Namnet Kvænangen kjem av «kvæner» ('kvener') som er norsk for «finsktalande folk», og angr som er norrønt for «fjord».
Næringsverksemda i Kvænangen har lenge vore basert på primærnæringanejordbruk, skogbruk og fiske, men dei fleste sysselsette i kommunen arbeider no innan tenesteytande næring. Nye næringar som har hatt vekst i kommunen er fiskeoppdrett og turisme.
Kvænangen kommune vart oppretta i 1863, då han vart skilt ut frå Skjervøy kommune. Folketalet var då 2785. I 1965 vart Meilandsområdet på fastlandssida av Haukøysundet, med 12 innbyggjarar, overført frå Skjervøy til Kvænangen, og i 1972 gjekk eit ubygd område same vegen.
Folketalsutvikling
Folketalsutvikling for Kvænangen kommune frå 1875:
aTalet omfattar ikkje Meilandsområdet, som var del av Skjervøy kommune fram til 1965, då det vart overført til Kvænangen kommune. Dette området hadde då 12 innbyggjarar.