Tranøy kommune hadd sine siste grenser frå 1964, då den ytste delen av Senja, Lemmingvær og sørsida av Selfjorden vart overført frå høvesvis Bjarkøy og Torsken, medan områda på fastlandet på sørsida av Solbergfjorden vart overført til Dyrøy og Stormoenområdet sør for kaperelva på Senja til Lenvik.
Administrasjonssenteret i kommunen låg i Vangsvik, ved Solbergfjorden, medan helse- og sosialadministrasjon hadde sete i Stonglandseidet. Kommunen hadde ingen tettstader.
Næringsliv
Dei viktigaste jordareala i det tidlegare kommuneområdetligg på kambrosilurmark. Dei kalkhaldige bergartane gjev god dyrkingsjord, og jordbruket speler ei viktig rolle i næringslivet i tidlegare Tranøy kommune. Det meste av jordbruksarealet blir brukt til grasproduksjon, i tillegg til dyrking av nokre fôrvekster og poteter. På myrområda i dei austlege delane av kommunen har det vore drive ei betydeleg nydyrking etter 1945. Jordbruk blir i stor grad drive som kombinasjonsnæring, særleg saman med fiske. Avverkinga i skogane er låg.
Fiske var den viktigaste næringsvegen i kommunen, særleg i dei ytste delane som ligg nær opp til dei store fiskefelta i Vesterålen og Sør-Troms. Berre ein mindre del av fangstane blei bringa i land i kommunen. Av dei yrkesaktive hadde i 2001 39 % arbeid utanfor kommunen, 25 % i Lenvik og 5 % i Tromsø.[1]
Geografi
Landskapet i Tranøy kommune er prega av relativt høge fjell i grunnfjellsområdet (Svanfjellet 898 moh. på grensa til Berg og Torsken), og eit flatare landskap i dei austlege delane, myrlendt med bjørkeskog. I Tranøy ligg Ånderdalen nasjonalpark, som er 68 km² stor med svært variert natur, mellom anna urskog og kjempefuruer.
Kommunen har hatt forholdsvis stor utflytting sidan andre verdskrig, med eit minkande folketal som resultat.[1]