- For fjorden kommunen er kalla opp etter, sjå Gratangsfjorden
68°41′20″N 17°33′00″E / 68.68889°N 17.55000°E / 68.68889; 17.55000
Gratangen kommune (nordsamisk Rivttáid suohkan) er ein fjordkommune i Troms fylke. Han ligg sør i fylket, og grensar til Narvik kommune i Nordland i sør, i nord og aust mot Lavangen, og i vest mot Skånland i nye Tjeldsund kommune. Over Astafjorden i nordvest ligg Ibestad kommune. Kommunen ligg rund fjorden Gratangen, som han har fått namnet etter.
Historie
Gratangen kommune vart oppretta i 1926, då han vart skild ut frå Ibestad kommune. Sidan då er kommunegrensene ikkje endra.[1]
Den 25. april 1940 vart 34 soldatar i Trønderbataljonen drepne her i kamp med tyske soldatar.[2]
Folketalsutvikling
Folketalsutvikling for Gratangen kommune frå 1930:
1.12.1930[3]
|
3.12.1946[3]
|
1.1.1951[4]
|
1.1.1961[4]
|
1.1.1971[4]
|
1.1.1981[4]
|
1.1.1991[4]
|
1.1.2001[4]
|
1.1.2010[4]
|
1967
|
2281
|
2200
|
2103
|
1878
|
1695
|
1470
|
1307
|
1150
|
Sjå òg
Fotnotar
- ↑ Dag Juvkam, Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen (SSB, 1999)
- ↑ Stranden, Ingrid Lindgaard (8. mai 2020), «101 år gammel – og minnes krigen som om den var i går», NRK (på norsk bokmål), henta 9. mai 2020
- ↑ 3,0 3,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
- ↑ 4,0 4,1 4,2 4,3 4,4 4,5 4,6 Folkemengd i Gratangen 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå
Bakgrunnsstoff