Stronsay er ei øy i Orknøyane, nord for Skottland. Den største landsbyen på øya er Whitehall. Øya har litt over 300 innbyggjarar. Øya er 32,75 kvadratkilometer og det høgaste punktet på øya ligg 44 meter over havet.
Av attraksjonar på øya finn ein den naturlege bogen Vat of Kirbister og sjøfuglar som isterne.
Det er ein skule på øya. Stronsay er fødestaden til forfattaren Douglas Sutherland.
Historie
Det er funne to pilspissar av flint på øya i 2007, som ein trur er frå yngre steinalder eller tidleg mellomsteinalder for 10-12 000 år sidan. Dette kan vere dei eldste funna etter menneske så langt i heile Skottland.[1]
Øya er i dag jordbruksland, men på 1700- og 1800-talet var innhausting av tang og tare og sildekonservering store industriar med opp til 5000 tilsette. Folketalet var over tusen gjennom heile 1800-talet og fram til midten av 1900-talet. I 1891 budde det 1275 innbyggjarar på øya.[2]
Stronsay-monsteret var ein mystisk, rotnande leivning etter ein sjøskapning som dreiv i land på øya i 1808. Kadaveret var 17 meter langt og hadde ein omkrins på 5 meter.[3] Dette skapte stor oppstand på øya. Enkelte hevda det var ein sjøorm, medan andre meinte det var kadaveret etter ein brugde.
Geografi
Som nesten alle øyane i Orknøyane, består Stronsay av gammal raud sandstein.[2] Øya er generelt flat.