Stabæk Fotball (stifta 16. mars1912) er eit fotballag frå Bærum som spelar i Eliteserien (2020). Blant merittane til klubben finst eitt seriegull (2008), éin sølvmedalje (2007) og tre bronsemedaljar i Tippeligaen, eitt NM-gull frå 1998 og eitt NM-sølv frå 2008 og eitt superfinalegull frå 2009.
Note: Flagga viser til landslaget som spelaren kan spela for, som definert av FIFA sine reglar. Spelarane kan ha fleire nasjonalitetar i annan forstand.
Stabæk IF vart stifta i Løkkeveien 24 i Bærum i 1912. Stabæk er blitt kalla ein oskeladd i norsk toppfotball. Ei gruppe visjonære leiarar, mellom anna Ingebrigt Steen Jensen og Peder Stian Madsen, bestemte seg på slutten av 1980-talet for å gjere Stabæk til ei stormakt i norsk fotball, under mottoet «Ullevaal 95». Namnet synte til at ein skulle spele cupfinale i 1995. Laget gjekk raskt frå 4. divisjon til Tippeligaen, og debuterte der i 1995. Noko cupfinale vart det ikkje det året, men i 1998, då Rosenborg vart slått 3–1 etter ekstraomgangar. Thomas Finstad og Helgi Siggurdson scora eitt mål kvar i ekstraomgangane.
Etter å ha rykt ned i 2004, vann Stabæk 1. divisjon og rykte dermed opp igjen til Tippeligaen i 2005. I 2006 kom dei på femte plass i Tippeligaen og Daniel Nannskog vart toppscorar i ligaen. Året etter tok klubben sølv, bak Brann som vann.
Stabæk vann Tippeligaen 2008 og tok sitt første seriegull ved å slå Brann 1-2 på Brann stadion i Bergen. Gullet vart feira etter 6-2-sigeren mot Vålerenga på eit fullstappa Nadderud stadion i nest siste serierunde. Dette var planlagt å vere den siste kampen til klubben på Nadderud stadion; heretter skulle klubben spele på nye Fornebu stadion, som etter ein avtale med Telenor vart heitande Telenor Arena. Sesongen vart avslutta med NM-sølv etter tap for Vålerenga i finalen på Ullevaal stadion. I 2009 byrja Stabæk sesongen med å vinne nok ein tittel ved å slå Vålerenga 3-1 i superfinalen rett før seriestart i Telenor Arena. Sesongen byrja langt dårlegare i serien, der Stabæk låg på nest siste plass med sju poeng etter åtte rundar. Tre rundar seinare, borte mot Aalesund FK, kom det absolutte botnpunktet prestasjonsmessig, noko som skulle vise seg å markere starten på ein lang opptur, - ein opptur som sendte Stabæk inn i sølvstriden mot Molde, og til slutt gav bronse. 2010-sesongen enda med ein historisk svak 12. plass, Stabæks dårlegaste plassering sidan nedrykksåret 2004. Sesongen var prega av skadar samt utryggleik rundt trenarsituasjonen. 2012-sesongen enda med at Stabæk rykte ned etter den dårlegaste sesongen i Tippeligaen nokon gong. I 2013 spelar dei i Adeccoligaen.
Nesten på dagen ti år etter at ideen om han vart klekt, stod Stabæks nye heimebane (Noregs første innandørs Tippeliga-arena), Telenor Arena på Fornebu, klar til sesongen 2009. Det er ein innandørs multibruksarena som kan huse over 15 000 menneske på fotballkampar og andre sportsarrangement, og inntil 23 000 menneske på konsertar. Telenor betalte 115 millionar kroner i ein større sponsorpakke der stadionnamnet inngår.[2] Den første treningskampen var mot IFK Gøteborg 24. januar 2009. Kampen enda 0-0. Det første målet laga Rosenborgs Trond Olsen i ein treningskamp 27. februar 2009. 8. mars 2009, i den første offisielle kampen, Supercupfinalen mellom Stabæk og Vålerenga, kom heimelagets første siger på eige kunstgras med 3-1. I serien starta det litt tyngre på den nye arenaen, med tre uavgjorte og eitt tap på dei fire første. Med sin første siger i serien på Telenor Arena (4-1 mot Sandefjord 16. mai 2009) innleia Stabæk ein imponerande statistikk med ti sigrar på elleve seriekampar.
Den nye arenaen vart aldri utseld i løpet av det første året – i sterk kontrast til Nadderud, som året før var utseld til tolv av tretten seriekampar. Med ein langt større tilskodarkapasitet sørgde Telenor Arena likevel for ein kraftig auke i tilskodartalet for Stabæk, frå eit rekordsnitt på ca. 5 800 i 2008 til knappe 9 500 i 2009. Og det i eit år der dei fleste konkurrentane opplevde ein nedgang i tilskodartala. I 2010 gjekk derimot tala ned att til rundt 8000, og føre 2011-sesongen var det lenge usikkert om Stabæk i det hele tatt ville spele på Telenor Arena etter krangel om leigepriser og eigarrett. Mange supporterar av klubben har uttrykt stor skepsis til arenaen, og meiner han blir for stor og kunstig, og ønsker seg eit nytt stadion eller utbygd Nadderud.[treng kjelde]
Etter 2011-sesongen vart det bestemt at Stabæk skulle vende tilbake til Nadderud stadion på Bekkestua, etter at ein ikkje fann noko løysing på Fornebu.