Periferiane i Hellas (gresk περιφέρεια, periféria) utgjer ei administrativ inndeling i Hellas. Det er 13 periferiar (ni på fastlandet og fire øygrupper). Periferiane er delte inn i 74 periferieiningar som frå 2010 erstattar dei 54 prefektura.[1] Tradisjonelt, og fram til 1987 òg offisielt, var det ti regionar i Hellas, som framleis ofte vert nytta uoffisielt.
I tillegg finst det ein autonom region kalla Áthos (14), som grensar til Sentral-Makedonía. Dette er ein munkestat under gresk suverenitet. Han ligg på den austlegaste av dei tre store «fingrane» som stikk ut i Egearhavet frå halvøya Khalkidikí.