Etter at Tyne and Wear vart skipa i 1974, etter å ha vore lutar av grevskapa Northumberland og County Durham, har grevskapsrådet i Northumberland halde til i byen Morpeth, aust i grevskapet.
Opphavet til Northumberland er det tidlegare kongedømetNorthumbria, men dagens Northumberland femner om eit mykje mindre landområde. Som kongedømet Northumbria under kong Edvin, strekte dei historiske grensene for regionen seg frå Humber i sør til elva Forth i nord. Dei historiske grensene til grevskapet dekte eit anna område, inkludert Newcastle upon Tyne, den tradisjonelle grevskapsbyen, og Tynemouth og andre busetnader i North Tyneside, som har vore ein del av Tyne and Wear sidan 1974. Dei historiske grensene til grevskapet utelet stundom Islandshire, Bedlingtonshire og Norhamshire (North Durham), eksklavane til County Durham som vart innlemma i Northumberland i 1844.
Landskapet i Northumberland er lågt og flatt nær Nordsjøkysten, og fjellrikt i nordvest. Det er rikt fugleliv langs kysten, som vert rekna som særleg vakker[1] med 102 km lang stiar.[2] Dalføra er fruktbare. Det er eit stort sauehald, og noko fiske.
Utanfor kysten av Northumberland ligg øyane Lindisfarne, og kalla Holy Island og Farne Islands, som består av doleritt.
På søraustkysten, nord for Tyne, ligg det kolfelt. Coquetelva renn gjennom landskapet.
Klima
Northumberland ligg i ei mild, temperert klimasone, og har eit typisk kystklima for Nordaust-England. Vêrlaget er særs omskifteleg, gjennomgåande med høg luftfukt. Gjennomsnittleg årleg temperatur er 7,1-9,3 °C. Det fell 466-1060 mm årleg nedbør.