Paul Caruso (1. juni 1955–3. mai 2006) var ein USA-amerikansk trommeslagar som spelte for Boston-bandet The Atlantics.
Caruso vart med i Atlantics i 1979, som erstatning for Ray Boy Fernandes, og spelte på den bestseljande plata deira, Lonelyhearts. Han var medprodusent og spelte trommer på songen «Mercy» frå Joe Perry-albumet Joe Perry som vart nominert til ein Grammypris[1]. Han opptredde òg på Late Night with Conan O'Brien som trommeslagar for Perry omtrent eit år før han døydde. Caruso var òg lydteknikar på to Aerosmith-album, Just Push Play i 2001 og Honkin' on Bobo i 2004.
Han kollapsa og døydde 50 år gammal i heimen sin i Kingston. Han etterlét seg kona Susan og to søner, Christian og Zachary.
Kjelder