Share to: share facebook share twitter share wa share telegram print page

Chalk Mark in a Rain Storm

Chalk Mark in a Rain Storm
Studioalbum av Joni Mitchell
Utgjeve 23. mars 1988
Innspelt 1986–1987 at Ashcombe House, Somerset; The Wool Hall, Bath; Artisan Sound Recorders, Hollywood; A&M Studios, Hollywood; Village Recorders, Los Angeles; Ocean Way Recording, Los Angeles; Galaxy Studios, Los Angeles; Ground Control Studios, Los Angeles; Soundcastle, Hollywood
Sjanger
Lengd 46:25
Selskap Geffen
Produsent Joni Mitchell, Larry Klein
Joni Mitchell-kronologi 
Dog Eat Dog
(1985)
Chalk Mark in a Rain Storm Night Ride Home
(1991)


Chalk Mark in a Rain Storm er det 13. studioalbumet til den kanadiske songaren Joni Mitchell, gjeve ut i 1988. Det var det tredje albumet hennar for Geffen Records. På albumet finst fleire duettar med gjesteartistar som Peter Gabriel på «My Secret Place», Willie Nelson på «Cool Water», Don Henley på «Snakes and Ladders», Billy Idol og Tom Petty på «Dancin' Clown». Henley syng òg korvokal på «Lakota» og Wendy and Lisa syng korvokal på «The Tea Leaf Prophecy (Lay Down Your Arms)».  

Historie

  Tidleg i 1986 vitja Mitchell og Larry Klein platestudioet til Peter Gabriel, Ashcombe House i Bath i England. Sidan Gabriel då neste var ferdig med albumet sitt So, tilbaud han seg Mitchell og Klei til å låne studioet hans om dei ønskte å spele inn noko. Dette gjorde dei og resultatet vart songen «My Secret Place» som vart ein duett mellom Mitchell og Gabriel. Mitchell fortalte magasinet Musician om songen: «Det er ein song om starten på eit kjærleiksforhold. Songen handlar om initmgrenser. Det er ei delt sak som eg ønskte at det skulle vere som Salomos høgsong, der ein ikkje kan sei kva kjønn det er. Det er den samlande anda til to menneske i starten på eit forhold».   I februar 1987 såg Mitchell Billy Idol spele songen «To Be A Lover» på eit Grammyprisutdelingsshow. Ho følte han fanga den originale rock'n'roll-anda i lag med ein ny energi, og ville vere perfekt for ein duett på songen hennar «Dancin' Clown». Idol vitja Mitchell i studioet hennar nokre dagar etter utdelinga og spelte inn sin del. Seinare kom Tom Petty og spelte inn sin del av songen.   Chalk Mark in a Rain Storm kom ut i mars 1988 og songen «Snakes and Ladders» (med Don Henley) vart gjeven til radiostasjonar i januar same år.  

Utgjeving

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic3/5 stars[1]
Rolling Stone3/5 stars[2]
Robert ChristgauC[3]
Hi-Fi News & Record ReviewA*:1[4]
Encyclopedia of Popular Music3/5 stars[5]

Den første offisielle singelen frå albumet var «My Secret Place». Han kom ut i mars 1988 og låg nokre veker like under Topp 100 i USA. Videoen var ein svartkvitfilm med Mitchell og Gabriel, som vart spelt ein del på VH-1, der han hadde premiere i mai 1988.   Kritikarane var stort sett positive til albumet og sidan det var så pass mange kjende artistar med, fekk albumet ein del omtale i media. Albumet gjorde det betre enn det føregåande Dog Eat Dog frå 1985, og nådde 45. plass på Billboardlista i USA.   Mitchell la ut på ein turne i Storbritannia i mai og spelte på musikkshowet WiredChannel 4. Ho vitja òg Australia og spelte på fleire fjernsynsprogram der.   Chalk Mark in a Rainstorm vart nominert til ein Grammypris for beste kvinnelege popvokal, men tapte for Tracy Chapman sin «Fast Car».  

Innhald

Alle songar er skrivne av Joni Mitchell, utanom der andre er nemnde.

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«My Secret Place» 5:01
2.«Number One» 3:46
3.«Lakota»Joni Mitchell, Larry Klein6:25
4.«The Tea Leaf Prophecy (Lay Down Your Arms)»Joni Mitchell, Larry Klein4:49
5.«Dancin' Clown» 4:09
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Cool Water»Joni Mitchell, Bob Nolan5:25
2.«The Beat of Black Wings» 5:19
3.«Snakes and Ladders»Joni Mitchell, Larry Klein5:37
4.«The Reoccurring Dream»Joni Mitchell, Larry Klein3:02
5.«A Bird That Whistles (Corrina, Corrina)»Traditional2:38

 

Medverkande

 

Kjelder

  1. Ruhlmann, William. Chalk Mark in a Rain StormAllmusic. Henta 13. juli 2021.
  2. Rolling Stone 21. april 1988, arkivert frå originalen 24. september 2015, henta 13. juli 2021 
  3. Christgau, Robert. Joni Mitchell. Henta 13. juli 2021.
  4. Hi-Fi News & Record Review, June 1988
  5. Larkin, Colin (2007). Encyclopedia of Popular Music (4th utg.). Oxford University Press. ISBN 978-0195313734. 

 

Kembali kehalaman sebelumnya