Jeremy Andrew «Andy» Johns (20. mai 1950–7. april 2013) var ein britisk lydteknikar og plateprodusent. Han arbeidde på kjende rockealbum som Led Zeppelin sitt IV og The Rolling Stones sitt Exile on Main Street.[1][2] Lyden han produserte kan ein høyre på Free-albumet Highway, der han både var lydteknikar og produsent.[3][4][5]
Biografi
Johns, var den yngre broren til lydteknikaren i Olympic Studios, Glyn Johns, og voks opp i Gloucester i England. Før han var 19 år gammal arbeidde han som lydteknikar for Eddie Kramer på innspelingar av Jimi Hendrix og mange andre. I ein karriere som varte meir enn førti år har han vore lydteknikar og produsent for artistar frå Led Zeppelin og The Rolling Stones tilVan Halen ogRod Stewart, og albuma han medverka på har seld i alt meir enn 160 millionar eksemplar.[6]
Johns var far til den tidlegare trommeslagaren i Hurt, Evan Johns og songaren og gitaristen Will Johns, i tillegg til onkel til produsenten Ethan Johns (sonen til Glyn Johns).
Johns døydde 7. april 2013 etter eit kort sjukeopphald på eit sjukehus i Los Angeles, der han vart behandla for magesår.[7]
Diskografi
Album produsent
Lydteknikar
Kjelder
Bakgrunnsstoff