Bindal kommune ligg omkring Bindalsfjorden og den ytre delen av Tosenfjorden. Kommunen fekk sine noverande grenser i 1964, då Tosen–Lande-området vart overført til Brønnøy kommune.
Geografi
Folketalet har gått svakt nedover etter den andre verdskrigen. Størstedelen av folkesetnaden bur i den søraustlege delen av Bindal, om lag 550 i tettstaden og kommunesenteret Terråk, som ligg inst i Bindalsfjorden, og om lag 800 på Bindalshalvøya, der særleg det låge Bindalseidet, som går tvers over halvøya, er tett busett. Elles er det mindre bygdesamfunn i dalføret ved Åbygda søraust for Terråk, på øya Austra og dessutan spreidde husklynger på nordaustsida av Bindalsfjorden.
Det høgste fjellet i Bindal er Kjelviktinden (1088 moh.) på grensa mot Brønnøy. Heilhornet (1058 moh.) med sin særprega form ligg på Bindalshalvøya, og det heiter seg at frå toppen kan ein sjå sju kyrkjer. Fjordar og sund stykkar opp kommunen, og Bindalsfjorden og Tosenfjorden deler Bindal i to delar. I vest høyrer den nordaustlege delen av halvøya Austra og ei rekke ikkje busette øyar og skjer med til kommunen.
Fleire av elvane i Bindal er lakseførande, først og fremst Åbjøra. Votnmyra ved grensa i nord mot Brønnøy er verna. I Blindkjølen naturreservat er barskogen verna og det er verneverdig lauvskogsområde ved Reppen. Fleire stader i kommunen finst det jettegryter, mellom anna på Stavøya i Bindalsfjorden.
Samferdsel
Fylkesveg 17 går gjennom Bindal langs vestsida av Bindalshalvøya, og er forbunde i nord med ferje frå Holm til Vennesund i Sømna. Frå Årsandøy går fylkesveg 801 til Terråk og det er veg vidare til Åbygda. Frå Kjelleidet tar fylkesveg 802 av mot Austra. Hurtigbåtrute gir Terråk og Bindalseidet samband med fleire av bygdene rundt Bindalsfjorden.
Historikk
Bindal høyrte opphavleg til Namdalen og Trøndelag. I 1658 vart Trondheim len avstått til Sverige, og ein endra då lensgrensa slik at den nordlege delen av Bindal kunne bergast for Danmark-Noreg. Sjølv om Trondheims len vart gitt tilbake til Danmark-Noreg allereie i 1660, vart den nye lensgrensa ståande.
Ved opprettinga av kommunane den 1. januar 1838 måtte Bindal prestegjeld delast i to kommunar (Nordbindalen og Sørbindalen), sidan dei to delane låg i kvart sitt amt. Dette var likevel ei dårleg løysning, og i 1852 vart amtsgrensa flytta sørover slik at heile Bindal prestegjeld vart liggande i Nordland amt. Dei to kommunane vart deretter slått saman til éin.
I seinare tid har krinsen Lande-Tosbotn vorte ført over frå Bindal til Brønnøy kommune den 1. januar 1964.
Kommunevåpenet
Kommunevåpenet vart godkjent i 1990 og har seks gullnaglar samla i rosett mot ein blå bakgrunn. Det er eit gammalt heraldisk motiv som for kommunen symboliserer båtsaum og båtbyggartradisjonar. Talet seks skal referere til talet på skulekrinsar.
Denne artikkelen treng fleire referansar for verifikasjon.
Du kan forbetra denne artikkelen ved å leggja inn referansar til pålitelege kjelder. Kven som helst kan fjerna kjeldelaust materiale utan forvarsel, men den føretrekte tilnærminga er i første omgang å markera dei setningene/påstandene som treng kjeldebelegg ved å tilføya {{tr}} etter påstanden. Malen blei sett inn 2024