Westray er ei øy i Orknøyane i Skottland med kring 550 innbyggjarar. Den største landsbyen er Pierowall, som er eit kulturarvsenter. Her ligg ruinane av Lady Kirk og det går båt til Papa Westray.
Geografi
Øya har eit areal på 47,13 kvadratkilometer og ho er den sjette største av Orknøyane. Bergrunnen består av gammal raud sandstein. Det er lite torv på øya og ho er kjend for det frodige jordsmonnet sitt.[1]
Historie
Den første kjende busetnaden på øya er frå kring 3500 f.kr.. Ein trur at Westray og naboøya Papa Westray på denne tida var landfaste med kvarandre.[2]Links of Noltland er ein steinalder- og bronsealderstad underlagt Historic Scotland.[3]
Ved Noltland på Westray vart ei av dei mest imponerande slotta på Orknøyane bygd, Noltland Castle[4]. Slottet vart bestilt i 1560-åra av Gilbert Balfour, som truleg spelte ei viktig rollei mordet på Lord Darnley, gamelen til dronning Maria I av Skottland. Balfour gifta seg med Margaret Bothwell, syster til Adam Bothwell, biskop av Orknøyane, som gav han bispeeigedomen Westeray i medgift. Slottet låg ved Bay of Pierowall og vart bygt i 1560-åra. Det var kjend for ei uvanleg lang spiratrapp og triple skyteskår.[2] Balfour vart derimot avretta av svenskane før slottet var ferdig.
Andre attraksjonar på øya er den romanske kyrkja Cross Kirk og sjøstauren Castle O'Burrian, som ein gong vart nytta som eremitasje.