Sehet! wir gehn hinauf gen Jerusalem , BWV 159, er ein kyrkjeleg kantate komponert av Johann Sebastian Bach .
Han vart komponert i Leipzig i 1729 for fastelavnssøndag .
Teksten er henta frå Evangeliet etter Lukas 18: 31 (første sats), Paul Gerhardt (andre sats), Paul Stockmann (femte sats) og Christian Friedrich Henrici (Picander) (sats 1, 3, 4)
Koraltemaet er basert på salmen «Befiehl du deine Wege». Denne melodien vart opphavleg komponert av Hans Leo Hassler som den verdslege kjærleikssongen «Mein G’müt ist mir verwirret von einer Jungfrau zart» som vart trykt i 1601.
Instrumentering og struktur
Stykket er instrumentert for obo , to fiolinar , bratsj og basso continuo (+ fagott ), samt tre songsolistar (alt , tenor , bass ) og firedelt kor .
Det består av 5 satsar:
«Sehet, wir gehn hinauf gen Jerusalem», Arioso for bass - «Komm, schaue doch mein Sinn», Resitativ for alt
«Ich folge dir nach», Arie for alt - «Ich will hier bei dir stehen», Koral
«Nun will ich mich, mein Jesu», Resitativ for tenor
«Es ist vollbracht, das Leid ist alle», Arie for bass
«Jesu, deine Passion ist mir lauter Freude», Koral
Kjelder
Bakgrunnsstoff