Kommunen har den einaste kommunale sameskolen i Troms.
Historie
Lavangen kommune vart oppretta 1. januar 1907, då han vart skild ut frå Ibestad kommune. 1. januar 1964 vart kommunen innlemma i Salangen kommune, men 1. januar 1977 vart kommunen skild ut att som eigen kommune. Området Lavangsnes, som tidlegare hadde vore del av Lavangen kommune, vart då verande i Salangen kommune.
I 1999 blei Lavangen kåra til landet sitt femte beste kommune å bu i av Norsk Familieøkonomi.
Folketalsutvikling
Frå Lavangen vart gjenoppretta som eigen kommune i 1977 og fram til 2002, var han den nest minste kommunen i Troms etter folketal, berre større enn Bjarkøy kommune. I 2002 vart også Berg kommune mindre enn Lavangen, fordi nedgangen i folketal gjekk raskare der.
aTalet omfattar Lavangsnes, som var del av Lavangen kommune fram til kommunesamanslåinga i 1964, men vart igjen i Salangen kommune då Lavangen vart skild ut att som eigen kommune i 1977.