Landemerket «Porten til Nord-Norge» ligg sør for Majavatn ved fylkesgrensa.[2]
Geografi
Store delar av kommunen består av skog - og fjellområde. Bjortjønnlimyrene naturreservat og delar av Børgefjell nasjonalpark ligg i kommunen. Ved Trofors møtest elvane Austervefsna og Svenningdalselva og dannar vassdraget Vefsna. Saman med Hattfjelldal er Grane den eine av to kommunar i Nordland utan kyststripe.
Den største turistattraksjonen i Grane er Laksforsen i Vefsna. Fossen ligg om lag 20 km nord for Trofors.
Grane var opphavleg ein del av Vefsn, men blei skilt ut som eigen kommune i 1927. Under 2. verdskrig blei fleire personar skote i samband med Majavatn-affæren.
Tusenårsstad
Tusenårsstaden til kommunen er Grane bygdetun ligg på Gammelsagmaro like aust for Trofors sentrum. Bygdetunet er bygt opp av ei rekke verneverdige bygningar som er henta frå ulike delar av kommunen og gjenreist på bygdetunet. Bygdetunet blei offisielt opna i 1998 og har ein sentral plass i gjennomføringa av Granedagene, som blir arrangert i midten av juni kvart år.
Frå Grane bygdetun er det opparbeidd tursti til fangstanlegget på Tromoan, der det er ei rekke fangstgroper frå yngre jarnalder.