellom anna jern- og stålindustri, kjemiske fabrikkar med meir og ein velkjend ølproduksjon (Newcastle Brown). Den tidlegare så viktige skipsbygginga har sidan 1970-åra gått sterkt tilbake.
Newcastle er eit viktig utdanningssenter med Universitet frå 1963 (tidlegare King's College, 1851) samt fleire andre utdanningsinstitusjonar. Byen er òg eit anglikansk og katolsk bispesete og har eit stort senter for samtidskunst (BALTIC) og naturhistorisk museum.
Newcastle tyder Ny borg, og borga det er snakk om var ny i 1080. Det var normannarane som bygde henne kort tid etter at dei fekk makta i England. Borgtårnet og ein av portane kan fortsatt sjåast, resten vart rive då jarnbanen kom til byen på 1800-talet.
Nedgang i tungindustrien i andre halvdel av 1900-talet førte til arbeidsløyse og fattigdom i arbeidarstrøka i byen. Gjennom byutvikling har Newcastle markert seg som eit senter for handling og uteliv. No finst dei fleste jobbane innan kontor- og servicenæringa.
Den eldste bydelen, saman med laugshuset frå 1600-talet og borga, er restar frå førindustriell tid. Delar av sentrum har mange bygningar frå 1800-talet. Høgare oppe, i nord og vest, er det moderne, opne bustadområde. Elles er byen prega av å vere ein industriby. Borga (1172–1177) var ein gong den sterkaste i Nord-England og hovudporten Black Gate er mellom anna bevart. Like så finst restar av bymurane frå 1200-talet og kyrkjene St. Andrew's frå 1000–1300-talet, St. John's frå 1300–1400-talet og domkyrkja St. Nicholas frå 1400-talet. Den katolske St. Mary's Cathedral vart ferdig 1844. Fleire bruer fører over til Gateshead på sørbreidda av Tyne, mellom anna High Level Bridge (av Robert Stephenson, 1849) og Millenum Bridge frå 2001. I Gateshead ligg musikksenteret The Saga (teikna av Foster and Partnars og ferdigstilt i 2005).
Anna
Geordie er namnet på ein person frå Newcastle og på dialekten dei snakkar der.
Denne artikkelen treng fleire referansar for verifikasjon.
Du kan forbetra denne artikkelen ved å leggja inn referansar til pålitelege kjelder. Kven som helst kan fjerna kjeldelaust materiale utan forvarsel, men den føretrekte tilnærminga er i første omgang å markera dei setningene/påstandene som treng kjeldebelegg ved å tilføya {{tr}} etter påstanden. Malen blei sett inn 2024