Kommunevåpenet, som blei godkjend i 1990, viser eit hjul i sølv mot raud bakgrunn. Dette viser til Evenes som kommunikasjonssenter.[2]
Næringsliv og transport
Industrien i kommunen er «beskjeden», ifølgje Store Norske Leksikon.[2]
Han ligg først og fremst i Bogen, med metallvareindustri som den viktigste bransjen. Servicenæringane har fått eit oppsving etter at lufthamna i byen opna i 1973, og då Forsvaret etablerte ein militær flystasjon her. I 2014 omfatta transportsektoren 24 prosent av arbeidsplassane i kommunen, og Evenes hadde den klart største delen i denne næringen blant kommunane i Nordland.[2]