Ach! ich sehe, itzt, da ich zur Hochzeit gehe, BWV 162, er ein kyrkjeleg kantate komponert av Johann Sebastian Bach.
Han vart komponert i Weimar i 1715 for den 20. sundagen etter treeiningssundag. Stykket vart framført på nytt 10. oktober 1723 i Leipzig.
Teksten er henta frå Salomo Franck (sats 1-5) og Johann Rosenmüller (sjette sats).
Koraltemaet er basert på salmen «Jesu, der du meine Seele». Melodien er av Johann Rist (1641).
Instrumentering og struktur
Stykket er instrumentert for zinke da tirassi, to fiolinar, bratsj, fagott og basso continuo, samt fire songsolistar (sopran, alt, tenor, bass) og firedelt kor.
Det består av seks satsar:
- «Ach! ich sehe, itzt da ich zur Hochzeit gehe», Arie for bass
- «O großes Hochzeitsfest», Resitativ for tenor
- «Jesu, Brunnquell aller Gnaden», Arie for sopran
- «Mein Jesu, laß mich nicht», Resitativ for alt
- «In meinem Gott bin ich erfreut», Duett for alt & tenor
- «Ach, ich habe schon erblicket», Koral
Kjelder
Bakgrunnsstoff