Share to: share facebook share twitter share wa share telegram print page

The Crystals

The Crystals

The Crystals i 1963
OpphavNew York City i USA
Aktiv1960–1968
SjangerPop, R&B
Tilknytte artistarDarlene Love
PlateselskapPhilles Records
MedlemmerDolores «Dee Dee» Kenniebrew
Patricia Pritchett-Lewis
Melissa «MelSoulTree» Grant
Tidlegare medlemmerBarbara Alston
Mary Thomas
Myrna Giraud
Patricia «Patsy» Wright
Dolores «LaLa» Brooks
Frances Collins

The Crystals var ei USA-amerikansk vokalgruppe basert i New York, og rekna blant artistane som definerte jentegruppetida på første halvdelen av 1960-åra. Frå 1961 til 1964 hadde dei ei rekkje hittar, som «There's No Other (Like My Baby)», «Uptown», «He's Sure the Boy I Love», «He's a Rebel», «Da Doo Ron Ron» og «Then He Kissed Me», med tre forskjellige kvinnelege frontsongarar. Alle desse var produserte av Phil Spector. Dei tre sistnemnte songane vart alle plasserte på lista til Rolling Stone over dei 500 beste songane gjennom tidene, på høvesvis 267, 114 og 493. plass[1]

Historie

Starten

I 1961 danna Barbara Alston, Mary Thomas, Dolores «Dee Dee» Kenniebrew, Myrna Giraud og Patricia «Patsy» Wright The Crystals med hjelp frå Benny Wells, onkelen til Alston. Etter kort tid fekk kvintetten kontrakt med selskapet til Phil Spector, Philles Records.[2]

Den første hitten deira, den gospelaktige «There's No Other (Like My Baby)», debuterte på Billboard Hot 100 i november 1961. Songen var opphavleg B-side til «Oh Yeah, Maybe Baby» (med Wright på førstevokal) og var ein popballade skriven av Spector og Leroy Bates med Barbara Alston på vokal. Innspelinga vart gjort seint på kvelden på eit studentball ved Central Commercial High School, skulen som Barbara, Mary og Myrna gjekk på. Dei hadde framleis på seg ballkjolane sine, sidan dei kom rett frå ballet til studioet.[3] Singelen nådde 20. plassen i januar 1962 på den amerikanske hitlista og vart ein god debut både for bandet og selskapet til Spector.[2]

Brill Building-låtskrivarane Barry Mann og Cynthia Weil sin «Uptown» gav jentene den andre radiohitten deira. Songen hadde ein etnisk smak med flamencogitar og kastanjettar. Etter suksessen med «Uptown», vart ei gravid Giraud erstatta av Dolores «LaLa» Brooks.

Det kontroversielle temaet på den neste singelen deira, «He Hit Me (And It Felt Like a Kiss)» i 1962 (skriven av Carole King og Gerry Goffin og sungen av Alston), førte til mindre avspeling på radio og nådde berre 123. plassen på hitlista i USA. Barbara Alston talte sidan nedlatande om songen og sa han var «fullstendig den eine songen ingen av oss likte».[4]

«Det andre» Crystals

Kort tid etter «He Hit Me» mislukkast, byrja Phil Spector å spele inn musikk med songaren Darlene Love og gruppa hennar The Blossoms, men under namnet «The Crystals», som stundom hadde vanskar med å treffe tonane på konsertane sine. I følgje ei soge kunne ikkje dei verkelege Crystals reise frå New York til Los Angeles rask nok for LA-baserte Spector, som raskt ønskte å spele inn Gene Pitney sin «He's a Rebel» før Vikki Carr kunne gje ut hennar versjon på Liberty Records. The Crystals var ikkje tilgjengelege, men Love og The Blossoms var òg i Los Angeles, så Spector spelte inn songen med dei og gav han ut under namnet The Crystals. Det var ikkje første gongen Spector hadde lova The Blossoms ein singel og gjeve han ut under namnet The Cystals.

«He's a Rebel» hadde opphavleg vore tilbode The Shirelles, som takka nei på grunn av tekste. Han markerte eit tematisk skifte for jentegruppene, der songaren elskar ein «slem gut», eit tema som vart mykje sunge om av seinare grupper (til dømes The Shangri-Las sin «Leader of the Pack»).[5]

«He's a Rebel» var den einaste hitten The Crystals fekk på toppen av den amerikanske singellista. Oppfølgjaren deira, «He's Sure the Boy I Love», vart òg spelt inn av Love and The Blossoms. Denne nådde 11. plassen på Billboard-lista og har ein talt intro av Darlene Love.

«Let's Dance The Screw»

Etter suksessen med «He's a Rebel», ønskte Spector lausrive seg frå partnarskapen med Lester Sill. Spector meinte at sidan han var både låtskrivar og produsent, trong han ikkje å dele honorara sine. For å oppfylle kontrakten deira (som bestod av eit vis tal plater der honorara måtte delast), skreiv Spector raskt eit par songar og spelte inn ein song, som på grunn av temaet og lengda, ikkje var forma for å vere særleg innbringande.

Songen, som heitte «Let's Dance the Screw - Part I & (b-side) II», er ein song med ei lengd på over 5 minutt på A-sida av singelen, og derfor rekna som usannsynlig å få spelt på radio. Dei fleste songane var tre minuttar eller mindre. Songen hadde ei enkel instrumentering - berre eit piano (i motsetnad til den kjende Wall of Sound-stilen til Spetor). Advokaten til Spector, Marty Machat, las opp tittelen og teksten til «Let’s Dance The Screw», fleire gonger gjennom songen i ei monoton stemme. B-sida, Part II, var meir av det same, men spelt mykje langsamare og med ei lengd på over åtte minutt.

The Crystals song dei repeterande versa i songen. Det er uklårt om dette var det originale Crystals eller The Blossoms.

Innspelinga vart aldri gjeven ut på singel, og berre nokre få promokopiar finst i dag.

Plata vart visstnok laga som ein spøk på Sill sine vegner, som etter kort tid forlet Philles etter ein versjon av av songen vart send til han tidleg i 1964. , as a single copy was specially delivered to him in early 1963.[6] Both parts av songen have since been released on CD.

Det «verkelege» Crystals kjem attende

Det «verkelege» Crystals fortsette å spele inn musikk under sitt eige namn i 1963. Thomas hadde på dette tidspunktet slutta for å gifte seg, men vart etter kort tid med i The Butterflys, i lag med Myrna Giraud, som òg hadde sunge i The Crystal. Dette reduserte gruppa til ein kvartett. Alston, som var kjend for å vere sjenert og hadde sceneskrekk, var aldri komfortabel med å vere frontkvinne og sa frå eg plassen til Dolores «LaLa» Brooks. I følgje Brooks hadde ho alt songe solo for Alston på konsertane deira ei stund.

Etter «Let's Dance The Screw» var den neste singelen til gruppa «Da Doo Ron Ron». Denne songen nådde høgt på hitlistene både i USA og Storbritannia og vart følgd opp av «Then He Kissed Me», med solovokal av Brooks. LaLa flydde òg til Los Angeles for å syngje på songar for julealbumet A Christmas Gift For You.

I byrjinga av 1964 drog The Crystals til Storbritannia for dei første europeiske konsertane sine. «Then He Kissed Me» nådde andreplassen i Storbritannia og The Crystal deltok på TV-showa «Ready Steady Go» og «Saturday Night At the Palladium».

Krangling og oppløysing

Trass i ei rekkje hitsinglar, auka spaninga mellom Spector og The Crystals. The Crystals var alt misnøgde med å ha blitt erstatta av Love and The Blossoms på to singlar, og The Crystals vart enno meir irritert då Spector byrja å bruke meir tid på den andre jentegruppa si, The Ronettes. Ikkje berre fekk The Ronettes førsteprioritet hos Philles Records, men erstatta faktisk The Crystals på fire albumsppor på samleplata The Crystals Sing the Greatest Hits i 1963. I tillegg var det krangel om honorar, og The Crystals meinte Spector heldt pengar attende som han skulda dei.

To mislukka singlar av Crystals følgde før bandet skifta frå Spector sitt Philles Records til United Artists Records i 1964. «Little Boy», som nådde 92. plassen, hadde ein Wall Of Sound-produksjon med fleire lag av lyd, og gjorde at vokalen var vanskeleg å skilje frå musikken. «All Grown Up», den siste singelen deira for Philles nådde berre 98. plassen.

I 1964 slutta Wright, som vart erstatta av Frances Collins, ein dansar dei hadde møtt på turné. Mot slutten av året slutta òg Alston og gruppa vart ein trio. Som trio spelte dei inn singlar for United Artists, «My Place» og «You Can't Tie a Good Girl Down». Ein singel til vart gjeve ut av Barbara, Dee Dee og Mary på det vesle Michelle Records i 1967 («Ring-a-Ting-a-Ling») og dei vart oppløyst i 1967. Dei kom saman att i 1971 og spelar framleis i dag. Kenniebrew er det einaste originale medlemmet som framleis er aktiv frå 1970-åra til i dag. Dee Dee held fram med The Crystals i lag med Patricia Pritchett-Lewis, som har vore medlem sidan 2005, og Melissa «MelSoulTree» Grant, som har vore med sidan 2002.

Bandmedlemmar

Diskografi

Album

Studioalbum

Samlealbum

  • 1963: The Crystals Sing the Greatest Hits, Volume 1
  • 1992: The Best of the Crystals
  • 2011: Da Doo Ron Ron: The Very Best of the Crystals

Singlar

År Singel (A-Side, B-Side)
Begge sider frå same album, utanom der anna er nemnt
Solovokal Selskap og nummer Listeplassering Album
US UK[7]
1961 «There's No Other (Like My Baby)»
med «Oh Yeah, Maybe Baby»
Barbara Alston Philles 100 20 Twist Uptown
1962 «Uptown»
med «What a Nice Way to Turn Seventeen»
Philles 102 13
«He Hit Me (and It Felt like a Kiss)»
med «No One Ever Tells You» (frå Twist Uptown)
Philles 105 He's A Rebel
«He's a Rebel»
med «I Love You Eddie»
Darlene Love Philles 106 1 19
«He's Sure the Boy I Love»
med «Walkin' Along (La La La)» (Non-album instrumental)
Philles 109 11
1963 «(Let's Dance) The Screw - Part 1»
med «(Let's Dance) The Screw - Part 2»
Group vocals Philles 111 Ikkje albumspor
«Da Doo Ron Ron (When He Walked Me Home)»
med «Git' It» (Non-album instrumental)
Dolores «LaLa» Brooks Philles 112 3 5 The Crystals Sing the Greatest Hits, Volume 1
«Then He Kissed Me»
med «Brother Julius» (Non-album instrumental)
Philles 115 6 2 Today's Hits
(Various Philles artists)
1964 «I Wonder»
med «Little Boy» (UK single)
London 9852 36 Ikkje albumspor
«Little Boy»
med «Harry (from West Virginia) and Milt» (Instrumental)
Philles 119 92
«All Grown Up»
med «Irving (Jaggered Sixteenths)» (Instrumental)
Philles 122 98
1965 «You Can't Tie a Good Girl Down»
med «My Place»
United Artists 927
1966 «I Got a Man»
med «Are You Trying to Get Rid of Me»
United Artists 994
1967 «Ring-A-Ting-A-Ling»
med «Should I Keep On Waiting»
Michelle 4113

Kjelder

  1. «The RS 500 Greatest Songs of All Time». RollingStone.com. Henta 21. februar 2018. 
  2. 2,0 2,1 Strong, Martin C. (2000). The Great Rock Discography (5th utg.). Edinburgh: Mojo Books. s. 233. ISBN 1-84195-017-3. 
  3. Warner, Jay. American Singing Groups: A History from 1940 to Today Milwaukee: Hal Leonard Corporation, 2006; p. 351
  4. «The Crystals - He Hit Me (And It Felt Like A Kiss)». Club Soda Records. 6. august 2011. Arkivert frå originalen 24. februar 2018. Henta 21. februar 2018. 
  5. Peter Buckley and Jonathan Buckley, The Rough Guide to Rock (London: Rough Guides, 2003), 427.
  6. «Phil Spector and The Screw». snopes.com. Henta 21. februar 2018. 
  7. Roberts, David (2006). British Hit Singles & Albums (19th utg.). London: Guinness World Records Limited. s. 469. ISBN 1-904994-10-5. 

Bakgrunnsstoff

Read other articles:

Perkembangan Budaya Amerika Serikat — sejarah, hari-hari libur, olahraga, agama, kuliner, musik, tari, dan seni rupa — banyak dipengaruhi oleh budaya eropa, khususnya inggris, serta budaya indian sebagai masyarakat asli. Negara Amerika Serikat pada awal-awal berdirinya memberlakukan kebijakan buka pintu bagi para imigran yang datang dari seluruh dunia. Para imigran yang datang ke Amerika, dan kemudian memilih untuk menetap dan menjadi warga Amerika, oleh pemerintah diminta untuk tidak men...

 

This article uses bare URLs, which are uninformative and vulnerable to link rot. Please consider converting them to full citations to ensure the article remains verifiable and maintains a consistent citation style. Several templates and tools are available to assist in formatting, such as reFill (documentation) and Citation bot (documentation). (August 2022) (Learn how and when to remove this template message) 1997 video gameJumpStart Adventures 5th Grade: Jo Hammet, Kid DetectiveThe city of ...

 

Kamen Rider GhostGenreTokusatsuPembuatShotaro IshinomoriDitulis olehTakuro FukudaSutradaraSatoshi MorotaPemeranShun NishimeHikaru OhsawaTakayuki YanagiRyosuke YamamotoHayato IsomuraAkihiro MayamaMio KudoLagu pembukaWarera Omou, Yue Ri Warera Ari! oleh KishidanPenata musikGo SakabeNegara asalJepangBahasa asliJepangJmlh. episode50ProduksiProduserMotoi Sasaki (TV Asahi)Kazuhiro Takahashi (Toei)Fumio Odaka (Toei)Kenta Andō (Toei)Durasi24-25 menit (per episode)Rumah produksiToeiDistributorT...

Botanical garden in California This article or section may have been copied and pasted from another location, possibly in violation of Wikipedia's copyright policy. Please review the source and remedy this by editing this article to remove any non-free copyrighted content and attributing free content correctly, or flagging the content for deletion. Please be sure that the supposed source of the copyright violation is not itself a Wikipedia mirror. (March 2021) This article needs additional ci...

 

قبل القرن السادس عشر فتاة تقرأ إلى مريضة في فترة النقاهة بينما تجلب الممرضة لها الدواء. 1-500 م (تقريبا) - اهتمت الرعاية التمريضية بالاحتياجات الملحة للأشخاص والأسر. المنظمات الدينية هي من كانت تقدم الرعاية. [1] 55 م - كانت فيبي الممرضة المسيحية الأولى للتاريخ التمريضي والشم�...

 

22-storey residential complex in Liverpool, England 1 Princes DockGeneral informationTypeResidentialLocationPrince's Dock, Liverpool, England, United KingdomConstruction started2004Completed2006HeightRoof73 metres (240 ft)Technical detailsFloor count22Design and constructionArchitect(s)AFL Architects 1 Princes Dock (also known as Liverpool City Lofts) is a 22-storey residential complex located alongside Prince's Dock, in Liverpool, England. It was completed in 2006 and at 73 metres (240&...

Vizier of the Abbasid CaliphوزيرResidence Madīnat as-Salām (Baghdad) Raqqa Samarra Baghdad AppointerAbbasid CaliphsTerm lengthad hocFormationc. 780First holderYa'qubFinal holderIbn al-AlkamiAbolished20 February 1258 The vizier (Arabic: وزير, romanized: wazīr) was the senior minister of the Abbasid Caliphate, and set a model that was widely emulated in the Muslim world. Many viziers came to enjoy considerable power, even at times eclipsing the Abbasid caliphs and using th...

 

سيف أحمد الغرير معلومات شخصية الميلاد سنة 1924  ديرة  الوفاة 27 أغسطس 2019 (94–95 سنة)[1]  دبي  الإقامة دبي  مواطنة الإمارات العربية المتحدة  عدد الأولاد 6   إخوة وأخوات عبد الله الغرير  أقرباء عبد العزيز الغرير (أبناء الإخوة)  الحياة العملية المهنة رائد �...

 

Tamil Treebrown Female (Peravoor) Klasifikasi ilmiah Kerajaan: Animalia Filum: Arthropoda Kelas: Insecta Ordo: Lepidoptera Famili: Nymphalidae Genus: Lethe Spesies: L. drypetis Nama binomial Lethe drypetis(Hewitson, 1863) Tamil Treebrown (Lethe drypetis) adalah spesies dari kupu-kupu Satyrinae yang ditemukan di India dan Sri Lanka. Deskripsi Betina (kiri) dan jantan (kanan) beserta corak atas dan bawah sayap Bagian atas sayap pejantan berwarna cokelat gelap, sedangkan sayap bagian depan ...

Untuk sudut pandang Vietnam, lihat Trung bersaudari. Pemberontakan Trung bersaudariPatung Ma Yuan di Fuboshan, GuilinTanggal40–43 M (pemberontakan) 42–43 M (intervensi Han)LokasiVietnam UtaraHasil Kemenangan mutlak HanPihak terlibat Han China YueTokoh dan pemimpin Ma Yuan Trung Trac Trung NhiKekuatan 10,000 pasukan – lbsPerluasan wilayah Dinasti Han ke Kawasan Selatan Kampanye Han melawan Minyue Penaklukan Nanyue oleh Han Pemberontakan Trung bersaudari Kampanye Han melawan Dian SejarahV...

 

2012 Indian filmMaasiDirected byG. KichaWritten byG. KichaProduced byKovai ManiStarringArjun SarjaArchana GuptaCinematographyBoopathyEdited bySaleemMusic byDhinaProductioncompanyAnbulaxmi FilmsRelease date 16 March 2012 (2012-03-16) CountryIndiaLanguageTamil Maasi is a 2012 Tamil-language action film written and directed by G. Kicha and produced by Kovai Mani. This film stars Arjun Sarja and Archana Gupta in the lead roles, while Dheena composed the music. The film released aft...

 

Ethnic group of Suriname Afro-SurinameseRegions with significant populationsSuriname (Paramaribo · Coronie · Brokopondo · Marowijne · Para)NetherlandsLanguagesDutch, Sranan Tongo, Maroon languagesReligionChristianity, Winti Afro-Surinamese are the inhabitants of Suriname of Sub-Saharan African ancestry. They are descended from enslaved Africans brought to work on sugar plantations. Many of them escaped the plantations and formed independ...

Untuk novel Indonesia, lihat Ca-Bau-Kan: Hanya Sebuah Dosa. Ca-bau-kanPoster film Ca-bau-kanSutradara Nia Dinata Produser Nia Dinata Ditulis oleh Nia Dinata Puguh P. S. Admaja SkenarioNia DinataPuguh P. S. AdmajaBerdasarkanNovel:Remy SyladoPemeranFerry SalimLola AmariaNiniek L. KarimIrgi Ahmad FahreziAlex KomangRobby TumewuTutie KiranaHenky SolaimanAlvin AdamMaria OentoePenata musikAndi RiantoSekar Ayu AsmaraSinematograferGerman G. MintapradjaPenyuntingSastha SunuDistributorKalyana Shir...

 

The Donlands Cinema, in Toronto, has been repurposed as a sound studio. Donlands Theatre, 1948 The Donlands Theatre is located at 387 Donlands Avenue near Plains Road in Toronto, Ontario, Canada.[1][2] It operated as a movie theatre in the Bloom and Fine chain, until 1969.[3] In the 1970s, it reopened, showing Bollywood films. It seated 838 patrons[4] and is now a recording studio.[5] The Biographical Dictionary of Canadian Architects asserts it was des...

 

2004 studio album by FinntrollNattföddStudio album by FinntrollReleased19 April 2004RecordedOctober 24 – November 14, 2003GenreFolk metal[1]Length36:30LabelSpinefarmProducerHenri Sorvali, Sami UusitaloFinntroll chronology Trollhammaren(2004) Nattfödd(2004) Ur jordens djup(2007) Professional ratingsReview scoresSourceRatingAllmusic[2]Metal Storm[3] Nattfödd (English: Nightborn) is the third studio album by the Finnish folk metal band Finntroll. It was relea...

American politician Doyle Conner19827th Agriculture Commissioner of FloridaIn officeJanuary 3, 1961 – January 1991Governor See list C. Farris Bryant (1961–1965)W. Haydon Burns (1965–1967)Claude R. Kirk, Jr. (1967–1971)Reubin Askew (1971–1979)Bob Graham (1979–1987)Wayne Mixson (1987)Bob Martinez (1987–1991) Preceded byLee ThompsonSucceeded byBob CrawfordSpeaker of the Florida House of RepresentativesIn officeJanuary 3, 1957 – January 3, 1959Preceded byThomas E...

 

Questa voce o sezione sull'argomento sovrani non cita le fonti necessarie o quelle presenti sono insufficienti. Puoi migliorare questa voce aggiungendo citazioni da fonti attendibili secondo le linee guida sull'uso delle fonti. Segui i suggerimenti del progetto di riferimento. Elisabetta di SlavoniaImperatrice consorte di CostantinopoliStemma In carica20 ottobre 1370 –25 novembre 1373 Nome completoAnjou Erzsébet Nascita1352 Morte6 aprile 1380 Luogo di sepolturaCattedrale di...

 

For other uses, see Kaza (disambiguation). Village in Andhra Pradesh, IndiaKazaVillageKazaLocation in Andhra Pradesh, IndiaShow map of Andhra PradeshKazaKaza (India)Show map of IndiaCoordinates: 16°12′N 81°01′E / 16.20°N 81.01°E / 16.20; 81.01CountryIndiaStateAndhra PradeshDistrictKrishnaArea[1] • Total24.84 km2 (9.59 sq mi)Population (2011)[2] • Total7,687 • Density310/km2 (800/sq mi)...

2008 murder in Mesa, Arizona Murder of Travis AlexanderVictim Travis AlexanderLocationMesa, Arizona, U.S.DateJune 4, 2008; 15 years ago (2008-06-04)Attack typeMurder by stabbing, slashing, shootingWeaponsKnife, gunVictimTravis Victor Alexander, aged 30PerpetratorJodi Ann AriasVerdictGuiltyConvictionsFirst-degree murderSentenceLife imprisonment without the possibility of parole Travis Victor Alexander (July 28, 1977 – June 4, 2008) was an American salesman who was murdered ...

 

Susanna HallBiografiKelahiran26 Mei 1583 Stratford-upon-Avon Kematian11 Juli 1649 (66 tahun)Tempat pemakamanWarwickshire KegiatanPekerjaanDokter, penyair dan penulis KeluargaPasangan nikahJohn Hall (en) (1607–1635) AnakElizabeth Bernard (en) Orang tuaWilliam Shakespeare , Anne Hathaway (istri Shakespeare) SaudaraHamnet Shakespeare dan Judith Quiney Tanda tangan Susanna Hall (nama gadis Shakespeare; dibaptis 26 Mei 1583 – 11 Juli 1649) adalah anak tertua William Shakespeare dan An...

 
Kembali kehalaman sebelumnya